fredag 1. april 2011

Dag 3 og 4: Highway 1

Bloggoppdateringa mi går ikkje så kjapt om dagane, men det får dykk ta som eit sunnhetsteikn. Eg har rett og slett ikkje prioritert å sitje inne med dataen når sola skin ute, det er gøy trening på gang, naboar vil ha meg med på surfing eller å padle kajakk, eller om me finn på å gå på fjelltur eller grille i hagen. Så når eg fyrst finn roen til å sitje stille meir enn 10 min. samanhengande, må eg prioritere pensumslesing.

Men innimellom finn eg smutthol, og då sorterer og redigerer eg bilete med stor fornøyelse! Det er så kjekt å sjå på alle minnene me har. Her skal eg presentere dykk for dag 3 og 4 med mamsen og papsen på besøk.

Det er blitt mandag og tid for å forlate San Francisco til fordel for sørlege trakter. Me henta leigebilen, og det fyrste som møtte oss då me køyrde Geary street ut av byen var byrjinga på Highway 1 attmed ei nydeleg strand:



Med dette tok me fatt på den vakre Californiakysten. 


På vegen stoppa me der det er falt oss inn, om det var utsikten, forveteskapet eller tomme magar som var motivasjonen. Me hadde tid og veg føre oss, og tok det litt som det kom.
I  Santa Cruz hadde me ein litt lenger stopp, og det var også der me overnatta. 

Sanra Cruz

Koseleg!


Det fyrtårnet ein kan skimte på bilete over er eit surfemuseum. På veg oppover til San Francisco stoppa Gerritt og eg i Santa Cruz, og då bestemte me oss for å besøkje dette museumet. Etter å ha traska bort der i regn og rusk møtte me ei låst dør, så denne gongen freista eg å prøve på ny. Men neida, det er nok ikkje meininga at eg skal draume meg bort i surfehistoriens fortid, for atter ein gong møtte eg stengde dører og ein lapp som viste at det var utenom opningstid.

Jaja, eg har iallefall vore her...

Me planla å overnatte i Santa Cruz, men fyrst køyrde me innover i landet litt. Me ville nemleg sjekke ut Big Basin, som i følge guideboka til mor skal vere den vakraste redwoodparken sør for San Francisco. Redwood er ein tresort som det er mykje av i California, og kan kjenneteiknast av at dei vert enormt svære. Dette ville me gjerne sjå, og tok fatt på dei kronglete vegane austover. Etter å ha køyrd langt, langt og lenger enn langt, byrja sjølv landevegsvante norske vestlendingar å tvile på om me faktisk var på rett veg, for meir aude og mindre skilta vegar var lenge sidan me hadde sett. Heldigvis gav me ikkje opp, og etter å ha spurt oss litt fram på lokale brennevinsutsalg (tilfeldig valg av stopp, og møte med svært hyggelege og hjelpsomme folk), kom me fram ein liten time før sola gjekk ned.


Hytta som signaliser at ein faktisk er komen rett likevel

Denne tida nytta me godt, og sprang rundt i skogen og knipsa bilete. Det var ingen andre der då, så me slo oss laus. Det var riktignok gjerder rundt dei fleste av trea, men dei var det  jo berre til å stige over for å få dei beste bileta! Då me kom heim og viste Espen bileta me hadde tatt, lo han godt, for han hadde sett ein video på Youtube der ein kar hadde gjort det samme, og han hadde blitt kjeppjaga av vaktene då han var borti trea...

Jaja, artig hadde me det!

Me følte oss som små knøtt blant dei enorme trea.

Pappa poserer

Hole trer som fortsatt lever på tross av skogbrann

Father-of-the-Forrest er eldst i skogen med sine 2000 år.
Me klarte nesten å nå rundt det.

Tss, litt gjerder er vel ingen hindring

Mamma og Mother-of-the-Forrest, som er 100 m høg



Me rakk å gå den 2 km lange rundturen før mørket tok oss heilt, og godt nøgde med opplevinga, køyrde me attende til Santa Cruz. Etter ei natt på motell i der, heiv me oss ut på vegen att.

