mandag 25. oktober 2010

Ein solskinsdag

For ei stund tilbake var kjærasten til Anders, Ingunn som bur i San Diego i år, på besøk her i Goleta. Lørdagen var ein solrik dag, og den tilbragte me saman med dei nede i Santa Barbara sentrum. Første høgdepunkt var Yogurtland! 

Illustrasjonsbilete er henta frå www.examiner.com

Her er det mange yoghurt-is-dispensarar på veggen, og det er berre til å velge akkurat dei smakane hjarte kan begjære! Og som om ikkje det er glede nok for meg, så kan me toppe isen med det me vil av bær, strø, snop, kjeks, fruktbitar, saus osv. For ein fantastisk plass! Eg klarte sjølvsagt ikkje å velgje, så eg tok litt av alt, eg.. Nesten alt vertfall. Det blei ei herleg smørje til slutt, spesielt då den byrja å smelte...

Me nyt yoghurtisen vår ute i sola

Ja takk,  helst litt av ALT!
Då me kjente oss nøgd med butikk-kikking (oj, mange k'ar!) , rusla me oss ned mot stranda. Der er det ein fin promenade, og då Espen og eg var på do-jakt, gjekk me forbi eit par koselege vesen som eg måtte fange med linsa.

Eit velfødd ikådna (eller ekorn, som dykk andre seier)


Strandpromenaden

Kjekkasen

Piren

Fugleliv



Etter å ha lata oss litt på stranda, køyrde me heim der det venta grilling saman med resten av gjengen.

Espen og eg er gode på grillspyd


(dette bilete måtte med berre fordi eg såg så skeptisk ut. Noko eg ikkje var. Trur eg)

1 kommentar: