tirsdag 30. november 2010

Å vere heime...

...er slettes ikkje så verst det heller, skal eg seie dykk!

No har det vore litt tørke her inne på bloggen, for dagane går med til eksamenslesing. Men eg er god til å prioritere kos innimellom øktene òg, og her er nokre glimt frå korleis dagane arta seg her:

* Bursdagsfeiring av Anna 14 år, og komlemiddag hos Mormor:



* Tur i Landåsen i vinterkulda, saman med Mamma og Marta:




Der vitja me "Eventyrskogen", som er heilt fantastisk fint tillaga.
Må opplevast!


Vinterlandskap i mange minus




* Besøkje Astrid og Alexander og dei andre kjekke folka i Ølensvågen.
 (Eg trur eg var så oppslukt av denne sjarmøren at eg reint gløymde å ta fleire bilete då eg var der).

Han kan både lage klikkelydar med tunga,
gå mange steg på eigahand,
og sjarmere kven som helst ned i støvlane!


* Omvendt proposjonelt med at jetlagen sakte men sikkert slapp taket, 
har studeringa mi tatt seg opp att. No dei siste dagane har eg vore back on track:

Ikkje så gale når eg får mat servert ved behov.
Og ikkje hadde eg trudd at eg var den som skulle verta begeistra over eit
 gjensyn med Grandiosaen, men jammen sa eg smør!


* Stor takk til dagens teknologi! <3

Hyggelege gjensyn og kjærkomne avbrekk i ein monoton lesesituasjon


* Overnatting og lang og god frokost hos mi kjære, kjære Mormor. 
Me tente det første adventslyset, snakka slik som berre Mormor og eg kan, og kosa oss med selskap av småfuglane utforbi

Mormor, du er min beste venn!

Småfuglane skal også ha frukost


* Å komma til duk og dekka bord kvar dag er litt av ein luksus:

Søndagsmiddag i Eldøya. Med fine foreldre og heimalaga ripssaft <3

Gjensyn med gode vener har det også vorte litt tid til, og eg ser fram til meir slikt når eksamen er overstått. No er det kun siste innspurt som gjeld, så får det gå som det går på eksamen. Etterpå er det juleforderedingar, litt jobbing og diverse anna kos som står på programmet. Glede!:)


4 kommentarer:

  1. Å ha deg heima e slett ikkje so verst da heller;)

    SvarSlett
  2. å, eg glede meg te å komma heim te ditta!
    MASSE lykke te på eksamen i måro. snart har du HEILT ferie, flinkisen min!

    SvarSlett
  3. Hjelpe meg, jeg fikk bare lyst til å kaste meg i bilen og dra på besøk til tante Beate nå kjenner jeg. Flotte flotte damen!
    Og ikke minst til å drikke saften til din mor, som er verdens beste!

    SvarSlett