lørdag 26. mars 2011

San Francisco i bilete. Dag 2

Søndagen i San Francisco starta med frokost og telefon heim for å sjekke ståa der. Når mat var inntatt og me var oppdatert på vèr og andre viktige forhold heime, satte me oss på ein trikk i retning Haight-Ashbury. 

"Snø og sludd seie du? Jaha.. Joda, takk berre bra. Sol og vår her ja. Jada så.."

Haight-Ashbury er eit området rett aust for Golden Gate Park, der hippiane haldt til i si tid. Eller, det vil seie: nokre av hippiane gjekk fortsatt gatelangs, og ut frå den hjertlege synginga og det store smilet, trur eg dei fortsatt lev på midten av 60-talet på sin eigen måte.

Her er det mange rare souvenirbutikkar, antikkvitetbutikkar og originale folk å sjå på. Først gjekk me av trikken litt for tidleg, men sidan San Francisco viste seg å vere full av eksepsjonelt hyggelege og hjelpsame folk, fann me fram til slutt.


Haight-Ashbury



Tida gjekk fort der me traska i gatene og kikka i butikkane. Etter ei stund fant me oss litt mat, og tok turen ned til Fishermans Wharf att. No var det båttur som stod på programmet. Der fekk me både sjå byen på avstand, Golden Gate Brigde på nært hald og Alcatraz frå alle sider.


Pappa dokumenterer

Mamma <3








Pappa <3

<3

Alcatraz

Etter båtturen rusla me oss via litt butikkar og mat og i retning hotellet, og så var faktisk dagen over. Dagane går fort i godt selskap!


Ups..!

5 kommentarer:

  1. Kjekt å sjå dette Brit! Det er som å oppleva turen på nytt igjen. Gleder meg til framhaldet. Og til alle dåke andre: Dåke må unna dåke ein tur til junaiten,- det gav neirsmak

    Helsing pappa

    SvarSlett
  2. Brit, æ syns du e skikkelig flenk te å utnøtt Kameraten altså! Verkelig!

    SvarSlett
  3. San Francisco ser fantastisk ut! Og så kjekt for deg at du får så masse besøk, - da gir nok mange verdifulle minner <3
    No gleder eg meg enda meir til å besøka S.F i sommar :) :)

    SvarSlett
  4. Så kjekt pappa, eg koser meg sånn når eg ser gjennom bileta. Jammen opplevde me mykje gøy!:)
    Snart er det dåkas tur Åslaug:D

    Takk Ima, det var kjekt å høyre! eg blir meir og meir kjent med han, og han er ganske artig å vere med:)

    Så gøy at du skal dit i sommar, fantastisk by! Om du treng tips så hjelper eg gjerne:) Du kan få eit kart av meg der eg ein lokal merka av "to do"'s for oss:) Ja, det er så kjekt med besøk, føler meg priviligert!

    SvarSlett