onsdag 11. mai 2011

Sushi, Los Angeles og Disneyland

No skal eg somle meg til å legge ut eit par bileter frå dei siste dagane Mamma, Pappa og Ima var her hos oss. Sidan då har det skjedd mykje rart her hos oss, men sidan eg er meir glad i å oppleve ting enn å sitte inne og skrive om det, kjem det litt slik etter kvart:)

Men, før eg skriv noko som helst meir, skal eg klargjere noko her: 
Dei observante av dykk har kanskje lagt merke til at eg nemner ein viss "Sushimann" i tider og utider, så her skal dykk få ei oppklaring i kven dette er. Kort fortalt så er eg ikkje så reint lite betatt. Ikkje i sjølve sushimannen, men i den FANTASTISKE sushien han lagar og sel til meg for ein latterlig billig penge. Han held til attmed vår lokale matvarebutikk, og eg kom raskt på godfot med han. Då Erlend var og handla der uten meg ein gong ganske tidleg i haust, spurte Sushimannen: "Where's Brit?" Då viste det seg at eg allerede hadde vore der nok gongar til at han hugsa namnet mitt frå bankkortet mitt (som kjem opp på skjermen hans). Og samtlege nordmenn som handlar der (det er ca 50-60 stk av oss her visstnok), får spm om dei kjenner meg, etterfulgt av "She LOVES our sushi!" 

Dette synest me er ganske morosamt, og sjølvsagt må alle våre gjester få smake på dette herremåltidet.

Espen er ein litt betre vert enn meg...

N-A-M

Vidare reiserute under planlegging

Dei siste dagane Mamsen og Papsen var her i junaiten var me i Los Angeles. Der sjekka me ut Hollywood og Mulholland Drive m/utsikt over heile LA og det kjente Hollywoodskiltet.


Highway 1 mellom oss og  Los Angeles. Alltid like nydeleg

Malibu forut

Utsikt over LA frå Mulholland Drive

Dette var det neraste me kom Hollywoodskiltet denne gong

Som om det ikkje var nok kaos i trafikken i LA...

Hollywood Blvd

Me synest det var kjekkare her enn
 å gå å kikke på alle stjernene i Walk of Fame

Ima går for Johnny Depp...

...medan eg går for Donald Duck

Elvis og eg syng duett

Hey Mickey!

Akkurat no finn eg ikkje alle bileta frå dei siste dagane, men det er kanskje like greit, for eg var ganske lei meg då Mamma og Pappa reiste att. Det var så fint å ha dei her! Tenk på alt det rare me rakk å oppleve på dei to vekene, -alt frå rusling i San Franciscos gater, kjempetrær me ikkje fekk lov å røre (men som me rørte likevel), køyring på kjente og mindre kjente vegar, og motellfrokostar av ymse kvalitet til rare elefantselar, kvardagen i Isla Vista, lang spasertur på stranda, shopping på åtte timar på Outlet, katolsk gudstjeneste og galskapen i LA. For å nemne noko. Himmel og hav for nokre innhaldsrike dagar!:)

Som plaster på såret reiste Ima og eg i Disneyland, og endå skulle eg få ha ho hos meg eit par dagar til. Så det var ikkje så veldig synd på meg;)

"Here you leave today
 and enter the world
 of yesterday, tomorrow and fantasy"


Ima i Drommeverden <3

Eg e så takksam for at dei advarar meg,
så ikkje stor skade skjer



Bileta frå dei siste dagane Ima var her er også på den bortkomne minnebrikken, og sidan eg må komme meg vidare på denne bloggen, får eg oppsummere dei litt skriftleg: Me kosa oss her i Isla Vista: gjekk lang tur, stod på longboard, var på kajakktur med Gerritt, fekk vera berre oss to litt, koste oss, smilte og lo. Det var så godt å ha ho her! Og det var IKKJE noko artig å vinke ho avgarde med flybussen då den dagen kom..

Tusen takk for at dykk kom på besøk! Eg kosa meg kvart eit sekund, og ler og kosar meg når eg ser på bileta frå desse dagane. Eg er så takksam for at dykk kom på besøk! Det betyr mykje for meg at dykk har sitt korleis me har det her og veit kva eg snakkar om når eg fortel frå livet i Cali. Dåke er dei beste!

onsdag 4. mai 2011

Solvang

Det finst mykje rart i California, men dei færraste ventar vel å finne eit lite stykke Danmark der. Men det er det altså, i form av den danske byen Solvang. Den ligg ca. 40 min nordaust for oss, og vart grunnlagt av ein neve danskar for fem generasjonar sidan. Køyreturen opp der byr på mykje fin natur.

