søndag 31. oktober 2010

DEN OH STORE BURSDAGSMÅNADEN

(dette innlegget vart skrive 30/10, men posta i dag 31/10 pga tekniske problem som vart ei så stor belastning på tålmodet mitt at eg prioriterte bursdags -og halloweenfeiring i stadenfor å få fiksa det. I dag er ein ny dag med ny dose tålmod, så here you go:)

Oktober er ein einaste stor bursdagsmånad i familien min, og sidan det innbefattar så mange bra folk, fortjener det eit eige blogginnlegg dedikert til dei!

Først byrja det med mi kjære, kjære tante Ida i Stavanger, som hadde bursdag 8. oktober. Ho er den einaste tanta eg har på den sida av slekta, og kanskje akkurat difor har ho alltid vore ein viktig del av livet vårt. Tante Ida er ei av dei tøffaste damene eg veit om, og sidan ho er så positiv og inkluderande som ho er, har ho alltid vore "tante Ida" for alle vennene våre også. Det er verken skikkelig jul, skikkelig påske eller skikkelig sommar før tante og hennar to søte små kjem heim til Stord.


Tante Ida <3

Tante Ida slappar av på stupebrettet
etter ein lang arbeidsdag på hytta...


Ein av mine andre favorittanter (eg har fire sådan...) har også bursdag i oktober: Gratulerar så mykje med dagen din i morgon Tante Turid! Tante Turid bur i Danmark, men geografisk avstand hindrar ikkje familien Dahl på nokon måte. Me er alltid like velkommen til Tante i Danmark, og ho får oss til å føle oss som heime. Tante Turid er ei dame med eit eventyrlig humør, som eg alltid gledar meg til å sjå igjen!

Farmor, Tante Turid og Marta <3


Ei anna solstråle av ein danske som må nevnast er søskenbarn Bente som hadde bursdag 10. oktober. Gratulera med overstått! Ho er det midterste av mine tre "danske" søskenbarn, som eg synest bur alt for langt borte. Eg er så heldig at eg har sju søskenbarn på pappa si side og to på mamma si side, og alle er uforskamma bra folk! FOR nokre gener;) Bente, eg håpar me sjåast snart igjen, for du er sakna!


Bente <3


Den 14. oktober hadde mi kjære, kjære Astrid Maya bursdag. Ho er også eit søskenbarn, men i praksis er ho meir som ei syster. Me har vakse opp saman, og sidan det berre er vèl eit halvår mellom oss, har me kanskje kokt litt ekstra godt ilag. No når eg er i California er det tungt for meg å ikkje kunne snakke like ofte med Astrid i telefonen, men det betyr ikkje at eg ikkje tenkjer like mykje på ho og mitt elskede fadderbarn Alexander! Eg saknar dåke stort!!!

Astrid og Alexander <3

Dollykos sommaren 2010


Verdans tøffaste PAPPA må også nevnast! Han hadde nemleg bursdag 15. oktober, og eg må seie at han ber alderen godt. Pappa er min rådgiver i det meste her i livet, og fungerer i tillegg som leksikon for meg og syster mi, -der andre går på internett og googlar ting, ringer me heim til han far og får svar. Eg gledar meg til å kome heim til deg, og til søndagsmiddagane dine!

Pappa og Alexander <3 

Hyttekos <3

Pappa byggjer terasse på hytta, og eg inspiserer og kjem med gode råd...
Team work! 


Vår kjære Silje Anita hadde også bursdag i oktober, nærare bestemt 17. Ho er det andre kvinnelege tilskuddet i familien Hatlevik, og eg nyttar meg av den gjeldande klisejéen: Eg kunne ikkje valt meg ei betre svigersyster om eg hadde gjort det sjølv! Dette eventyret av eit kvinnfolk sprer glede og varme rundt seg som ei nyspretta vårsol, og eg gledar meg stort til å vise ho Santa Barbara i romjula! Det blir show!

Det vert ikkje meira moro enn ein lagar sjølv...

