tirsdag 3. mai 2011

Kultursøndag

No skal eg vise dykk litt korleis det er i sentrum i Santa Barbara ein fin og vindfull søndag. Men først skal me ein liten tur innom Old Mission Santa Barbara, som er ei av dei mange gamle misjonsstasjonane som ligg oppover California. 





Denne souveniren fann me litt morosam

Tuppen og Lillemor

Kvar søndag er det kunstmarknad nede ved strandpromenaden i Santa Barbara downtown. Sofistikerte som me er, måtte me sjekke ut dette her. Eg fann faktisk eit nydeleg maleri som eg verkeleg kunne tenkt meg, men prislappen gjorde desverre vårt eventuelle sambuarskap uaktuelt. (Eg vel å stille meg uforståande til at nokon ikkje ville spandere det på meg, -det var då berre snakk om ca 15 000 NOK)



Sidan det var litt overskya og vind denne dagen, vart ein tur ut på piren ein passande søndagsaktivitet. Her fekk me oss ein kopp med noko varmt i kvar, før me rusla rundt litt til. Dagen vart runda av med god meksikansk mat, og ein tur ned til togstasjonen. Der står nemleg eit gigasvært tre som Espen og eg er svært fascinert av. Det var planta i 1877, og skal vere det største av sitt slag i heile USA.



Mykje vèr til Santa Barbara å vere

Ima snakka om den salaten ho fekk her resten av opphaldet;)

Lita jente og stort tre

Det var her ein skulle hatt vidvinkel


2 kommentarer:

  1. Ååå! Tuppen å lillemor! <3

    Men seriøst, dritseriøst ass, det e verkelig den beste salaten æ nånn gång har smaka! (Beklage, men den va hakket ber enn den du laga å, kjære.) Det e itj tull en gång! *Savn*

    SvarSlett