Denne dagens første post var sjarmerande Carmel. Dette er ein ganske spesiell liten by med 4000 innbyggjarar, 850 hundar og hus frå 1920-talet. Det er ikkje lov å setje opp neonskilt, trafikklys eller parkometer der, husa har ikkje husnummer, og ein har ikkje lov til å felle gamle trer der uten løyve frå byrådet. Då bystyret ikkje ville leggje tilrette for alle turistane med fleire offentlege parkeringsplassar og offentlege toalett, stilte ingen ringare enn Clint Eastwood opp som borgermesterkandidat med nettopp dette på programmet. Og jammen vart han valgt, og var borgermester her frå 1986-1988. Han eig fortsatt nokre eigedomar der, blant anna Hog's Breath Inn.


Her hadde me eigentleg tenkt å ete frokost/lunsj, men pga stive prisar (dei veit å ta seg godt betalt disse skuespelarane), valgte me heller eit litt mindre formelt måltid på Cottage Inn litt lenger nede i byen.

Heimekoseleg atmosfære og god mat

Etter å ha sett oss litt om blant alle galleria og småbutikkane i Carmel, var det på tide å komme seg vidare atter ein gong.

På vegen nedover ser me eit fantastisk skilt i vegkanten; fem avokadoar for 1 $! Normalt får du 1 avokado for den prisen på butikkane her, så dette måtte me sjølvsagt ta i nerare augnesyn. Dette var altså eit Farmers Market der lokale bønder solgte varene sine til ein latterleg billeg penge. Eg opplevde eit øyeblikk av maksimal glede, for god frukt/grønsaker som i tillegg er superbilleg er som himmelen for meg. Eg prøvde verkeleg å begrense meg, men eg trur eg kan sei det slik at eg nettopp åt den siste grapefrukta der frå..

SJU slike grapefrukter som du ser i front her for 2 $. Det er 12 NOK, det!
Og TI slike som ligg bak for samme pris.. Himmel og hav!

Då me endeleg klarte å dra oss bort frå denne vidunderlege plassen, var det noko endå betre som venta oss, nemleg Big Suir. Dette er kystområdet frå Monterey og sørover mot Morro Bay, og det er kjent for sin vakre natur.


Det er 26 bruer nedover kysten, men den du såvidt kan
 sjå her er nok den mest fotograferte





Før mørket kom over oss denne kvelden, nådde me akkurat San Simeon. Her er det ei strand der mange sjøelefantar lever naturleg. Sjøelefantar er verdens største selart: hannane kan bli opp til 4 meter lange og 2000 kg, medan fruene veg 600-900 kg. Dei likar seg best på mennesketomme øyer, men av ein eller annan uviss grunn har dei slått seg ned her på denne stranda. For ei tid tilbake var dei utrydningstrua på grunn av sitt oljerike spekk, men her får dei leve i fred og ro, og dei såg ikkje ut til å plagast av alle dei fotograferande turistane som stoppa for å sjå på disse rare skapningane.


Avslappa gjeng

Selane låg strødd utover heile stranda så langt me kunne sjå

Sidan mørket kjem sigande ganske fort her, bestemte me oss for å hive oss inn på Highway 101 den siste biten ned til Santa Barbara. Utanom Solvang, som me planla å besøkje på eit seinare tidspunkt, er det ikkje så mykje interessant å sjå frå San Simeon og sørover til der me bur, og eit godt stykke er Highway 1 samanfallande med 101.
Vel framme i Camino Corto i 21:30-tida tok Espen varmt imot oss med ein god kveldsmat (eg trur eg diverre var for trøytt til å hugse å ta bilete av det). Han kunne ikkje vere med opp til San Francisco på grunn av skulen, men så lenge me held oss i Santa Barbara-området kan han vere med på ei og anna utflukt. Meir om det kjem så snart eg finn tid, og i mellomtida skal du ha takk for at du stakk innom:)

2 kommentarer:

  1. årr, kor da kribla i roadtrip-magen min no! ser aldeles nyyydelig ut. takk for disse guidande innleggo Ü
    håpe dei har billig avocado når me passere òg, så me kan laga tonnavis av guacamole a'la brit!

    SvarSlett
  2. Så kjekt å få se bilder fra stedene vi ikke fikk med oss pga mørket :-) Sjøelefantene fikk jeg jo med meg i fart :-)) Tiden deres flyr avsted der borte , så jeg er glad du prioriterer lesing og opplevelser . Vi får heller lese om eventyrene på bloggen utover høsten ;-)Klemmer fra Fitjar :-)

    SvarSlett