...sommaren 2010!<3


Sist, men ikkje minst: GRATULERA TIL VERDAS BESTE KJÆRAST SOM HAR BURSDAG I DAG! (nok ein klisjé der, men dog så gjeldande!) 

I brudlaupet til Agnar og Eva Berit sommaren 2010

Hadde det vore opp til meg hadde faktisk heile verda vore med og feria med kake og brus i dag, for det er dette kuppet av ein mann verdt. Sjølv om eg var i overkant nøgd med han i utgangspunktet, synest eg jammen meg at han blir, om mogleg, betre og betre med åra også. Så denne snikande alderdomen kan me visst berre ta knusande med ro:)

No skal me ta på oss våre flotte Halloweenkostymer og feire med ei skikkeleg feit, overdådig og fargerik amerikansk bursdagskake, spiderman-cupcakes og  heimelaga pumpkin pie. HURRA!


<3




Ps.: I førekant av dette innlegget forsikra eg meg med syster mi, som er ein levande almanakk, om at eg ikkje har gløymt nokon rein vanvare. Eg påberopar meg difor retten til å dele evt. all skyld med ho...

tirsdag 26. oktober 2010

Banana Pancakes og anna kokkelering

Eg er ingen mesterkokk, men eg vil sei eg klarar meg på kjøkenet, og kosar meg med matlaging. Synest det er koseleg å lage noko som kan falle i smak (!), og heldigvis for meg er ikkje min betre halvdel kresen. Han er titt og ofte prøvekanin, for eg synes det er spesielt gøy å prøve nye ting, anten det er etter ei oppskrift eg har funne, eller eg improviserer. Tek litt av hist og litt av det, tenkjer at "tja, dette passar sikkert i lag", og lar det stå til. Ofte lagar me mat saman, -det er kvardagskos, det!

Wok med ferske ingredienser, vår spesialitet!



I kveld satt Espen og dei andre gutane og jobba og jobba med skulearbeid, så då tenkte eg at det kunne vere ok med noko anna enn berre den vanlege sjeva  til kvelds. I forrige veke laga me lappakaker etter Farmor si oppskrift (som forøvrig er ein sikker suksess, -takk Farmor!), så då var det nokre surmjølksrestar og anna knask i skuffer og kjøleskap som passa fint å bruka opp.

Lappakakelaging

I tillegg har eg (til min store lettelse) funne normal, vanleg, usukra, ukandisert havregryn uten noko dilldall på her, som eg likar å putte oppi pannekakerøra. Saman med litt grovmjøl gjer det pannekakene litt meir sunne og mettandes.
Men, det var meir i kjøleskapet! To bananer som såg uforskamma opplagte ut (eg syns å hugse at det er ei stund sidan me kjøpte dei...) fekk plustseleg sin skjebne som pannekakerøreingrediens. Er me i USA, så er me i USA, og her har dei Banana Pancakes, -berre spør Jack Johnson!

Resultatet blei bra, og når Espen pimpa dei opp sju hakk med det han fann i kjøleskapet, vart det eit heilt måltid! Om dei var så sunne til slutt er eit anna spørsmål...


Jordbæryltetøy, ferske bringebær og krem

Mmmm

mandag 25. oktober 2010

Ein solskinsdag

For ei stund tilbake var kjærasten til Anders, Ingunn som bur i San Diego i år, på besøk her i Goleta. Lørdagen var ein solrik dag, og den tilbragte me saman med dei nede i Santa Barbara sentrum. Første høgdepunkt var Yogurtland! 

Illustrasjonsbilete er henta frå www.examiner.com

Her er det mange yoghurt-is-dispensarar på veggen, og det er berre til å velge akkurat dei smakane hjarte kan begjære! Og som om ikkje det er glede nok for meg, så kan me toppe isen med det me vil av bær, strø, snop, kjeks, fruktbitar, saus osv. For ein fantastisk plass! Eg klarte sjølvsagt ikkje å velgje, så eg tok litt av alt, eg.. Nesten alt vertfall. Det blei ei herleg smørje til slutt, spesielt då den byrja å smelte...

