mandag 31. januar 2011

Monarch Magic

Hei dåke der heime:)
La oss fortelje om ei spesiell oppleving me hadde på fredag:

Me tek det frå starte av:
Ein dag kom Espen heim og sa at ein av forelesarane hadde fortalt han om ein klekkeplass for monark-sommarfuglar. Denne sommarfuglsorten er opprinneleg frå USA og Canada, men kan fyke svært lang. Difor er den òg å finne nokre plassar i Europa, Australia og på New Zealand. Det interesanne og spanande med disse sommarfuglane for vårt tilfelle var at ein av dei største klekkeplassane i heile California kun er ca 5 min. køyretur unna her me bur! Sommarfuglane er på denne klekkeplassen frå november til februar, og på denne tida kryp dei utav puppane sine og blir til vakre fargerike skapningar.

Dette kunne me ikkje gå glipp av, så på fredag som var heiv me oss ein gjeng i bilen og fòr på oppdagelsesferd. Det var ein nydeleg dag, perfekt for sommarfugl-ekskursjon. For når det er varmt i lufta, foldar sommarfuglane ut vingene i all si prakt.

Espen og Erlend på sommarfugljakt

Me fann ut kvar det var på kartet, køyrde eit lite stykke, og parkerte langs vegen. Vidare la me iveg innover ein skogsveg, tok av på ein sti, og plutseleg opna det seg ein plass føre oss midt inne i skogen. Me var tydelegvis komen rett, for der fauk det titusenvis av sommarfuglar rundt, og oppe i trekronene hang dei klasevis. Det var eit fantastisk fascinerande  syn!

Sommarfugl-klasar. Dei som fauk rundt var ikkje så lette å fange med linsa

Før var det opptil 200 000 på denne klekkeplassen, men no var det visstnok "berre" ca 20 000 der.


Også nedover nokre trestammer hang dei på rekke og rad. Me gløymde heilt tid og stad, og knipsa, peika, glodde og gapte, heilt trollbutne av dette fantastiske naturfenomenet me fekk oververe.



Ei trerstamme med sommarfuglkåpa på










Etter langt om lenge glodde og knipsa me litt til, før me rusla tilbake til bilen. Rusa på livet og med eventyrlysta pumpande i årene, var me ikkje klare for å gå heim til huset vårt igjen. Så me svinga innom Sushimannen (som eg skal fortelje om ved ein seinare anledning;), og køyrde til stranda. 



Sushi på stranda, -er det litt "kanibalistisk" på ein måte?


Fortsatt er det ikkje heilt bikini-tilstandar der (vertfall ikkje for frysepinnar som meg), men me hadde nokre fine timar i sola likevel. Litt pensum fekk me òg konsumert, så alt i alt gjekk denne fredagen inn i minneboka som svært vellykka!

fredag 28. januar 2011

Familieauke

Me har lenge ønska oss eit skikkeleg speilreflekskamera, og sidan me begge fortsatt er fattige studentar, vart einige om at det kunne vere (fjor)årets julepresang til kvarandre frå kvarandre. (Etter eit par rundar i tenkeboksen klarte me å godta at me faktisk (såvidt) er blitt så vaksne no at me taklar å ikkje få pakke av kvarandre under juletreet, og at å gå for ei felles invistering istadanfor kunne vere fornuftig).

Endå betre vart det når me venta til me kom tilbake til junaiten, sidan det er billegare med slikt her, samt at  det då var januarsalg. Dette måtte jo berre bli bra, tenkte me.

Og jammen vart det ikkje det! La meg presentere dykk for våras nye kamera(t) Nikon D3100:




Dette er ein kjekk liten kar, som me blir litt betre kjent med for kvar dag som går. Han har eit vinnande vesen, er kjapp på avtrekkjaren, har eit skarpt blikk og auge for detaljar. Me er svært svake for han, men han veks så alt for fort, -han har allereie fått eit nytt og større objektiv!




Me vil ikkje at han skal mangle noko her i livet, så han er ein velutstyrt liten krabat, med div. filter og ei veske som er berre hans (som han forresten allereie har vakse utav). (Er det no det høver å sitere mi kloke syster Marta, som uttalte at "her i USA er alt så billig at det vert dyrt!"?!)

Kameraten elskar å vere med oss ut på tur, og då manglar det ikkje på merksemda; begge dei føresatte kriblar i fingrar og tær etter å få være den som viser han rundt! Me har allereie delt små og store øyeblikk med han, og alt sørgjer han for å dokumentere godt for oss. FOR ein kar!

Men, som alltid når det kjem nye familiemedlem, er det litt utfordringar òg. Det er ikkje alltid han gjer som me vil, og (for å vere heilt ærleg) kan han av og til vere litt komplisert. Men me lærer stadig å kjenne han betre, og eg føler forholdet vårt veks dag for dag. Han byr på seg sjølv, har tålmod med oss, og prøver så godt han kan å halde fokus sjølv om me går oss vill i alle innstillingane. Og eg må sei at me kjem oss!

