mandag 21. februar 2011

Kaviar og kaviikkjehar

Når ein bur så langt heimafrå, er det ikkje fritt for at ein saknar eit og anna matprodukt i kvardagen frå tid til annan. Så då Ingunn og Anders var innom Sjømannskyrkja i LA i helga, var me ikkje snaue: der har dei nemleg ein kjekk liten butikk som sel norske og svenske varer (dog til ein ukristeleg stiv pris).

I det fylgjande vil Espen entusiastisk presentera dykk for dagens fangst:

No vert det egg og kaviar på sjeva att

Espen er svært glad i egg og kaviar på sjeva!

Det faktum at denne vesle tassen kosta 11 $
 ser ikkje ut til å plage Espen noko

Espen er veldig glad i både Bergen og fiskesuppe

Espen går solo

Espen er like søt som
den svenske vaniljesausen

Eg ser at det kan vere fare for at modellen tek fokus bort frå produkta, så for ordens skuld skal dykk få eit bilete der samtlege produkt, direkte levert frå Sjømannskyrkja, er oppstilt. Ein kan bli religiøs av mindre!


Heimlengsel!

søndag 20. februar 2011

This is outer space calling!

No i helga har det vore eit vaskeekta MØKKAVÉR her (sensurert sitat: Anders som skulle kjøra sykkelløp i LA). Men sidan "vinteren" har vore så vén mot oss fram til no, synes me norske vestlendingar at det faktisk var litt godt med ein ekte vannskur! Me nytta høve til konsentrert lesing på dagtid og innekos i sofaen, stearinlys og film på kveldstid.


Utsikt ut vindauga. Litt koseleg igrunn!

Espen i full spurt frå bilen og inn i varmen


Men ja, dette har jo ingenting med overskrifta å gjere, så la meg komme til poenget:
Tidlegare i veka fekk me nemleg ein invitasjon på Facebook av Beth, ei koseleg jente som me er blitt kjent med via Rebecca. Ho er instruktør på treningssenteret, og møter meg alltid med eit smil og kanskje ein klem. Det er Beth i eit nøtteskal.

Invitasjonen hadde overskrifta Zoom Zoom Zoom, You Make My Heart Go Boom Boom og var fylgjande:

"In an intergalactic world where humans subsist on alcohol alone, the evil Midterm cyborg will stop at nothing to block the alcohol-dependant beings from their one true source of fuel. In efforts to prevent that cyborg from coming back into power, we call on YOU, our intergalactic beings, to come take a space ride with a cowboy, baby. So pack your space case, polish your moon boots, and hop in your hover craft to zoom through the depths of time and enter the Del Playa vortex, Zetus Lupetus! 

Whether you're an astronaut, space monkey, from the dark side, or just your neighborhood alien, celestial space gear is required. Jedi mind-tricks, space jams, and cosmic cocktails will be just the thing to get you walking on the moon." 


Beth (t.h) og resten av jentene som inviterte


Kort oppsummert var me invitert til ein verdensrom-fest, og me kunne sjølv velgje om me ville vere atronautar, verdensrom-apekattar eller romvesen. Dette måtte me jo berre takke ja til.


Men, kva skulle me vere? Me valgte å gjere det "kjapt, trygt og billig", og gjekk til innkjøp av ein haug aluminiumsfolie!


Kvelden gjekk ikkje heilt som me hadde tenkt i utgongspunktet, for mellom fellesmiddag og fest skviste me inn ein tur i boblebadet Nils har tilgong til (Deilig!). Då me skyndta oss heim derfrå for å gjere oss klar for festen, gjekk straumen! Det er slikt som skjer her i Solskinnsland når det kjem ein aldri så liten regnskur.. Dette hadde me jo ikkje kalkulert med, men me klarte å både dusje, kle oss OG laga kostymer i mørket! I farten hugsa Espen på å ta litt bilete:



Kun kreativiteten setter grenser


Nøyaktig kva me enda opp som,
veit me eigentlig ikkje...