Me nyt yoghurtisen vår ute i sola

Ja takk,  helst litt av ALT!
Då me kjente oss nøgd med butikk-kikking (oj, mange k'ar!) , rusla me oss ned mot stranda. Der er det ein fin promenade, og då Espen og eg var på do-jakt, gjekk me forbi eit par koselege vesen som eg måtte fange med linsa.

Eit velfødd ikådna (eller ekorn, som dykk andre seier)


Strandpromenaden

Kjekkasen

Piren

Fugleliv



Etter å ha lata oss litt på stranda, køyrde me heim der det venta grilling saman med resten av gjengen.

Espen og eg er gode på grillspyd


(dette bilete måtte med berre fordi eg såg så skeptisk ut. Noko eg ikkje var. Trur eg)

torsdag 21. oktober 2010

Sambuarane våre

Her i Santa Barbara bur me saman med tre kjekke gutar som Espen har gått i klasse med i Trondheim i 3 år no. Både Espen, Per, Anders og Erlend er alle på same utveksling, men tek litt forskjellege fag her.

I tillegg har me fått inn ei triveleg amerikansk jente her som heiter Rebecca. Me fant ut at det berre var positive effektar ved å leige ut eit rom me hadde "til overs", så då me fekk klarsignal frå huseigaren, la me ut ei annonse. Me hadde gjort oss opp ei meining om kva me såg etter: Me ville ha ei jente (reknar med eg ikkje treng å grunngi det noko vidare), hu skulle vere ikkje-norsktalande, slik at me er nødt til å snakke engelsk i kvardagen, og ho kunne godt vere amerikansk, slik at me får den amerikanske kvardagen endå tettare innpå oss. Og jammen fekk me det akkurat slik som me ville!

Heile gjengen samla i stova

På biletet er heile gjengen samla (betre bilete kjem sikkert etterkvart),- frå venstre: Anders, Erlend, Per, Rebecca og Espen. Nils sit med ryggen til, og er ein femte studiekamerat som bur ikkje så langt unna oss. Han hadde hatt bursdag i sommarferien, og sidan gutta har tradisjon for å ta med kake på skulen når ein har bursdag, sluntra han ikkje unna, og gjorde det godt igjen med å komme med kake til oss ein kveld! Ei skikkelig amerikansk sådan:

Takk, trivelege Nils, og gratulerar på etterskudd:)

tirsdag 19. oktober 2010

VELKOMMEN TIL SANTA BARBARA

Her, på hjørna av Fortuna og Camino Corto, bur me

Endeleg kom me fram til målet: min framtidige heim (iallefall det komande året). Santa Barbara it is! Nærare bestemt Isla Vista.  911 Camino Corto, Goleta. 93117 California.

Huset me leiger

Vår vakre hage m/porten der posten vår kjem ramlande inn.
Alltid like spanande å sjå kven som "vinn"!


Etter at me hadde svidd av både timar og kroner på Outlet'en i Las Vegas, freste me oss altså avgarde i retning Santa Barbara (tok ei kjapp overnatting på vegen, og la Los Angeles relativt hurtig bak oss (Marta og Dagfinn var der i fjor, og eg kan jo køyre tilbake kva tid eg vil;)). Etter endå halvaen time på motorvegen kom me fram til huset vårt, der Espen og dei andre sambuarane mine venta!

<3
I mangel på eit fersk bilete av oss, krydrar eg
her med eit frå når me var i New York i fjor sommar


Å kome fram her til var ei fin avslutning på ein svært fin tur! Me har kosa oss sånn, opplevd og sett mykje rart, og rett og slett nytt livet! Det var også svært kjekt for meg at storesyster og svoger fekk sjå kvar me skal bu, og at eg fekk ha dei her eit par dagar før dei måtte reise heim. Måtte få litt tid på meg til avvenning...


Dreamteam på tur


Her i Santa Barbara leiger me eit møblert hus av ein professor, då ho skal tilbringe eit år i Boston. Her er alt me treng av utstyr, og endå litt til, og alt står me fritt til å bruke som me vil. Her får dykk ei kjapp omvisning:

Gutta i stova

Peis er kjekt å ha til vinteren, sjølv her i California

Min draum om "kjøkenøy" er midlertidig oppfylt!

