![]() |
Hei dåke der heime:) La oss fortelje om ei spesiell oppleving me hadde på fredag: |
Me tek det frå starte av:
Ein dag kom Espen heim og sa at ein av forelesarane hadde fortalt han om ein klekkeplass for monark-sommarfuglar. Denne sommarfuglsorten er opprinneleg frå USA og Canada, men kan fyke svært lang. Difor er den òg å finne nokre plassar i Europa, Australia og på New Zealand. Det interesanne og spanande med disse sommarfuglane for vårt tilfelle var at ein av dei største klekkeplassane i heile California kun er ca 5 min. køyretur unna her me bur! Sommarfuglane er på denne klekkeplassen frå november til februar, og på denne tida kryp dei utav puppane sine og blir til vakre fargerike skapningar.
Dette kunne me ikkje gå glipp av, så på fredag som var heiv me oss ein gjeng i bilen og fòr på oppdagelsesferd. Det var ein nydeleg dag, perfekt for sommarfugl-ekskursjon. For når det er varmt i lufta, foldar sommarfuglane ut vingene i all si prakt.
![]() |
Espen og Erlend på sommarfugljakt |
![]() |
Sommarfugl-klasar. Dei som fauk rundt var ikkje så lette å fange med linsa |
Før var det opptil 200 000 på denne klekkeplassen, men no var det visstnok "berre" ca 20 000 der.
Også nedover nokre trestammer hang dei på rekke og rad. Me gløymde heilt tid og stad, og knipsa, peika, glodde og gapte, heilt trollbutne av dette fantastiske naturfenomenet me fekk oververe.
![]() |
Ei trerstamme med sommarfuglkåpa på |
Etter langt om lenge glodde og knipsa me litt til, før me rusla tilbake til bilen. Rusa på livet og med eventyrlysta pumpande i årene, var me ikkje klare for å gå heim til huset vårt igjen. Så me svinga innom Sushimannen (som eg skal fortelje om ved ein seinare anledning;), og køyrde til stranda.
![]() |
Sushi på stranda, -er det litt "kanibalistisk" på ein måte? |
Fortsatt er det ikkje heilt bikini-tilstandar der (vertfall ikkje for frysepinnar som meg), men me hadde nokre fine timar i sola likevel. Litt pensum fekk me òg konsumert, så alt i alt gjekk denne fredagen inn i minneboka som svært vellykka!