torsdag 30. september 2010

Heilt texas

Før me gjorde oss heilt ferdig med Oklahoma, måtte me utforske det  Elk City hadde å by på. Her hadde dei eit skikkeleg Route 66-museum, som var meir enn ein gamal bensinstasjon proppfull av gamle skilt og nedstøva rekvisita. 

Klare for ein ny kulturell runde

Fine og sjarmerande bygningar

Vaktbikkje

Noko av det viktigaste eg har lært på mine reiser,
er å ta lærdom frå dei lokale

Inne på museumet var det mange fine gjenstadar frå 50-70-talet. Berre sjå:

Søt campingvogn

Mormor, Mamma og Tante Ida: SJÅ!!! Me fekk diverre ikkje lov å stele dei med oss...:(

Ein slik figur, berre at det er ein nisse, fekk Mamma og Tante Ida hjå
morfar då han kom heim frå eit 9 mnd. langt jobboppdrag i Chicago då
dei var små

Kan eg få ein slik? Please?

Fine, gamle fotografiapparat

Permanent før i tida, -ein møysommeleg,
og tilsynelatande skummel, prosess

Idyll

Blonder og hattar. Kvifor brukar ein ikkje hattar lenger? Hattar er flott!

Eg skulle ynskje at eg hadde eit kjøken med slik sjel... sukk!

Coca Cola vis(s)te tidleg korleis dei skulle nytte seg av fenomenet reklame


 Også ute fann me mykje artig å feste augene på:


det gamle operahuset

Lokomotiv med sjel


Då me var metta på dagens tidsreise, satte me oss inn i den gloheite bilen att. Neste attraksjon var i ein liten tettstad kalt Eric, så der måtte me jo innom!


Ved fyrste  augekast ser dette ut som ein av dei mange overfylte Route 66-museuma, og det var det forsåidt også. Men, likevel var plassen noko for seg sjølv, for her holdt to bokstaveleg tala galne mennesker til! Dette var eit ektepar som livnæra seg på turismen, og som tilbaud store reisefølger eit forrykande show. Me var heldig og kom over ein gjeng norske (!) motorsyklistar, som tilfeldigvis var der samstundes som oss. Det som gjorde alt endå meir festlig, var at blandt disse var ei av Marta sine kollegaar! Ka er sjansen for det?! Me visste at ho var ein eller annan plass på vegen, men at me tilfeldigvis skulle stoppe på same plass til same tid, hadde me ikkje forventa. Koseleg å helse på!

Syklane til den norske gruppa

Då me kom til plassen, såg me alle motorsyklane utanfor, og innanfrå høyrde me ein fantastisk leven. Då var det altså dette ekteparet som hadde smelt i gang ein liten konsert for dei, der dei bl.a. song "Get your kicks on route 66", som Nat King Cole gjorde kjend i 1946.

Etter konserten sprang den mannlege delen av duoen ut, fann fram ein stige, og klatra opp på taket. Derifrå dirigerte han heile følget for fellesfotografering. (her må eg lage bileta ekstra store, slik at dykk får sjå dette eventyret av ein mann. Diverre tok me visst ikkje noko betre bilete av han. Eg trur det skuldast æresfrykt)


Då den norske gruppa skulle køyre vidare, stod dei og veiva dei vel avgarde med eit svært norskt flagg.



Fulle av fascinasjon over desse fargeklattane, satte me kursen i retning Texas. Endeleg! Og sidan det no var på tide med middag, passa det bra å stoppe på The Big Texan.


Denne staden er kjent for sine svære biffar. Dei reklamerer for at viss du klarer å ete opp ein 72 oz (ca 2,2 kg!) stor biff, PLUSS enorme mengder tilbehør (bakt potet, rekecoctail, salat m.m), får du måltidet gratis. Du må i tillegg sitje ved eit bord på eit platå midt i lokalet, slik at dei andre gjestene kan fylgje med deg, evt heie på deg. Det skal også seiast at om du ikkje klarer det, kostar måltidet vel 70 dollar (ca. 450 NOK).


Inne i restaurantlokalet.
Heilt til høgre ser du det bordet storetarane må sitje på.

Til tross for at ei 63 år gamal bestemor visstnok åt eit slikt måltid i 1977, og ein 12-åring hadde spurt etter dessert etter bragda, valgte me å avstå frå utfordringa. Det får då vere måte på!

Eg klarar ikkje å avgjere om eg synes duken er festleg eller motbydeleg...


Som mange av dykk veit, vert eg fort fascinert, og eg har ein forkjærleik til mat! Fin mat, spanande mat, original mat, annleis mat, -alt er kjekt å ta bilete av. I USA er det intet unntak, snarare tvert imot. Fram til no har eg skåna dykk frå denne mindre interessanne interessa mi, men sidan Merethe påpeikte det i ein kommentar på forrige innlegg, har eg herved den GLEDE av å presentera dykk for dagens middag:

Biff, bakt potet, ein beskjeden mengde salat og dressing.
Den ser eigentleg ikkje så inbydande ut, men gjett om den gjorde seg!
Takk Em, det var skjønt!;)


Denne restauranten hadde meir å by på, og sidan me alle har bevart badnet i oss, slo me oss laus!

