lørdag 5. februar 2011

Bursdags-Brit!

Etter 25 år burde eg vel snart vere vane med at 21. januar betyr bursdag, men kvart år kjem det like brått på meg. I år var intet unntak, men jammen meg vart det ikkje ein framifrå dag fordet!

Dagen starta med digg frokost a la Espen. Heile kollektivet samla seg til ein lang og god frokost/brunsj/lunsj (alt etter kor langt kvar enkelt var komen i dagen sin;).

Pannekake- og speilegglaging

Bursdagsjento fekk sitta og slappa av og
 få servert caffe latte 

Alle mine kjekke sambuarar:
Per, Anders, Ingunn, Rebecca, Erlend og Espen

Ute skein sola, så her var det berre til å gripe dagen. Difor tok me med oss litt pensumbøker, og kjørte til Goleta Beach. Det var litt kjølig, men innimellom vindkasta varma sola skikkelig godt! Og berre det faktum at me kunne nyte strandlivet i slutten av januar varma nok i seg sjølv;)

Goleta Beach

Tja, dette var då ikkje direkte vondt..!

Okey, det var litt kjølig vind for frysepinnen...

Kos!


Litt utpå dagen køyrde me heim att og laga oss litt middag. Ein av mine fantastiske sambuarar, Erlend, laga muffins til meg (etter oppskrift frå den geniale muffinsboka eg fekk av Torill til jul:).


Tusen takk, Erlend! <3

Eg fekk til og med eit lys på toppen,
type fyrstikka:D 


Plutseleg ramla ein pakke ned i postkassen vår, og den var til meg frå Espen! Han gjekk all in og gav meg ei pulsklokke, type Garmin Forerunner 110!! Den har stått høgt på ynskjelista mi lenge, og har allereie gleda meg mykje. Den har innebygd GPS, så no har eg full kontroll på lengde, fart, tid, puls, stigning, gjennomsnitt av alt, maks/min av alt, kart over kvar eg har jogga osv. Så no har fokuset flytta seg frå rein treningsglede til statestikkglede (og i og med at fleire andre kollektivmedlem er blitt innehaver av lik klokke, er det ikkje fritt for at det har gått sport i andre ting enn sjølve joggeturen...;)


Då pakken ikkje kom ferdig innpakka,
som bestilt, improviserte Espen
med eit handklede og duct tape;)
<3

Bilete lånt frå her


Som om dette ikkje var nok for ein 25-årsdag, så stod margaritas og bowling på programmet på kvelden. Eit artig konsept igrunn: kombinert bar og bowling slo an! Dessutan hadde dei tidenes beste pommes frites der!

Jentene kosar seg:)

Espen i aksjon!
Og viss du zoomer inn på bilete,så kan du sjå på
resultattavla kven som er i leiinga
 (og forsåvidt vann den runden..! *kremt*)


Det som var ekstra kjekt i år, var at eg hadde bursdag praktisk tala i 33 timar! For allereie kl 15 dagen før byrja det å tikke inn helsingar på facebook og telefonen, for då var klokka bikka midnatt heime. Når kvelden og natta kom her, var det fortsatt midt på bursdagen min heime, så når eg vakna hadde eg over hundre helsingar på facebook! DET var gøy, det:)


Iphonen litt utpå dagen <3

Tusen takk til dykk som huska på meg, og viste det anten med ei helsing på fb, ei tekstmelding på tlf, ein telefonsamtale, ein tanke eller ved å dele dagen med meg! Eg er rik på gode vener og familie!

1 kommentar:

  1. Ser man det. Der var jeg avbildet på bloggen din :) Bra du koste deg på bursdagen din :)

    SvarSlett