Gratulerar med dagen, mamma mi! <3
Takk for at du er så snill, forståelsesfull og god å snakke med.
Spesielt når eg bur så langt unna er telefonsamtalane med deg ekstra verdifulle. Eg gledar meg så til du og pappa kjem på besøk! Takk for at du alltid stiller opp for oss, anten me er heime, bur litt langt unna eller veldig langt unna. Både dei små og store tinga du gjer for oss i kvardagen vert satt umåteleg stor pris på! Takk for alt du er for oss!:) Du er best, du veit det?!
Mamma med eit lurt smil og heilt sikkert ein lur plan også;) |
I tillegg har eg ei fantastisk svigermamma som eg òg vil gratulere med morsdagen!
I deg har eg fått ein unik god venn og rådgiver. Takk for at du frå dag èin har latt meg føle meg som ein del av familien, for alle dei gode samtalane me har, og for at du les meg som ei open bok;)
Du er ein veldig spesiell person for meg!
Eg er så glad i deg!
![]() |
Den beste svigermammo me kan tenka oss! |
Bestemødre skal også feirast!
Eg er velsigna med både ei Mormor og ei Farmor som alltid har vore der for oss barnebarn, gitt oss ubetinga kjærlighet, og lært oss stort og smått opp gjennom åra. Å alltid bli tatt imot med opne armar av ei ukritisk bestemor er det beste som finst, og samtalane me har er verdifulle skattar eg gøymer langt inne i hjarta mitt. Me kan snakke om alt og ingenting, dele synspunkt og erfaringar. Om ein veks utav eit bestemorsfang fysisk, så gjer ein det aldri psykisk. Dåke er nokre eineståande personar, begge to! Takk for at dåke er så gode forbilete for meg! Gratulerar med mormorsdagen og farmorsdagen!:)
Tull og moro på hytta. Mormor <3 |
![]() |
Farmor <3 |
Sist, men ikkje minst:
Gratulerar med din første morsdag, Metemor!<3
Anna gjorde lurt i å velge deg som mamma!;)
Eg gledar meg stort til å sjå deg "i aksjon", -tippar det fell deg heilt naturleg.
(Tenk all den erfaringa du har frå vår tid som "Barnevaktsentralen";)
Litlagullet er så heldig som skal få vekse opp under din omsorg,
-betre utgangspunkt kan ein ikkje be om her i livet! <3
Dette kler du!;) <3 |
Til alle mødre:
Du e no vel skjønne Britemor:)
SvarSlettÆ må bærre sei at det bildet tå dæ å mormor e nå tå det koseligaste æ har sjett på leng! <3 Det ska æ sjå på når æ trøng nå te å munter mæ opp.
SvarSlett