fredag 1. april 2011

Dag 3 og 4: Highway 1

Bloggoppdateringa mi går ikkje så kjapt om dagane, men det får dykk ta som eit sunnhetsteikn. Eg har rett og slett ikkje prioritert å sitje inne med dataen når sola skin ute, det er gøy trening på gang, naboar vil ha meg med på surfing eller å padle kajakk, eller om me finn på å gå på fjelltur eller grille i hagen. Så når eg fyrst finn roen til å sitje stille meir enn 10 min. samanhengande, må eg prioritere pensumslesing.

Men innimellom finn eg smutthol, og då sorterer og redigerer eg bilete med stor fornøyelse! Det er så kjekt å sjå på alle minnene me har. Her skal eg presentere dykk for dag 3 og 4 med mamsen og papsen på besøk.

Det er blitt mandag og tid for å forlate San Francisco til fordel for sørlege trakter. Me henta leigebilen, og det fyrste som møtte oss då me køyrde Geary street ut av byen var byrjinga på Highway 1 attmed ei nydeleg strand:



Med dette tok me fatt på den vakre Californiakysten. 


På vegen stoppa me der det er falt oss inn, om det var utsikten, forveteskapet eller tomme magar som var motivasjonen. Me hadde tid og veg føre oss, og tok det litt som det kom.
I  Santa Cruz hadde me ein litt lenger stopp, og det var også der me overnatta. 

Sanra Cruz

Koseleg!


Det fyrtårnet ein kan skimte på bilete over er eit surfemuseum. På veg oppover til San Francisco stoppa Gerritt og eg i Santa Cruz, og då bestemte me oss for å besøkje dette museumet. Etter å ha traska bort der i regn og rusk møtte me ei låst dør, så denne gongen freista eg å prøve på ny. Men neida, det er nok ikkje meininga at eg skal draume meg bort i surfehistoriens fortid, for atter ein gong møtte eg stengde dører og ein lapp som viste at det var utenom opningstid.

Jaja, eg har iallefall vore her...

Me planla å overnatte i Santa Cruz, men fyrst køyrde me innover i landet litt. Me ville nemleg sjekke ut Big Basin, som i følge guideboka til mor skal vere den vakraste redwoodparken sør for San Francisco. Redwood er ein tresort som det er mykje av i California, og kan kjenneteiknast av at dei vert enormt svære. Dette ville me gjerne sjå, og tok fatt på dei kronglete vegane austover. Etter å ha køyrd langt, langt og lenger enn langt, byrja sjølv landevegsvante norske vestlendingar å tvile på om me faktisk var på rett veg, for meir aude og mindre skilta vegar var lenge sidan me hadde sett. Heldigvis gav me ikkje opp, og etter å ha spurt oss litt fram på lokale brennevinsutsalg (tilfeldig valg av stopp, og møte med svært hyggelege og hjelpsomme folk), kom me fram ein liten time før sola gjekk ned.


Hytta som signaliser at ein faktisk er komen rett likevel

Denne tida nytta me godt, og sprang rundt i skogen og knipsa bilete. Det var ingen andre der då, så me slo oss laus. Det var riktignok gjerder rundt dei fleste av trea, men dei var det  jo berre til å stige over for å få dei beste bileta! Då me kom heim og viste Espen bileta me hadde tatt, lo han godt, for han hadde sett ein video på Youtube der ein kar hadde gjort det samme, og han hadde blitt kjeppjaga av vaktene då han var borti trea...

Jaja, artig hadde me det!

Me følte oss som små knøtt blant dei enorme trea.

Pappa poserer

Hole trer som fortsatt lever på tross av skogbrann

Father-of-the-Forrest er eldst i skogen med sine 2000 år.
Me klarte nesten å nå rundt det.

Tss, litt gjerder er vel ingen hindring

Mamma og Mother-of-the-Forrest, som er 100 m høg



Me rakk å gå den 2 km lange rundturen før mørket tok oss heilt, og godt nøgde med opplevinga, køyrde me attende til Santa Cruz. Etter ei natt på motell i der, heiv me oss ut på vegen att.

Denne dagens første post var sjarmerande Carmel. Dette er ein ganske spesiell liten by med 4000 innbyggjarar, 850 hundar og hus frå 1920-talet. Det er ikkje lov å setje opp neonskilt, trafikklys eller parkometer der, husa har ikkje husnummer, og ein har ikkje lov til å felle gamle trer der uten løyve frå byrådet. Då bystyret ikkje ville leggje tilrette for alle turistane med fleire offentlege parkeringsplassar og offentlege toalett, stilte ingen ringare enn Clint Eastwood opp som borgermesterkandidat med nettopp dette på programmet. Og jammen vart han valgt, og var borgermester her frå 1986-1988. Han eig fortsatt nokre eigedomar der, blant anna Hog's Breath Inn.