Som de forstår så er me svært engasjert i denne vesle go'klumpen vår, og det er fint å ha felles interesser å samle seg om. Dettte kjøpet var rett og slett eit blinkskot!

onsdag 26. januar 2011

Januar i California viste seg å ikkje vere så dumt, det!

I fare for å vere svært ekkel og klysete no, skal eg fatte meg i korthet. Men bloggen handlar om å gi tilstandsrapportar heim, ikkje sant..?!

Her er eit bilete Espen tok ein gong i forrige veke, og slik har me hatt det sidan:

Erlend og Brit kjenner på diggheten

Gradestokken viser mellom 20 og 25 *C (eller 68-77 *F som me likar å referere til, for det høyres så vilt ut;), pensumlesing føregår i hagen eller i parken rett nedi gata (der bilete er tatt), og trivselsfaktoren held seg stabilt på "Svært bra +"! 

Eg nyttar også høve til å sende ein open invitasjon til alle som ynskjer å komme på besøk og ta del i denne herligheten:D 
(Tygg litt på den, f.eks Onkel Monrad m/fam..;)

mandag 24. januar 2011

Romjulstilbakeblikk

2. juledag var det igjen tid for Team Espen & Brit å reise til California for å ta fatt på siste halvår i Mulighetenes land. Årsaka til den tidlege returen var at me hadde fått med oss heile den fine familien Hatlevik m/tilbehør, og skulle bruke romjula til å vise dei vår kvardag her borte, samt reise litt rundt med dei.

Ein reiseklar gjeng slo ihel nokre nattetimar i Ørjan og Silje Anita
 sin leilighet i Bergen før avreise

Endeleg komen fram

Me hadde ti dagar til rådighet, og både Santa Barbara, San Francisco og Los Angeles stod på programmet, så her var det berre til å hive seg rundt!

Mamma Hatlevik har oversikten!

Det me ikkje hadde tatt med i kalkuleringa var alle baskeluskane me hadde fått med som blindpassasjerar.. Dette var nokre svært lite samarbeidsvillige små karar, som valgte å angripe oss, ein etter ein, dag for dag. For å gjere ein lang historie kort: Me gjorde det beste ut av det, tok time-out ved behov, parkerte dei me måtte parkere på div. rom, kokte på heksebrygg beståande av alt det sunne me kunne komme på, og stifta nerare bekjentskap med Amerikas apotekutval av supernasesprayar, lammande halsdrops og klinex osv osv. 

Illustrasjonsfoto, dog ikkje arrangert

Da blei ein del sofakos og krefteoppsamling

Søte Silje og ein etter kvart nær venn

På tross av dette hadde me likevel både humøret, pågangsmotet og eventyrlysta i behald, så jammen fekk me ikkje med oss (nesten) alt me ville (vertfall dei av oss som var på beina dei aktuelle dagane:p)

Solskinnstur i nærområdet:
(denne dagen var me minus Ørjan)


Kvinner på randen



Min kule svoger;)

Fotograf/stumtjenar/fugleskremsel

<3


Hagekos:
(her var me vel minus Ørjan og Silje. Eller var det Silje og Espen? 
Trur det var denne dagen eg òg var litt nede for telling)

Flaks for meg og Silje at da va akkurat me som skulle få
di beste svigerforeldra i heile verda! 

Roadtrip på Highway 1 opp til San Francisco:
(her karra me alle med oss, men det er vel ikkje den beste 
bilturen verken Silje eller André har opplevd..)




Martin <3


San Francisco:
(her var det André og delvis Espen som måtte halde senga)


Ørjan og Silje aka superstars

Ikkje juletrer, men julepalmer

Me ventar på sightseeingbuss


Alcatraz

Golden Gate Brigde

Me feira også nyttårsafta i San Francisco, men takka vera sjukdom (jadda, den var fortsatt med oss), dårleg vèr og TIDENES dårlegaste middag frå hotellets (!) restaurant, vel eg å berre hoppa galant over den delen, med ein kommentar om at me klarte vertfall å le av det heile:p


Los Angeles:
Dei to siste dagane av Hatlevikingane sitt opphald her var endeleg
 samtlege friske, og det utnytta me med å erobra LA.

Mulholland Drive

Fine folk og fin utsikt over LA



<3


Espen og eg reiste tilbake til Santa Barbara etter ein dag i LA pga skule, medan dei andre fekk seg ein tur i Universial Studio før heimreise venta. Heile turen avslutta me på den fantastiske restauranten Cheesecake Factory, og me fant ut at det var nyttårsmiddagen vår:)


Mmm


Som de kan sjå, så klarte ikkje Superdødendrit-influensa (sitat: Silje Anita) å hindre oss i å kose oss saman og samle gode minner. Me måtte berre gire ned litt, og ta vare på kvarandre etter beste evne. Det viktigaste var at me fekk vere saman! TUSEN TAKK for at dåke kom på besøk!! 

(og kom gjerne tilbake, -det vart så tomt her..!)

No ser me fram til at Mamma Lindeflaten og Pappa Dahl kjem på besøk om ca 1 mnd:D 
HURRA!