GØY! Følte oss som Snipp og Snapp

Dagfinn, dette er det nusselegaste bilete eg veit om!
Du ser ut som Per Pusling

Ein ekte einarma banditt!

Det var nokre mindre hyggelege gjester der også

...og dette her var eg på tur med...?!

Min storleik? 

Fargerike Texas


Nei, nok leik for i dag. På tide å komme seg vidare. Men kva har vi her? Meir moro?


Dette er samtidskunst. Ei eller anna kreativ sjel har satt ti gamle Cadillacar på høgkant og halvvegs ned i sanden, med snuten fyrst. Bilane er tagga i all slags fargar, og det er fritt fram for skuelystne til å setje sitt eige preg på installasjonen. Til vår store lykke fann me nokre sprayboksar der som det framleis var litt futt i.







Nøgd med at me nok ein gong har fått markert oss på vår veg, køyrde me dagens siste distanse.

Ein av mange "spøkelsesbyar" frå ei anna tid me passerte. Ikkje ei sjel å sjå

Plutseleg kom me til dette skiltet. Ups!

The end

Hit, men ikkje lenger!

Me måtte igjen ty til Interstaten, og nok ein gong vart eg betatt av kontrasten i møtet mellom vakker natur og menneskeskapte konstruksjonar:



Gonatt Texas.

onsdag 29. september 2010

Oklahoma

Dag 9 begynte me på eit museum som skulle dekke det meste av cowboy- og indianerhistorie. Det byrja bra, med eit gjensyn med ein gamal kjenning:

Så det var her han sat, Abraham Lincoln,
 medan me vitja han

Så rota me oss bort i ein avdeling med mykje flott kunst. Det var måleri etter måleri, og me beundra dei ei god stund. Blant anna vart me godt imponert over han her:

Kunst

Etter endå fleire måleri, og endå nokre til, vart me brått lei av å vera vaksne og kultiverte, og tenkte "var dette det einaste dei hadde å by på?". Men heldigvis for oss oppdaga me at det var det fleire avdelingar på museumet. Blant anna fann me ei piggtrådsamling!

Fascinerande!

Ikkje visste eg at det fantes meir enn 3 forskjellege pigtrådar, men her lærte eg noko nytt! Her var det sikkert fleire tusen, og det skal visstnok vere eit heilt eige piggtrådmuseum ein eller anna plass i nærleiken. Me tok oss desverre (?) ikkje tid til å gå innom der.

No trudde me igjen at me hadde sett det som var å sjå, men på veg ut snubla me over ein heil liten cowboylandsby! Her likte me oss, og vips var to nye timar gått. Me levde oss godt inn i lokalsamfunnet, og prøvde å forestille oss korleis det var å leve der.







Så var det på tide å køyre vidare, og å finne oss ein plass der me kunne få i oss litt mat. Ifølge "Route 66"-boka vår var Ann's Chicken Fry House verdt eit besøk. Og eg er glad me fylgde det rådet, for det var litt av ein plass!






Bilete seier nok ein gong meir enn tusen ord. Dette var altså ei lita vegkro som verkeleg hadde sitt særpreg! Veggane var nemleg dekka av bilete, skilt og gjenstandar frå 50- og 60-talet. I tillegg hadde alle (?) tidlegare gjester skrive navnet sitt, eller ei helsing, rundtom på murveggane. Som dykk ser, har det vore mange besøkande!




Me fekk også utdelt ein kvit tusj, slik at me kunne finne oss ein ledig flekk å skrive på. Det var ikkje så lett, men til slutt såg me oss ut ei ledig rute.

Dagfinn i aksjon

Sjå etter namna våre om du skulle stikke innom

Då eg skulle på do, fann eg fleire ledige plassar innerst i gongen. Eg valgte å uttrykkje meg på ein av dei:




Til og med toaletta hadde særpreg. Faktisk slik at me måtte ta bilete av det  (ingen kommentar takk, IdaM!).


Fine, huh?!

Etter at me hadde knipsa, peika, ledd og glodd oss ferdige her (og ja, me hugsa å ete litt også, såvidt), var det igjen å finne riktig veg mot vest. Av og til var det lettare sagt enn gjort.

?!

Men kvar gong klarte me (ved god hjelp av skilt, GPS og mi kjære kartbok) å leite fram gamlevegen. Og den viste seg stadig frå si beste side:




Men samme kor sjarmerande Route 66 var, måtte me av og til la motorvegen komme oss til unnsetning. Dette både for å spare tid, og skåne bilen for dårleg underlag. Også Interstate-vegane kunne vere fine å køyre på.






Nok ein dag var gått forrykande fort, og me stoppa i Elk City for natta. Då hadde me lagt nesten heile Oklahoma bak oss, og dagen etter var me klare til å ta fatt på New Mexico.