Då me kom fram til Beth, såg me fort at me ikkje var dei einaste som hadde tenkt på aluminiumsfolie..


Beth og gjengen hadde gjort seg føre med dekoreringa

Desse var frå ein heilt anna planet


Då me kom der til var straumen fortsatt borte, men det gjorde ingenting: Stearinlys og light sticks gav oss akkurat nok lys til at me klarte å sjå kven me snakka med, og folk stemte i med allsong rett som det var.
Etter å ha mingla med romvesen frå både Norge, USA, Tyskland og Mars i timasvis, vendte me glade og nøgde heimatt til vårt eige vesle univers i 911 Camino Corto.


Ps: I dag har véret vore betre: opplett og ca 15 *C, men fortsatt vått i bakken. No kryssar me alt me har for at solskinnet skal komme attende til fredag, FOR DÅ KJEM MAMMA OG PAPPA PÅ BESØK TIL OSS! Og som om ikkje det er nok, så kjem mi allerkjæraste Ida Margrete på besøk ei lita veke etter det igjen! Me gler oss til dåke kjem!!!

mandag 14. februar 2011

Om å møte seg sjølv i døra

Kjapt innlegg:

Satt meg ned for å lese pensum, men gjorde den klassiske feilen og tok med meg pc'en. Då skjer det som må skje: vips så er ein liten time gått  bort i nyhendelesing, mailsjekking og facebook. Då eg omsider opna pensumsboka for å starte på eit nytt kapittel, lyser overskrifta mot meg: SELVEFFEKTIVITET.
Der fekk eg den...

Og i og med at eg lot meg fascinere av dette, og brukte ytterligare 5 min på eit relativt usaklig blogginnlegg, så håpar eg at eg lærer noko når eg om omsider får meg gjennom kapittelet.

Har eg nevnt at eg ironisk nok tek 15 studiepoeng i motivasjonspsykologi..?

søndag 13. februar 2011

HURRA!

I dag er det morsdag heime, og eg håpar at alle mødre
får den anerkjenninga dei fortener!



Gratulerar med dagen, mamma mi! <3
Takk for at du er så snill, forståelsesfull og god å snakke med. 
Spesielt når eg bur så langt unna er telefonsamtalane med deg ekstra verdifulle. Eg gledar meg så til du og pappa kjem på besøk! Takk for at du alltid stiller opp for oss, anten me er heime, bur litt langt unna eller veldig langt unna. Både dei små og store tinga du gjer for oss i kvardagen vert satt umåteleg stor pris på! Takk for alt du er for oss!:) Du er best, du veit det?!


Mamma med eit lurt smil
og heilt sikkert ein lur plan også;)


I tillegg har eg ei fantastisk svigermamma som eg òg vil gratulere med morsdagen!
I deg har eg fått ein unik god venn og rådgiver. Takk for at du frå dag èin har latt meg føle meg som ein del av familien, for alle dei gode samtalane me har, og for at du les meg som ei open bok;) 
Du er ein veldig spesiell person for meg!
Eg er så glad i deg!


Den beste svigermammo me kan tenka oss!


Bestemødre skal også feirast! 
Eg er velsigna med både ei Mormor og ei Farmor som alltid har vore der for oss barnebarn, gitt oss ubetinga kjærlighet, og lært oss stort og smått opp gjennom åra. Å alltid bli tatt imot med opne armar av ei ukritisk bestemor er det beste som finst, og samtalane me har er verdifulle skattar eg gøymer langt inne i hjarta mitt. Me kan snakke om alt og ingenting, dele synspunkt og erfaringar. Om ein veks utav eit bestemorsfang fysisk, så gjer ein det aldri psykisk. Dåke er nokre eineståande personar, begge to! Takk for at dåke er så gode forbilete for meg! Gratulerar med mormorsdagen og farmorsdagen!:)


