søndag 3. oktober 2010

Den store handledagen!

Ferda fortsatte vidare gjennom New Mexico, og i dag var dagen for å endeleg tilfredsstille det kvinnlege instinktet me internasjonalt kallar shopping! Reisefølgets snille og tålodige mannlege tredjedel slapp søstrene sisters laus, og kort fortalt gjekk denne dagen stort sett vekk i handling på eit STORT handlesenter i Albuquerque. Det resulterte i fleire handleposar med spanande innhold, og eg er godt nøgd med fangsten: ei fantastisk rettetang til håret (som eg fekk pruta ned til ein svært likandes pris), samt ein liten svart finkjole som eg gjekk og tenkte på heile dagen, gjekk tilbake og la av, og til slutt sprang tilbake like før me skulle køyre vidare og sørga for at eg fekk den med meg på vegen. Me var rett og slett meint for å vere saman, denne kjolen og eg!

Før me gravde oss heilt ned i handlesenterets herlegdom, måtte me sjekke kva Albuquerque hadde å by på. Dette er ein stor by ca midt i staten, og me tok oss ein kikk rundt i sentrum. Også her fant me eit marknad med boder:


Nok ein fin og varm dag


Om ikkje eit lite barn har mareritt frå før,
får det det vertfall av denne her...

Indianerdans

Også denne byen hadde nokre gamle Route 66-bygningar,
 her representert ved eit teater

Slik ser forresten ein nyvaska bil ut etter nokre timar på motorvegen: 



Me freste vidare, med Holbrook i Arizona som dagens siste mål.



Naturen forandra seg stadig, og det var fint å suse forbi dette ørkenlandskapet. Forutan andre bilar, var det berre eit og anna laaangt godtstog å sjå. For spesielt interesserte legg eg ut nokre landskapsbilete.

Eit av toga som passerte oss hadde over 90 vogner
(Ja, eg telte..;)




















3 kommentarer:

  1. Silje Anita Hallem4. oktober 2010 kl. 12:14

    Herlighet, for en spennande natur! Så kjekt at dokke har vært der og utforska! Gleda meg til å se den nye black dressen din, Brit <3

    SvarSlett
  2. du e øveraskande flink å oppdatera, jenta! veldig kjekt å følga med på Ü

    stilig natur, glad du la ved dei bildo, sjøl om dei bare va mynta på spesielt interesserte. eg e ganske interessert i den kjolen og, egentlig. får me sjå bilde av fangsten? du har da så gøy!

    savne deg her, though...

    SvarSlett
  3. Så kjekt at bildo blei satt pris på!:) Og godt å vita at dåke søtnosa følge med meg!<3 Kjolen ja, ska sjå ka eg får fiksa, sio dåke ittespør den:D

    Ang. oppdateringo øveraske eg egentli meg sjøl òg;)

    SvarSlett