tirsdag 5. oktober 2010

Kaniner og andre mektige naturfenomen

No folkens, no byrjar denne reiseskildringa omsider å nerme seg den endelege destinasjonen, Santa Barbara, men fyrst skal eg fortelje om våre siste sprell.

Dette motellet hadde me eigentleg lyst å ligge på, men det var diverre stengt då me kom. Det bestod av små indianertelt/lavvoar som var innreda med soverom og bad, og med ein veteranbil utanfor kvart krypinn.

Have You Slept In A Wigwam Lately?

Tenk så koseleg det hadde vore å overnatta her då!



Me køyrde forbi dette nedlagte motellet også, og det såg ikkje  så innbydande ut..



Heile vegen frå Springfield, Missouri, og til no har me innimellom sett nokre svære reklameskilt med kaniner på langs vegen. Ingen info, berre disse kaninene. Her i Joseph City, Arizona, fann me endeleg svaret på dette vesle "mysteriet", nemleg Jack Rabbit Trading Post. Alle reklameskilta var eit marknadsføringsstunt frå den opprinnlege eigaren; dei skulle gjere folk forvetne, slik at dei stoppa innom denne vesle sjappa. For det var det det var: ei lita, lite original sjappe med souvenir, noko å drikke og toalett. Diverse kanineffekter gjorde det likevel verdt eit stopp:








Ein av dagens hovudattraksjonar var Meteor City, der me kunne nyte synet av eit enormt meteorkrater. Det blei laga av ein meteor for minst 50.000 år sidan, og "holet" er ca 1300 meter i diameter og nesten 200 meter djupt. Fascinerandes!






Det var sjølvsagt bygd eit stort turistsenter ved krateret, og der kunne ein lære litt av kvart om både jorda og verdsrommet. Vips så var eit par timar gått her òg! Det var ubeskriveleg herleg å ha "all verdas tid", og berre gjere akkurat det ein ville når ein ville.



Utsikten mot der me kom frå, -ørken i ørkensen

Etter ei stund til med ørkenkjøring peila me oss inn på nok eit kjent amerikansk landemerke, Grand Canyon. Marta og Dagfinn var på vestsida av dette naturmesterverket i fjor, men sidan dei er født som gode vesen, køyrde me ein god omveg berre for at eg også skulle få oppleve det. Tusen takk! Denne gongen gjekk turen opp til austsida.

Underveis er det  viktig med forfriskningar:

Ein stk nøgd sjåfør!


Fakta: Grand Canyon er eit mektig fjellområde, som eigentleg er ei stor "kløft" som Coloradoelva har gravd fram i løpet av fleire millionar år. Frå den eine til den andre enden måler denne kløfta ca 446 km, og den varierer i breidde frå 500 m til 29 km.



<3


Majestetisk!

På grunn av tett program (og litt feilkøyring) ankom me dette fantastiske området litt seint på ettermiddagen. Me skyndta oss ut på utkikksposten, slik at me skulle få med oss utsikten før sola forsvann. Då sola gjekk ned, var det eit fantastisk lys som spegla seg i dei enorme fjellveggane. Dette var selfølgeleg vanskeleg å fange med kamera, så når dykk ser på bileta må dykk gonge fargespelet med minst 8.




Søskenkjærleik!




Fulle av dagens inntrykk køyrde me dagens siste etappe, og peila me oss inn på ein liten by ved navn Seligman. Her ville me sove for natta, slik at det var kort vei til morgondagens oppleving: Las Vegas!

søndag 3. oktober 2010

Den store handledagen!

Ferda fortsatte vidare gjennom New Mexico, og i dag var dagen for å endeleg tilfredsstille det kvinnlege instinktet me internasjonalt kallar shopping! Reisefølgets snille og tålodige mannlege tredjedel slapp søstrene sisters laus, og kort fortalt gjekk denne dagen stort sett vekk i handling på eit STORT handlesenter i Albuquerque. Det resulterte i fleire handleposar med spanande innhold, og eg er godt nøgd med fangsten: ei fantastisk rettetang til håret (som eg fekk pruta ned til ein svært likandes pris), samt ein liten svart finkjole som eg gjekk og tenkte på heile dagen, gjekk tilbake og la av, og til slutt sprang tilbake like før me skulle køyre vidare og sørga for at eg fekk den med meg på vegen. Me var rett og slett meint for å vere saman, denne kjolen og eg!

Før me gravde oss heilt ned i handlesenterets herlegdom, måtte me sjekke kva Albuquerque hadde å by på. Dette er ein stor by ca midt i staten, og me tok oss ein kikk rundt i sentrum. Også her fant me eit marknad med boder:


Nok ein fin og varm dag


Om ikkje eit lite barn har mareritt frå før,
får det det vertfall av denne her...

Indianerdans

Også denne byen hadde nokre gamle Route 66-bygningar,
 her representert ved eit teater

Slik ser forresten ein nyvaska bil ut etter nokre timar på motorvegen: 



Me freste vidare, med Holbrook i Arizona som dagens siste mål.



Naturen forandra seg stadig, og det var fint å suse forbi dette ørkenlandskapet. Forutan andre bilar, var det berre eit og anna laaangt godtstog å sjå. For spesielt interesserte legg eg ut nokre landskapsbilete.

Eit av toga som passerte oss hadde over 90 vogner
(Ja, eg telte..;)




















fredag 1. oktober 2010

New Mexico

Route 66 går berre såvidt innom Texas i nord, så me var kjapt over i neste stat, New Mexico. Denne staten var svært annleis enn dei føregåande statane, faktisk slik at me opplevde det som å komme til eit anna land. Type Mexico. Dette lar seg lett forklare med at staten var under Mexico sitt herredøme i sin ungdom.

Byen me valde å bruke tid i her var Santa Fe. Her møtte me indianerkultur og spanskætta kulturar i skjøn forening, -lett krydra med eit par amerikanarar innimellom. Arkitekturen i denne byen hadde eit tydeleg spansk preg, og me naut å rusle gatelangs i varmen.

Fine byen

Chili til tørk. Eller til pynt. Eller begge deler.

Lokale selgarar veit sitt eige beste og unngår solsteiken

Plutseleg såg me at eit område av byen var sperra av, og at festlegheitar pågjekk innanfor. Der var det marknad med salsboder, utekonsertar og mykje folkeliv. Me undra oss over dette her, heilt til me såg ein vimpel der det stod "Santa Fe 400 years". Me var rett og slett invitert i bursdagsselskap!

Salsboder og folkeliv

Lemonade anyone?

Søstrene sister gjer som dei innfødte...

...og kjøper fersk, nykokt mais med masse smør og salt på. Nam!

Fine folk i fine gater

Marta har råd for det meste, og har sårt trengte tannpirkarar i veska.
Rutinert!

På marknaden her i Santa Fe gjorde eg eit spenstig kjøp. Forutan å kjøpe ei fin julekrybbe i tre, kjøpte eg ein potetbakepose!



Dette er altså ein pose som, ved hjelp av ein mikrobølgeøvn, gir oss bakte poteter på 1-2-3. Den kan også brukast til maiskolbar. Sistnemnte har me allereie prøvd eit par gongar, med stor suksess! Kjapt, og veldig godt. Hadde eg visst dette då eg tvilsomt kjøpte den, skulle eg verkeleg handla julepresangar der. Men lite visste eg kva kupp eg gjorde.. Eg får heller diske opp med middag til besøkande:)


Denne fine dagen avslutta me på ein restaurant som Marta hadde gledd seg til å ta oss med på heilt sidan ho og Dagfinn var på ein tilsvarande i San Fransisco i fjor. Her får ein nemleg ubegrensa tilgang til peanøtter, og skalet får ein kaste på golvet!! Kjekkare kan det nesten ikkje verta!


Peanøttrestauranten såg ut som ein typisk amerikansk restaurant.
 Neonskilt er obligatorisk.

Ikkje ein plass for allergikarar

Velkomstkomiteen, -ei heil tønne med peanøtter!

Når eg allereie har avslørt min matfascinasjon for omverda, kan eg liksågodt ta med dette bilete også:

Legg merke til fatet med peanøtter på bordet

Forutan peanøttene, hadde me mykje moro med at Dagfinn åt det som på menyen heiter "Roadkill". Eg vil forøvrig kome tilbake til dette temaet i eit eige innlegg.