Her hadde me eigentleg tenkt å ete frokost/lunsj, men pga stive prisar (dei veit å ta seg godt betalt disse skuespelarane), valgte me heller eit litt mindre formelt måltid på Cottage Inn litt lenger nede i byen.

Heimekoseleg atmosfære og god mat

Etter å ha sett oss litt om blant alle galleria og småbutikkane i Carmel, var det på tide å komme seg vidare atter ein gong.

På vegen nedover ser me eit fantastisk skilt i vegkanten; fem avokadoar for 1 $! Normalt får du 1 avokado for den prisen på butikkane her, så dette måtte me sjølvsagt ta i nerare augnesyn. Dette var altså eit Farmers Market der lokale bønder solgte varene sine til ein latterleg billeg penge. Eg opplevde eit øyeblikk av maksimal glede, for god frukt/grønsaker som i tillegg er superbilleg er som himmelen for meg. Eg prøvde verkeleg å begrense meg, men eg trur eg kan sei det slik at eg nettopp åt den siste grapefrukta der frå..

SJU slike grapefrukter som du ser i front her for 2 $. Det er 12 NOK, det!
Og TI slike som ligg bak for samme pris.. Himmel og hav!

Då me endeleg klarte å dra oss bort frå denne vidunderlege plassen, var det noko endå betre som venta oss, nemleg Big Suir. Dette er kystområdet frå Monterey og sørover mot Morro Bay, og det er kjent for sin vakre natur.


Det er 26 bruer nedover kysten, men den du såvidt kan
 sjå her er nok den mest fotograferte





Før mørket kom over oss denne kvelden, nådde me akkurat San Simeon. Her er det ei strand der mange sjøelefantar lever naturleg. Sjøelefantar er verdens største selart: hannane kan bli opp til 4 meter lange og 2000 kg, medan fruene veg 600-900 kg. Dei likar seg best på mennesketomme øyer, men av ein eller annan uviss grunn har dei slått seg ned her på denne stranda. For ei tid tilbake var dei utrydningstrua på grunn av sitt oljerike spekk, men her får dei leve i fred og ro, og dei såg ikkje ut til å plagast av alle dei fotograferande turistane som stoppa for å sjå på disse rare skapningane.


Avslappa gjeng

Selane låg strødd utover heile stranda så langt me kunne sjå

Sidan mørket kjem sigande ganske fort her, bestemte me oss for å hive oss inn på Highway 101 den siste biten ned til Santa Barbara. Utanom Solvang, som me planla å besøkje på eit seinare tidspunkt, er det ikkje så mykje interessant å sjå frå San Simeon og sørover til der me bur, og eit godt stykke er Highway 1 samanfallande med 101.
Vel framme i Camino Corto i 21:30-tida tok Espen varmt imot oss med ein god kveldsmat (eg trur eg diverre var for trøytt til å hugse å ta bilete av det). Han kunne ikkje vere med opp til San Francisco på grunn av skulen, men så lenge me held oss i Santa Barbara-området kan han vere med på ei og anna utflukt. Meir om det kjem så snart eg finn tid, og i mellomtida skal du ha takk for at du stakk innom:)

lørdag 26. mars 2011

San Francisco i bilete. Dag 2

Søndagen i San Francisco starta med frokost og telefon heim for å sjekke ståa der. Når mat var inntatt og me var oppdatert på vèr og andre viktige forhold heime, satte me oss på ein trikk i retning Haight-Ashbury. 

"Snø og sludd seie du? Jaha.. Joda, takk berre bra. Sol og vår her ja. Jada så.."

Haight-Ashbury er eit området rett aust for Golden Gate Park, der hippiane haldt til i si tid. Eller, det vil seie: nokre av hippiane gjekk fortsatt gatelangs, og ut frå den hjertlege synginga og det store smilet, trur eg dei fortsatt lev på midten av 60-talet på sin eigen måte.

Her er det mange rare souvenirbutikkar, antikkvitetbutikkar og originale folk å sjå på. Først gjekk me av trikken litt for tidleg, men sidan San Francisco viste seg å vere full av eksepsjonelt hyggelege og hjelpsame folk, fann me fram til slutt.


Haight-Ashbury



Tida gjekk fort der me traska i gatene og kikka i butikkane. Etter ei stund fant me oss litt mat, og tok turen ned til Fishermans Wharf att. No var det båttur som stod på programmet. Der fekk me både sjå byen på avstand, Golden Gate Brigde på nært hald og Alcatraz frå alle sider.


