fredag 1. oktober 2010

New Mexico

Route 66 går berre såvidt innom Texas i nord, så me var kjapt over i neste stat, New Mexico. Denne staten var svært annleis enn dei føregåande statane, faktisk slik at me opplevde det som å komme til eit anna land. Type Mexico. Dette lar seg lett forklare med at staten var under Mexico sitt herredøme i sin ungdom.

Byen me valde å bruke tid i her var Santa Fe. Her møtte me indianerkultur og spanskætta kulturar i skjøn forening, -lett krydra med eit par amerikanarar innimellom. Arkitekturen i denne byen hadde eit tydeleg spansk preg, og me naut å rusle gatelangs i varmen.

Fine byen

Chili til tørk. Eller til pynt. Eller begge deler.

Lokale selgarar veit sitt eige beste og unngår solsteiken

Plutseleg såg me at eit område av byen var sperra av, og at festlegheitar pågjekk innanfor. Der var det marknad med salsboder, utekonsertar og mykje folkeliv. Me undra oss over dette her, heilt til me såg ein vimpel der det stod "Santa Fe 400 years". Me var rett og slett invitert i bursdagsselskap!

Salsboder og folkeliv

Lemonade anyone?

Søstrene sister gjer som dei innfødte...

...og kjøper fersk, nykokt mais med masse smør og salt på. Nam!

Fine folk i fine gater

Marta har råd for det meste, og har sårt trengte tannpirkarar i veska.
Rutinert!

På marknaden her i Santa Fe gjorde eg eit spenstig kjøp. Forutan å kjøpe ei fin julekrybbe i tre, kjøpte eg ein potetbakepose!



Dette er altså ein pose som, ved hjelp av ein mikrobølgeøvn, gir oss bakte poteter på 1-2-3. Den kan også brukast til maiskolbar. Sistnemnte har me allereie prøvd eit par gongar, med stor suksess! Kjapt, og veldig godt. Hadde eg visst dette då eg tvilsomt kjøpte den, skulle eg verkeleg handla julepresangar der. Men lite visste eg kva kupp eg gjorde.. Eg får heller diske opp med middag til besøkande:)


Denne fine dagen avslutta me på ein restaurant som Marta hadde gledd seg til å ta oss med på heilt sidan ho og Dagfinn var på ein tilsvarande i San Fransisco i fjor. Her får ein nemleg ubegrensa tilgang til peanøtter, og skalet får ein kaste på golvet!! Kjekkare kan det nesten ikkje verta!


Peanøttrestauranten såg ut som ein typisk amerikansk restaurant.
 Neonskilt er obligatorisk.

Ikkje ein plass for allergikarar

Velkomstkomiteen, -ei heil tønne med peanøtter!

Når eg allereie har avslørt min matfascinasjon for omverda, kan eg liksågodt ta med dette bilete også:

Legg merke til fatet med peanøtter på bordet

Forutan peanøttene, hadde me mykje moro med at Dagfinn åt det som på menyen heiter "Roadkill". Eg vil forøvrig kome tilbake til dette temaet i eit eige innlegg.

2 kommentarer:

  1. GLEDER MEG til middag laget i posen din :-))) Synes det står fryktelig mye mat på din side av bordet Brit.... Lurer på om du ser ut som en amerikaner når året er omme..... :-/ Her på Fitjar er vi klar for kabarét i Kulturhuset i kveld. Mangler bare dere !!! Stor svigermorklem :-)

    SvarSlett
  2. Middag skal bli! I går baka me poteter i den, og itte litt prøving og tilpassing funka da òg!:D

    Ja fytti, da e kje beskjedne porsjona! Og så biff to daga på rad òg... Ditta kan gå rett gale;)

    Skulle gjerne vore på kabaré samen med dåke! Håpe da va ein suksess!:)

    Svigerdatterklem!:)

    SvarSlett