Når ein bur så langt heimafrå, er det ikkje fritt for at ein saknar eit og anna matprodukt i kvardagen frå tid til annan. Så då Ingunn og Anders var innom Sjømannskyrkja i LA i helga, var me ikkje snaue: der har dei nemleg ein kjekk liten butikk som sel norske og svenske varer (dog til ein ukristeleg stiv pris).
I det fylgjande vil Espen entusiastisk presentera dykk for dagens fangst:
 |
No vert det egg og kaviar på sjeva att |
 |
Espen er svært glad i egg og kaviar på sjeva! |
 |
Det faktum at denne vesle tassen kosta 11 $
ser ikkje ut til å plage Espen noko |
 |
Espen er veldig glad i både Bergen og fiskesuppe |
 |
Espen går solo |
 |
Espen er like søt som
den svenske vaniljesausen |
Eg ser at det kan vere fare for at modellen tek fokus bort frå produkta, så for ordens skuld skal dykk få eit bilete der samtlege produkt, direkte levert frå Sjømannskyrkja, er oppstilt. Ein kan bli religiøs av mindre!
 |
Heimlengsel! |
Heia Sjømannskirken !!! Det er jammen godt at de tar seg av BÅDE sjel og legeme !!! Viktig begge deler ;-)Fitjarklem ;-)
SvarSlettDu paparazzi-Brit, æ tru Espen e litt lei tå å ta bilde på det siste... Kaviar - mmm! <3
SvarSlettJa, da va derfor han slapp å vera med på da..
SvarSlettHeia Sjømannskyrkja seie eg òg!:D
for ein modell! eg ler meg i hjel! Ü
SvarSlett