Tull og moro på hytta. Mormor <3 

Farmor <3


Sist, men ikkje minst: 
Gratulerar med din første morsdag, Metemor!<3
Anna gjorde lurt i å velge deg som mamma!;)
Eg gledar meg stort til å sjå deg "i aksjon", -tippar det fell deg heilt naturleg.
(Tenk all den erfaringa du har frå vår tid som "Barnevaktsentralen";) 
Litlagullet er så heldig som skal få vekse opp under din omsorg, 
-betre utgangspunkt kan ein ikkje be om her i livet! <3


Dette kler du!;)
<3


Til alle mødre:



mandag 7. februar 2011

The Nature Theatre

I dag har vore ein dag som eg må skrive om her, slik at eg kan hugse den for alltid (denne bloggen er jo ei open dagbok/minnebok gjennom året me er her i California, og eg har ein plan om å printe den ut når me er komen heim att). Spesielt med tanke på at eg ikkje kunne ta med kameraet, vil eg prøve å skildre denne favorittdagen skriftleg.

Dagen starta igrunn ganske vanleg; eg stod opp, fann meg frokost, vinka gutane avgarde på skulen, og fann fram skulebøkene. Eg rakk til og med å byrje på ein brøddeig før det banka på døra. Det var vår eventyrlystne nabo Garrett som lurte på om Ingunn (som òg er heimeverande student) og eg hadde lyst til å vere med å padle i kajakk. Tidligare i veka tok han oss med på surfing, og sidan både Ingunn og eg hadde ein fantastisk opplevelse då, kunne me ikkje stå imot freistinga til å bli med ut på havet i dag òg. Eg lot brøddeig vere brøddeig (hadde heldigvis berre blanda det tørre), og heiv meg med.

Sola skein, me trilla kajakkane ned til sjøen på skateboard (!), og livet var fint og spanande. Vél nede på stranda hoppa me i kajakkane (Garrett i ein og Ingunn og eg i ein dobbel), og padla utover. Det var vindstille og relativt små bølger me måtte jobbe oss over, og me padla oss i eit fint tempo framover. Eg kjente sola varma meg i nakken, og det glitrande vatnet minna meg litt om dei fine sommarane på hytta i Hardangerfjorden.

Garrett lurte på om me ville vere med bort til "Party Islands", og me var som vanleg ikkje vonde å be. Me padla eit godt stykke og kom fram til noko som viste seg å vera nokre svære oljefat som mange selar likar å ligge og sole seg oppå. Me fekk sjå dei på nært hold, og selane symde litt nysgjerrige rundt oss. Dei "onka" og ropte, symde rundt, hoppa opp og ned frå oljefata, og såg igrunn ut som dei hadde ein stor fest:)

Etter å ha beundra disse svære dyra litt, trakk me oss tilbake og snudde nasa mot stranda "vår" att. Me snakka litt om kva dyr me kunne møte på, og Garrett forsikra oss om at det aldri er hai her pga det er så grunt her i tillegg til at det ligg nokre øyer litt lengre ut og "sperrar" for dei. Det me derimot kunne få sjå viss me var heldige var delfinar, men det er umogleg å sei kva tid dei er der eller ikkje. Han hadde ikkje før sagt setningen ferdig før me me såg 4-5 finnar stikke opp litt lenger ute. Me heiv oss på årene, og fekk prima utsikt til ein liten flokk delfinar på veg til å bli med på festen til selane. Dei hoppa og symde litt kring oss, og me satt målbutne og såg på. 

Då delfinane var ute av syne, padla me inn mot stranda att. På vegen inn klarte me å fange ei stor bølgje, slik at me surfa på den heilt inn til stranda. Litt av eit kick! Og som om ikkje det var nok, så såg Ingunn og eg tre "mini-haiar" på ein liten meter kvar, nede langs sandbotnen. Dei er visstnok heilt harmlause, og dei var skikkeleg elegante (og litt skumle likevel). 

