mandag 7. februar 2011

The Nature Theatre

I dag har vore ein dag som eg må skrive om her, slik at eg kan hugse den for alltid (denne bloggen er jo ei open dagbok/minnebok gjennom året me er her i California, og eg har ein plan om å printe den ut når me er komen heim att). Spesielt med tanke på at eg ikkje kunne ta med kameraet, vil eg prøve å skildre denne favorittdagen skriftleg.

Dagen starta igrunn ganske vanleg; eg stod opp, fann meg frokost, vinka gutane avgarde på skulen, og fann fram skulebøkene. Eg rakk til og med å byrje på ein brøddeig før det banka på døra. Det var vår eventyrlystne nabo Garrett som lurte på om Ingunn (som òg er heimeverande student) og eg hadde lyst til å vere med å padle i kajakk. Tidligare i veka tok han oss med på surfing, og sidan både Ingunn og eg hadde ein fantastisk opplevelse då, kunne me ikkje stå imot freistinga til å bli med ut på havet i dag òg. Eg lot brøddeig vere brøddeig (hadde heldigvis berre blanda det tørre), og heiv meg med.

Sola skein, me trilla kajakkane ned til sjøen på skateboard (!), og livet var fint og spanande. Vél nede på stranda hoppa me i kajakkane (Garrett i ein og Ingunn og eg i ein dobbel), og padla utover. Det var vindstille og relativt små bølger me måtte jobbe oss over, og me padla oss i eit fint tempo framover. Eg kjente sola varma meg i nakken, og det glitrande vatnet minna meg litt om dei fine sommarane på hytta i Hardangerfjorden.

Garrett lurte på om me ville vere med bort til "Party Islands", og me var som vanleg ikkje vonde å be. Me padla eit godt stykke og kom fram til noko som viste seg å vera nokre svære oljefat som mange selar likar å ligge og sole seg oppå. Me fekk sjå dei på nært hold, og selane symde litt nysgjerrige rundt oss. Dei "onka" og ropte, symde rundt, hoppa opp og ned frå oljefata, og såg igrunn ut som dei hadde ein stor fest:)

Etter å ha beundra disse svære dyra litt, trakk me oss tilbake og snudde nasa mot stranda "vår" att. Me snakka litt om kva dyr me kunne møte på, og Garrett forsikra oss om at det aldri er hai her pga det er så grunt her i tillegg til at det ligg nokre øyer litt lengre ut og "sperrar" for dei. Det me derimot kunne få sjå viss me var heldige var delfinar, men det er umogleg å sei kva tid dei er der eller ikkje. Han hadde ikkje før sagt setningen ferdig før me me såg 4-5 finnar stikke opp litt lenger ute. Me heiv oss på årene, og fekk prima utsikt til ein liten flokk delfinar på veg til å bli med på festen til selane. Dei hoppa og symde litt kring oss, og me satt målbutne og såg på. 

Då delfinane var ute av syne, padla me inn mot stranda att. På vegen inn klarte me å fange ei stor bølgje, slik at me surfa på den heilt inn til stranda. Litt av eit kick! Og som om ikkje det var nok, så såg Ingunn og eg tre "mini-haiar" på ein liten meter kvar, nede langs sandbotnen. Dei er visstnok heilt harmlause, og dei var skikkeleg elegante (og litt skumle likevel). 

Naturen viste seg verkeleg frå si beste side i dag, og som Garrett sa det så godt: "Today we got the best seats at The Nature Theatre"! 

Med desse flotte opplevingane på netthinna og nyvunnen energi gjekk resten av dagen som ein lek med lesing i hagen, ferdiggjering av brødbaking, god laksemiddag, trening, jogging og litt meir lesing av pensum. No gjenstår det berre å legge seg nydusja i reine sengklede attmed min favoritt! Eg kjenner meg heldig!


5 kommentarer:

  1. Nok en fantastisk hverdagsopplevelse som Trondheim aldri kunne bydd på på en hustrig februardag ;-) Du skriver så godt ,kjære Brit , at jeg rent glemte at det ikke var fotografier her . Du har klart å skape de flotteste bilder i hodet mitt med ordene dine ! :-) Klemmer fra Mamma-Hatlevik :-)

    SvarSlett
  2. (På forhånd unnskyld, Ingunn!) Trøkk på pause, visk bort Ingunn, sett in Ima, trøkk på repeat!!! Du e heldig, Sweet!

    SvarSlett
  3. Tusen takk Mamma Hatlevik! Så kjekt at eg klarte å ta deg med på opplevelsen likavel!:) Og takk for at du bekrefte at eg tok rett valg ved å ikkje bli igjen i Trondheim:) Eg føle stadig sterkare at eg gjorde eit godt valg, men da e godt at ein av mine mentorar e enig!

    Haha Ima;) Kanskje me kan få te ein kajakktur når du komme òg? Selane e der garantert, og eg kan prøva å få te ein avtale med delfinane òg!;)

    Og Åso, viss eg klare å bli kjent med fleire som eige kajakk, evt finne ut om di leige ut ein plass, så kan dåke og få vera med på fest på Party Island, for no veit eg kor da e..;)

    SvarSlett
  4. JA! eg e heilt mållaus, eg. tenk å få opplevd da live!

    SvarSlett