Hei hallo godtfolk, og takk for sist!
No er me vèl tilbake igjen i Goleta, Santa Barbara, og det er igjen på tide å dele små og store kvardagsøyeblikk med familie og vener der heime.
Sidan sist har eg hatt nokre herlege desemberveker heime hjå familien min, gjensyn med nære og kjære, litt jobbing, mykje sosialt og mange fine stunder. Espen kom heim i midten av desember, og 1. juledag reiste me saman med heile den flotte familien Hatlevik tilbake til Santa Barbara. Det skal eg fortelje meir om sidan, for først kjem ein kjapp biletkavalkade frå desember 2010 sett gjennom mi kameralinse:
 |
Juleverkstad i heimen |
 |
Marsipanfigurlaging med bestasysto:) |
 |
Gode nisseguten vår! |
 |
<3 |
 |
"E' du der inne Mini? Hallo? Me vente på deg!" |
 |
Kveldsvandring i snøen |
 |
Flotte gutar serverer gløgg akkompagnert av mandariner og twist |
Sjølvaste julafta feira me kvar for oss, og i Eldøyvegen 37 var det sjølvsagt same procedure as every year <3
 |
I år bestod det tradisjonelle godtebordet av både heimalaga
og amerikanske godbitar |
 |
Jul i heimen |
 |
<3 |
 |
God (h)jul |
 |
Den beste familien eg veit om! |
 |
1. juledag blei nytt saman med godgjengen
før papen kjørte meg til ferja, der Espen & co venta på meg |
Fine dagar heime blei, som tidlegare nemnt, etterfulgt av ei romjul saman med familien Hatlevik i California. Og dei er litt av ein flott gjeng, dei dere Hatlevikingane, for på tross av diverse utfordringar meistra me å få ein minnerik tur og fine opplevingar saman likevel. Men det skal eg altså fortelje meir om ein annan gong, for no må eg sove, slik at eg er opplagt til San Diego vol. II i morgon. Ha ei god helg alle saman!:)
å, for ei koselig jul du har hatt, då! Ü
SvarSlett