Naturen viste seg verkeleg frå si beste side i dag, og som Garrett sa det så godt: "Today we got the best seats at The Nature Theatre"! 

Med desse flotte opplevingane på netthinna og nyvunnen energi gjekk resten av dagen som ein lek med lesing i hagen, ferdiggjering av brødbaking, god laksemiddag, trening, jogging og litt meir lesing av pensum. No gjenstår det berre å legge seg nydusja i reine sengklede attmed min favoritt! Eg kjenner meg heldig!


lørdag 5. februar 2011

Bursdags-Brit!

Etter 25 år burde eg vel snart vere vane med at 21. januar betyr bursdag, men kvart år kjem det like brått på meg. I år var intet unntak, men jammen meg vart det ikkje ein framifrå dag fordet!

Dagen starta med digg frokost a la Espen. Heile kollektivet samla seg til ein lang og god frokost/brunsj/lunsj (alt etter kor langt kvar enkelt var komen i dagen sin;).

Pannekake- og speilegglaging

Bursdagsjento fekk sitta og slappa av og
 få servert caffe latte 

Alle mine kjekke sambuarar:
Per, Anders, Ingunn, Rebecca, Erlend og Espen

Ute skein sola, så her var det berre til å gripe dagen. Difor tok me med oss litt pensumbøker, og kjørte til Goleta Beach. Det var litt kjølig, men innimellom vindkasta varma sola skikkelig godt! Og berre det faktum at me kunne nyte strandlivet i slutten av januar varma nok i seg sjølv;)

Goleta Beach

Tja, dette var då ikkje direkte vondt..!

Okey, det var litt kjølig vind for frysepinnen...

Kos!


Litt utpå dagen køyrde me heim att og laga oss litt middag. Ein av mine fantastiske sambuarar, Erlend, laga muffins til meg (etter oppskrift frå den geniale muffinsboka eg fekk av Torill til jul:).


Tusen takk, Erlend! <3

Eg fekk til og med eit lys på toppen,
type fyrstikka:D 


Plutseleg ramla ein pakke ned i postkassen vår, og den var til meg frå Espen! Han gjekk all in og gav meg ei pulsklokke, type Garmin Forerunner 110!! Den har stått høgt på ynskjelista mi lenge, og har allereie gleda meg mykje. Den har innebygd GPS, så no har eg full kontroll på lengde, fart, tid, puls, stigning, gjennomsnitt av alt, maks/min av alt, kart over kvar eg har jogga osv. Så no har fokuset flytta seg frå rein treningsglede til statestikkglede (og i og med at fleire andre kollektivmedlem er blitt innehaver av lik klokke, er det ikkje fritt for at det har gått sport i andre ting enn sjølve joggeturen...;)


Då pakken ikkje kom ferdig innpakka,
som bestilt, improviserte Espen
med eit handklede og duct tape;)
<3

Bilete lånt frå her


Som om dette ikkje var nok for ein 25-årsdag, så stod margaritas og bowling på programmet på kvelden. Eit artig konsept igrunn: kombinert bar og bowling slo an! Dessutan hadde dei tidenes beste pommes frites der!

Jentene kosar seg:)

Espen i aksjon!
Og viss du zoomer inn på bilete,så kan du sjå på
resultattavla kven som er i leiinga
 (og forsåvidt vann den runden..! *kremt*)


Det som var ekstra kjekt i år, var at eg hadde bursdag praktisk tala i 33 timar! For allereie kl 15 dagen før byrja det å tikke inn helsingar på facebook og telefonen, for då var klokka bikka midnatt heime. Når kvelden og natta kom her, var det fortsatt midt på bursdagen min heime, så når eg vakna hadde eg over hundre helsingar på facebook! DET var gøy, det:)


Iphonen litt utpå dagen <3

Tusen takk til dykk som huska på meg, og viste det anten med ei helsing på fb, ei tekstmelding på tlf, ein telefonsamtale, ein tanke eller ved å dele dagen med meg! Eg er rik på gode vener og familie!