Gangen mellom soveromma

Det største soverommet, som har eige bad

Frå gangen og inn mot kjøkenet

Ein velutstyrt garasje, der me finn alt frå surfebrett til brødbakemaskin

Det er tre kvartal til stranda og sju kvartal til universitetet. Korleis gutta klarte å huke tak i dette funnet av ein plass, skyldast nok sjølvsagt både list og dyktigheit, men mest av alt at dei var på rett plass til rett tid. Det er no gått nokre veker sidan eg kom her til, og me trives svært godt!



Frokostkos med fine folk

Nok ein gong, til Marta og Dagfinn: TUSEN HJERTELIG TAKK FOR EIN UFORGLØYMELEG TUR SAMAN MED DÅKE! Når eg tenkjer tilbake på vekene me tilbragte langs dei amerikanske vegane, må eg smile høgt, ja nesten le, når eg kjem på gullkorn som vart sagt, gjenstandar, kreasjonar og folk me har observert, og tankar som vart delt i ein mørk bilkupé. Heilt frå før me satt på piren i Chicago og såg på fyrverkeri, via bål med slekningar, bilar på høgkant, mais på pinne, x antal museum, gamle presidentar og heltar, grotter, vulkanar, primitive motell og gamblingsluksus, og heilt til me avslutta det heile over ein typisk amerikansk pizza på Woodstock her i Santa Barbara, har eg kost meg gløgg! Dåke er nokre fine og lettbeinte vesen å vere på reis med, og eg må sei at dåke holdt imponerande godt ut med meg;) Oj, kor glad eg er i dykk!

Eg gler meg allereie til våre neste eventyr!

mandag 18. oktober 2010

Litt meir Vegas

Sidan me kom til Las Vegas ganske seint på ettermiddagen, fann me ut at me ville bruke litt tid der dagen etterpå også. Så etter ei god natts søvn i på det flotte hotellrommet vårt, stod me opp, pakka sakene våre, sjekka ut, putta alle pakkenellikane i bilen, og gjekk ut i verda igjen.

Marta og eg var bagasjevakt medan Dagfinn sjekka ut for oss.
Ps: Den raude kofferten (pluss ein liten sekk) er heile flyttelasset mitt!
Om ikkje du er imponert, så er iallefall eg det;)

Me kikka litt i handlegatene som var inne på hotellet, og som var eit kunstverk i seg sjølv. Alt var under tak, men med litt innleving kunne det kjennast som om me gjekk og vandra gatelangs i Venezia:





Nok ein dag fauk forbi, og her får du stykker av den presentert i bileter:

Whoopi Goldberg og meg, to gamle kjenningar

Kanskje me vinn litt i dag då...?!

I ca 40*c var slike vannsprutande vifter kjærkomne innslag på gata

New York i hotellformat

Nok eit spenstig hotell/casino

Litt av "The Strip"

Eg håpte at denne store automaten skulle gi
tilsvarande store vinnarsjansar og gevinstar, men neida...


Dette er litt av Caesars palace, ein av dei største hotella.


Inne på ein av dei mange, og kollosale, casinoa


Etter litt trasking gatelangs, og innom div. butikkar, la me turen til eit stort Outlet. Der er det mange kjekke butikkar samla på ein stad, og dei opererer med relativt snille prisar. Akkurat slik me likar det. På veg ut av sjølve bykjerna køyrde me forbi dette bygget (hugsar ikkje kva det heiter i farten).



"Kva så?", tenkjer du kanskje no. Det gjorde eg også, heilt til eg såg noko uventa, zooma inn, og fekk bekrefta at det var ein karusell på toppen der! Som gjekk utanfor kanten! Eg reknar med at både mamma og tante med høgdeskrekk vrir seg i stolen når dei les dette, så eg kan forsikre dykk med ein gong om at eg faktisk ikkje var oppi den. Eg forstod vel at eg ikkje hadde fått lov av Marta uansett, så eg spurte ikkje ein gong...;) 

Interessant...