fredag 28. januar 2011

Familieauke

Me har lenge ønska oss eit skikkeleg speilreflekskamera, og sidan me begge fortsatt er fattige studentar, vart einige om at det kunne vere (fjor)årets julepresang til kvarandre frå kvarandre. (Etter eit par rundar i tenkeboksen klarte me å godta at me faktisk (såvidt) er blitt så vaksne no at me taklar å ikkje få pakke av kvarandre under juletreet, og at å gå for ei felles invistering istadanfor kunne vere fornuftig).

Endå betre vart det når me venta til me kom tilbake til junaiten, sidan det er billegare med slikt her, samt at  det då var januarsalg. Dette måtte jo berre bli bra, tenkte me.

Og jammen vart det ikkje det! La meg presentere dykk for våras nye kamera(t) Nikon D3100:




Dette er ein kjekk liten kar, som me blir litt betre kjent med for kvar dag som går. Han har eit vinnande vesen, er kjapp på avtrekkjaren, har eit skarpt blikk og auge for detaljar. Me er svært svake for han, men han veks så alt for fort, -han har allereie fått eit nytt og større objektiv!




Me vil ikkje at han skal mangle noko her i livet, så han er ein velutstyrt liten krabat, med div. filter og ei veske som er berre hans (som han forresten allereie har vakse utav). (Er det no det høver å sitere mi kloke syster Marta, som uttalte at "her i USA er alt så billig at det vert dyrt!"?!)

Kameraten elskar å vere med oss ut på tur, og då manglar det ikkje på merksemda; begge dei føresatte kriblar i fingrar og tær etter å få være den som viser han rundt! Me har allereie delt små og store øyeblikk med han, og alt sørgjer han for å dokumentere godt for oss. FOR ein kar!

Men, som alltid når det kjem nye familiemedlem, er det litt utfordringar òg. Det er ikkje alltid han gjer som me vil, og (for å vere heilt ærleg) kan han av og til vere litt komplisert. Men me lærer stadig å kjenne han betre, og eg føler forholdet vårt veks dag for dag. Han byr på seg sjølv, har tålmod med oss, og prøver så godt han kan å halde fokus sjølv om me går oss vill i alle innstillingane. Og eg må sei at me kjem oss!

Som de forstår så er me svært engasjert i denne vesle go'klumpen vår, og det er fint å ha felles interesser å samle seg om. Dettte kjøpet var rett og slett eit blinkskot!

4 kommentarer:

  1. SLITAN ! :-) Her hjemme gleder vi oss med dere og ser med forventning fram til å få se hva han kan . Regner med du stolt viser det fram her på bloggen :-) Kanskje han får hilse på Leonardo i helgen ? ;-) Fitjarklem :-)

    SvarSlett
  2. Takk:D Ja, frå no av er det nesten berre Kamera-ten (som han no heiter) som gjeld, for me synes det er så kjekt med alt me kan gjera og eksperimentera med! Å ta bilete er ikkje lenger kva det eingong var;) Og med den zoomen der satsar eg på at Leoen òg blir foreviga:D

    Ha ei flott helg der heima<3
    Klem til alle dåke!

    SvarSlett
  3. du e so løyen, brit!
    gratulera med den nye kameraten Ü

    SvarSlett
  4. Takk Åso:D Han e ein fin ein! Da e du òg!;)

    SvarSlett