Pappa dokumenterer

Mamma <3








Pappa <3

<3

Alcatraz

Etter båtturen rusla me oss via litt butikkar og mat og i retning hotellet, og så var faktisk dagen over. Dagane går fort i godt selskap!


Ups..!

fredag 25. mars 2011

San Francisco i bilete. Dag 1

Eg fann ut at eg må fortelja om turen vår litt dag for dag, eller i allefall etappe for etappe, for dette viste seg å vere omfattande. Jammen fekk me gjort ein del! Og sidan me får Åslaug, Bjarte, Borgni og Kjersti på besøk i april (JIPPI), og dei ynskjer informasjon om div. plassar, skal eg prøve å vere litt informativ òg.

Turen vår starta i San Francisco, der eg møtte Mamma og Pappa på flyplassen.
 
Velkomstkomitèen

Då me hadde funne hotellet me skulle bu på i San Francisco, var mammo sengeklar etter ei heil Amerikareise. Papen og eg derimot, me trengte litt mat. Eg foreslo sushi-restauranten som låg rett attmed hotellet, nesten litt på tull, men trur du ikkje papen heiv seg med?! "Eg e' ingen noldus" sa han, og slentra inn. Og med det satte han standarden for resten av turen.

Pappa er verdensvant

Dag 1 i San Francisco starta me med ein god frokost, før me gjekk laus på byen. Først gjekk me ned på Farmers Market, eit stort marked der dei sel mange gode freistingar. 

American breakfast
Det var meldt regn og rusk, og til og med snø denne helga, men eg trur gleda over å få storfint besøk må ha virka inn på humøret til vèrgudane òg! Me fekk strålande sol og klårvèr. At det ikkje var meir enn rundt 10*C må ein vel rekne med så langt nord i midten av februar.


Rusling langs Farmers Market

På Farmers Market møtte me Garritt, London og Britt, som eg hadde vore med i Santa Cruz på veg oppover til San Francisco. Britt er forresten ein gut, og sidan Britt og Brit uttalast likt her, vart det mykje morro ut av dette. Til slutt tiltalte dei oss kun med Male-Britt og Lady-Brit.


Britt, Brit and Garritt (min kjære nabo)


Herlege gatemusikantar

Etter marknaden tok familien Lindeflaten Dahl sine representantar turen til Pier 39 på Fishermans Wharf. Dette er ei skikkeleg turistfelle med mange kjekke butikkar og mykje rart å sjå på. Derfrå hadde me også utkikt til både Goden Gate Brigde og Alcatraz.


Du kan skimte GG Brigde heilt til venstre og Alcatrz heilt til høgre i biletet

Mykje rare souvenirbutikkar. Gjett kva denne er for?!



Familiehygge på Hard Rock cafè
Er det ferie, så er det ferie

Etter å ha traska ei god stund på Pier 39 var det tid for middag. Me gjekk på Bubba Gump Shrimp Company, ein restaurant som er basert på den kjende filmen Forrest Gump. Her åt mamma og pappa ei skalldyrgryte som Marta har snakka om sidan ho åt den samme plass for 1.5 år sidan. Det var ein braksuksess!

Mamma hadde det kjekkaste måltidet hu "har hatt EVER!"

Pappa koser seg

Etter dette herremåltidet rusla me vidare langs Jefferson Street, som går frå Pier 39 og i retning Golden Gate Brigde. Der er det mange butikkar, restaurantar og ting å sjå på. Om du skulle reise til San Francisco ein gong anbefaler eg deg å gå på Rainforrest Cafè. Me var innom og kikka, og vart totalt fascinert! Her hadde dei laga ein "innandørs jungel" med mange artige effektar. Må opplevast. 

Vidare gjekk me opp ei gate som heiter Hyde street for å sjå etter den vakre "blomstergata" som går sikk-sakk nedover. Denne er for mange svært kjent frå bilete, men me kom på oppsida av den, og det er ikkje å anbefale. Gå heller til der Leavenworth Street møter Lombard Street. Dessutan hjelper det nok på opplevinga om ein er der når blomane blømer, for med bare kvistar er det ærleg talt ikkje så imponerande;)

Bilete er lånt frå her

Ein av oppoverbakkane som gir San Francisco særpreg. Golden Gate Brigde i bakgrunnen

Cabel Car, -også eit kjent fenomen i San Francisco

Bilete tatt frå ein Cabel Car på veg heim etter ein lang og fin dag

Ups, sleit eg dei heilt ut...?