onsdag 11. mai 2011

Sushi, Los Angeles og Disneyland

No skal eg somle meg til å legge ut eit par bileter frå dei siste dagane Mamma, Pappa og Ima var her hos oss. Sidan då har det skjedd mykje rart her hos oss, men sidan eg er meir glad i å oppleve ting enn å sitte inne og skrive om det, kjem det litt slik etter kvart:)

Men, før eg skriv noko som helst meir, skal eg klargjere noko her: 
Dei observante av dykk har kanskje lagt merke til at eg nemner ein viss "Sushimann" i tider og utider, så her skal dykk få ei oppklaring i kven dette er. Kort fortalt så er eg ikkje så reint lite betatt. Ikkje i sjølve sushimannen, men i den FANTASTISKE sushien han lagar og sel til meg for ein latterlig billig penge. Han held til attmed vår lokale matvarebutikk, og eg kom raskt på godfot med han. Då Erlend var og handla der uten meg ein gong ganske tidleg i haust, spurte Sushimannen: "Where's Brit?" Då viste det seg at eg allerede hadde vore der nok gongar til at han hugsa namnet mitt frå bankkortet mitt (som kjem opp på skjermen hans). Og samtlege nordmenn som handlar der (det er ca 50-60 stk av oss her visstnok), får spm om dei kjenner meg, etterfulgt av "She LOVES our sushi!" 

Dette synest me er ganske morosamt, og sjølvsagt må alle våre gjester få smake på dette herremåltidet.

Espen er ein litt betre vert enn meg...

N-A-M

Vidare reiserute under planlegging

Dei siste dagane Mamsen og Papsen var her i junaiten var me i Los Angeles. Der sjekka me ut Hollywood og Mulholland Drive m/utsikt over heile LA og det kjente Hollywoodskiltet.


Highway 1 mellom oss og  Los Angeles. Alltid like nydeleg

Malibu forut

Utsikt over LA frå Mulholland Drive

Dette var det neraste me kom Hollywoodskiltet denne gong

Som om det ikkje var nok kaos i trafikken i LA...

Hollywood Blvd

Me synest det var kjekkare her enn
 å gå å kikke på alle stjernene i Walk of Fame

Ima går for Johnny Depp...

...medan eg går for Donald Duck

Elvis og eg syng duett

Hey Mickey!

Akkurat no finn eg ikkje alle bileta frå dei siste dagane, men det er kanskje like greit, for eg var ganske lei meg då Mamma og Pappa reiste att. Det var så fint å ha dei her! Tenk på alt det rare me rakk å oppleve på dei to vekene, -alt frå rusling i San Franciscos gater, kjempetrær me ikkje fekk lov å røre (men som me rørte likevel), køyring på kjente og mindre kjente vegar, og motellfrokostar av ymse kvalitet til rare elefantselar, kvardagen i Isla Vista, lang spasertur på stranda, shopping på åtte timar på Outlet, katolsk gudstjeneste og galskapen i LA. For å nemne noko. Himmel og hav for nokre innhaldsrike dagar!:)

Som plaster på såret reiste Ima og eg i Disneyland, og endå skulle eg få ha ho hos meg eit par dagar til. Så det var ikkje så veldig synd på meg;)

"Here you leave today
 and enter the world
 of yesterday, tomorrow and fantasy"


Ima i Drommeverden <3

Eg e så takksam for at dei advarar meg,
så ikkje stor skade skjer



Bileta frå dei siste dagane Ima var her er også på den bortkomne minnebrikken, og sidan eg må komme meg vidare på denne bloggen, får eg oppsummere dei litt skriftleg: Me kosa oss her i Isla Vista: gjekk lang tur, stod på longboard, var på kajakktur med Gerritt, fekk vera berre oss to litt, koste oss, smilte og lo. Det var så godt å ha ho her! Og det var IKKJE noko artig å vinke ho avgarde med flybussen då den dagen kom..

Tusen takk for at dykk kom på besøk! Eg kosa meg kvart eit sekund, og ler og kosar meg når eg ser på bileta frå desse dagane. Eg er så takksam for at dykk kom på besøk! Det betyr mykje for meg at dykk har sitt korleis me har det her og veit kva eg snakkar om når eg fortel frå livet i Cali. Dåke er dei beste!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar