mandag 31. januar 2011

Monarch Magic

Hei dåke der heime:)
La oss fortelje om ei spesiell oppleving me hadde på fredag:

Me tek det frå starte av:
Ein dag kom Espen heim og sa at ein av forelesarane hadde fortalt han om ein klekkeplass for monark-sommarfuglar. Denne sommarfuglsorten er opprinneleg frå USA og Canada, men kan fyke svært lang. Difor er den òg å finne nokre plassar i Europa, Australia og på New Zealand. Det interesanne og spanande med disse sommarfuglane for vårt tilfelle var at ein av dei største klekkeplassane i heile California kun er ca 5 min. køyretur unna her me bur! Sommarfuglane er på denne klekkeplassen frå november til februar, og på denne tida kryp dei utav puppane sine og blir til vakre fargerike skapningar.

Dette kunne me ikkje gå glipp av, så på fredag som var heiv me oss ein gjeng i bilen og fòr på oppdagelsesferd. Det var ein nydeleg dag, perfekt for sommarfugl-ekskursjon. For når det er varmt i lufta, foldar sommarfuglane ut vingene i all si prakt.

Espen og Erlend på sommarfugljakt

Me fann ut kvar det var på kartet, køyrde eit lite stykke, og parkerte langs vegen. Vidare la me iveg innover ein skogsveg, tok av på ein sti, og plutseleg opna det seg ein plass føre oss midt inne i skogen. Me var tydelegvis komen rett, for der fauk det titusenvis av sommarfuglar rundt, og oppe i trekronene hang dei klasevis. Det var eit fantastisk fascinerande  syn!

Sommarfugl-klasar. Dei som fauk rundt var ikkje så lette å fange med linsa

Før var det opptil 200 000 på denne klekkeplassen, men no var det visstnok "berre" ca 20 000 der.


Også nedover nokre trestammer hang dei på rekke og rad. Me gløymde heilt tid og stad, og knipsa, peika, glodde og gapte, heilt trollbutne av dette fantastiske naturfenomenet me fekk oververe.



Ei trerstamme med sommarfuglkåpa på










Etter langt om lenge glodde og knipsa me litt til, før me rusla tilbake til bilen. Rusa på livet og med eventyrlysta pumpande i årene, var me ikkje klare for å gå heim til huset vårt igjen. Så me svinga innom Sushimannen (som eg skal fortelje om ved ein seinare anledning;), og køyrde til stranda. 



Sushi på stranda, -er det litt "kanibalistisk" på ein måte?


Fortsatt er det ikkje heilt bikini-tilstandar der (vertfall ikkje for frysepinnar som meg), men me hadde nokre fine timar i sola likevel. Litt pensum fekk me òg konsumert, så alt i alt gjekk denne fredagen inn i minneboka som svært vellykka!

4 kommentarer:

  1. Å, så heldig du er, Brit! Sånne klekkeplasser har jeg alltid drømt om å besøke..! Nydelig!

    SvarSlett
  2. En januardag i Trondheim hadde neppe blitt det ,"mener nu jeg da...." ! Jammen er dere flinke til å gjøre dagene rike på opplevelser ! :-) ....også er det vel ekstra kjekt å ta Kamera-ten med på sånne turer ;-) Fitjarklem :-)

    SvarSlett
  3. Åh, da e så kjekt med kommentara!:D
    Blir så gla då! TAKK!:D
    Du Mette, -huske du når du va og såg på billettar Trondheim-LA? Du e alltid velkommen! Og viss du skyndte deg så rekke du sommerfuglane..;)

    Ja, ser du at bildene e tatt med Kamera-ten?!;) Me eksprementere og lere, knallkjekt!
    Me prøve å utnytta tio her mest mulig mens me e her, og da e jo så luksus når opplevelsane e rett utfor døro:D
    Klem tebake te dåke på Fitjar og i Trøndelagen:)
    -savne dåke begge!

    SvarSlett
  4. Jeg har blitt inspirert av bildene dine Brit, så nå er speilrefleks jammen kommet øverst på ønskelista ;) Fantastiske sommerfuglbilder altså!! :)

    SvarSlett