onsdag 4. mai 2011

Solvang

Det finst mykje rart i California, men dei færraste ventar vel å finne eit lite stykke Danmark der. Men det er det altså, i form av den danske byen Solvang. Den ligg ca. 40 min nordaust for oss, og vart grunnlagt av ein neve danskar for fem generasjonar sidan. Køyreturen opp der byr på mykje fin natur.

Pappa og Ima målar musklar/ser på utsikta

Dette er ein fredeleg og roleg by, som spelar på det særdanske. Dette viser att i stadsnamna, arkitekturen, og varene ein finn i dei mange souvenirbutikkane. Til og med restaurantane byr på dansk meny. Det er faktisk så danskt der at eg vert like skuffa kvar gong eg ikkje møter på mine Danmarksbuande slektningar der!





Då eg og sambuarane mine var i Solvang i haust konkluderte Erlend med at dette måtte vere den perfekte plass å vere pensjonist: -alt går i roleg tempo, det er plenty av koselege kafèar og bakeri med wienerbrød, og det er rikeleg med benkar og offentlege toalett der.



Her kan ein få kjøpt blant anna norsk mjølkesjokolade


Ima takkar ein gammal kjenning
for mange fine barndomsminner

"Prøv å vèr alvorleg då!"


 Til og med ein liten kopi av den vesle havfrua er å finne i Solvang. Om ikkje dei poserande havfruene i front tek all merksemda, så kan du faktisk skimte kopien i bakgrunnen..




7 kommentarer:

  1. HA HA HA :-))) Hadde Truls Inge satt en kopp foran seg tror jeg jammen han hadde tjent seg noen kroner som Havfrue ! :-)
    For en herlig gjeng ! Solvang er et godt sted å være.....både her og der ;-) Svigermorklem :-)

    SvarSlett
  2. e da havfruen på da sista bilete? eg trudde da va draugen

    SvarSlett
  3. Det var nettopp det eg gjorde (sette ein kopp framfor meg). Inntektene var veldig gode, og finansierte faktisk store deler av amerikaturen.Kan anbefalast......
    Helsing Pappa

    SvarSlett
  4. Haha, Pappa <3
    Eg ser at kommentator nr to velge å vera anonym, men eg har ein sterk mistanke om at vedkommande sitte enten i Danmark eller Eldøyo..?!
    ;p

    SvarSlett
  5. Eg sete i Ølensvågen. ( E 'kje noko god søster, men da va so fristandes)

    SvarSlett
  6. Og takk for at du ikkje mistenkte meg.
    Klem frå tante

    SvarSlett
  7. Haha tante, no fekk eg meg ein god lått! Den e' fin;) Eg lot tvilen komma deg tegode dinna gongen, så no satse eg berre på at eg unngår represalier frå di to hine som eg mistenkte:p

    SvarSlett