mandag 11. april 2011

Pappa i Yoghurtland

Ein av dagane var mamsen, papsen og eg nede i Santa Barbara sentrum. Her gjekk me på den tidlegare omtalte Yogurtland, som du kan lese om i dette innlegget. Kort oppsummert er dette ein plass der dei sel yoghurt-is, nesten som softis. Den kjem med forskjellege smakar, og det beste av alt er at du får forsyne deg sjølv frå dispensarar på veggen. På slutten toppar du det heile med friske bær, fruktbitar, sjokoladebitar, strø og alt anna godt ein kan tenkje seg.

Dette var midt i blinken for papen, og resten av opphaldet var han ein stor pådrivar for å leggje turen innom Yoghurtland, eller liknande. Stadig vekk. Gjerne kvar dag. 

"Hmm, her var det mange frestande smakar å  velge mellom..."

"Eg prøver litt av denne. Og litt av denne. Og..."

"...litt av denne. Og kanskje litt av denne..."

"Oj, slik må me ha! Dette vert bra!"

Ein nøgd gjeng!

Her er ved ein anna anledning;)

 Det skal seiast at sjølv om pappa var den ivrigaste pådrivaren, var me ikkje vonde å be me andre heller. Eg stemmer for pappa sin idè om å opne ein Yoghurtland heime i sommar!

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

Når eg fyrst er inne på vår dag nede i sentrum, kan eg legge ved litt fleire bilete.


Lunsj og fortausrestaurantkos i sola innimellom all butikktraskinga


Avslapping på Sand Bar og Restaurant

Mamma er koseleg!

Då me satt og slappa av og preika skit på Sand Bar, kom det plutseleg ein svær gjeng syklistar fykande forbi med skrik og skrål. Det var mange rare syklar å sjå, slike heimamekka som me av og til ser i nabolaget vårt. Då dei kom forbi ein runde til, rakk mamma å ta bilete av dei.




Det som var ekstra artig var at då me kom heim og såg på bileta, såg me at den fremste personen på biletet er Xavier, ein av våre kjære nabogutar. Snakk om blinkskot!

Espen hadde vore flink eksamenslesandes student heile dagen, og på kvelden gjekk me alle fire og åt middag på restaurant.

Eg prøvde verkeleg å ta eit bilete der alle hadde augene opne, men...

 Nok ein fin dag med fine folk!

4 kommentarer:

  1. Og jaggu meg klare Brito å få et bilde av maten sin i front sjøl om da e folko så ska fangas;)

    SvarSlett
  2. *Kremt, kremt* Korr e kredsa te den flenke fotografen som tok mang tå Yogurtland bildan???

    SvarSlett
  3. Silje kuleAnita Hallem14. april 2011 kl. 14:39

    Kan du ta med heim litt sånn til meg?? Eg gikk litt glipp av det der eg, og eg kjenne det var irriterandes... På forhånd takk <3

    SvarSlett
  4. Mete, du kjenne meg for godt!;)

    Silje kuleAnita Hallem, da e jo igrunn ein katastrofe! Eg forbanne den der Superdødendrit-influensaen som spolerte for oss.. Men eg love: Eg ska fiksa vår egen variant heima i sommar! Eg har ein plan;)

    Og ja forresten: La dåke merke te dei fantastisk flotte bildo i ditta innlegget? Eg vil berre få tilskriva æro for mange av dei te mi svært dyktige, kreative, kule og usedvanlig vakre venninne, IDA MARGRETE HØGLO!

    SvarSlett