Pappa og Ima målar musklar/ser på utsikta

Dette er ein fredeleg og roleg by, som spelar på det særdanske. Dette viser att i stadsnamna, arkitekturen, og varene ein finn i dei mange souvenirbutikkane. Til og med restaurantane byr på dansk meny. Det er faktisk så danskt der at eg vert like skuffa kvar gong eg ikkje møter på mine Danmarksbuande slektningar der!





Då eg og sambuarane mine var i Solvang i haust konkluderte Erlend med at dette måtte vere den perfekte plass å vere pensjonist: -alt går i roleg tempo, det er plenty av koselege kafèar og bakeri med wienerbrød, og det er rikeleg med benkar og offentlege toalett der.



Her kan ein få kjøpt blant anna norsk mjølkesjokolade


Ima takkar ein gammal kjenning
for mange fine barndomsminner

"Prøv å vèr alvorleg då!"


 Til og med ein liten kopi av den vesle havfrua er å finne i Solvang. Om ikkje dei poserande havfruene i front tek all merksemda, så kan du faktisk skimte kopien i bakgrunnen..




tirsdag 3. mai 2011

Kultursøndag

No skal eg vise dykk litt korleis det er i sentrum i Santa Barbara ein fin og vindfull søndag. Men først skal me ein liten tur innom Old Mission Santa Barbara, som er ei av dei mange gamle misjonsstasjonane som ligg oppover California. 





Denne souveniren fann me litt morosam

Tuppen og Lillemor

Kvar søndag er det kunstmarknad nede ved strandpromenaden i Santa Barbara downtown. Sofistikerte som me er, måtte me sjekke ut dette her. Eg fann faktisk eit nydeleg maleri som eg verkeleg kunne tenkt meg, men prislappen gjorde desverre vårt eventuelle sambuarskap uaktuelt. (Eg vel å stille meg uforståande til at nokon ikkje ville spandere det på meg, -det var då berre snakk om ca 15 000 NOK)



Sidan det var litt overskya og vind denne dagen, vart ein tur ut på piren ein passande søndagsaktivitet. Her fekk me oss ein kopp med noko varmt i kvar, før me rusla rundt litt til. Dagen vart runda av med god meksikansk mat, og ein tur ned til togstasjonen. Der står nemleg eit gigasvært tre som Espen og eg er svært fascinert av. Det var planta i 1877, og skal vere det største av sitt slag i heile USA.



Mykje vèr til Santa Barbara å vere

Ima snakka om den salaten ho fekk her resten av opphaldet;)

Lita jente og stort tre

Det var her ein skulle hatt vidvinkel


søndag 24. april 2011

Glade dagar i Isla Vista

No skal eg fortelje om siste del av Mamma og Pappa sitt opphald her til lands, samt når mi kjære venninne frå folkehøgskulen, Ida Margrete, var på besøk. Ho kom med fly eins ærend frå Canada, der ho studerer dette året. Besøka overlappa kvarandre litt, så eg fekk både i pose og sekk. Luksus.

Første dagen Ida Margrete var her tilbragte me her i Isla Vista. Først nytte me sola utenfor huset vårt, der både Mamma, Pappa og IM prøvde seg på longboard. Eg ser no at eg var så opptatt med å filme når mine føresatte slo seg laus på rullebretta, så eg har diverre ingen biletbevis på det. Men tøffe, det var dei alle!

Endelig hadde eg Ima mi her hos meg! <3

Espen er flink instruktør, og Ima er lærenem elev

Mamma oppdaga plutseleg denne vesle krabaten oppe i naboen sitt tre:

Vaskebjørnen Truls

Det er ikkje kvar dag ein ser ein vaskebjørn på så nært hald

Etterpå gjekk me oss ein lang og fin tur i retning universitetet Espen går på, og då fekk me sett mange ekorn, surfarar og fin natur.

Det er galskap at eg snart skal reise frå denne kvardagen...


UCSB, som du ser i bakgrunnen her, er det einaste universitetet
 i heile USA med eiga strandlinje. Her ser du området nedenfor campus.

Mamma listar seg innpå eit lite ekorn,
som er veldig kjapt om det oppdagar ho

Blinkskot!

Me kom over ein labyrint som nokre hadde laga til av små steinar. Dette fann me alle sjølvsagt svært fascinerande, men gjett kven som var den einaste som orka å gå nesten 1 km inn til midten..?!



Dagens helt!

Dokumentasjon på dokumentering #1

Dokumentasjon på dokumentering #2

Espen ga omvisning på skulen sin. Der er det godt tilrettelagt for syklar og longboard.

Sykkelsti på campus. Ein finn også div. rundkøyringar


Isla Vista downtown

Etter ein lang spasertur er det ingenting betre enn eit måltid på Silvergreens. Det er ein spiseplass med sunn og god mat, og faktisk tidenes pestoburger. Bør opplevast!

Beklaga Ima og Espen,
men slik går det når dykk ikkje kan oppføre dykk når eg tek bilete:p