tirsdag 5. oktober 2010

Kaniner og andre mektige naturfenomen

No folkens, no byrjar denne reiseskildringa omsider å nerme seg den endelege destinasjonen, Santa Barbara, men fyrst skal eg fortelje om våre siste sprell.

Dette motellet hadde me eigentleg lyst å ligge på, men det var diverre stengt då me kom. Det bestod av små indianertelt/lavvoar som var innreda med soverom og bad, og med ein veteranbil utanfor kvart krypinn.

Have You Slept In A Wigwam Lately?

Tenk så koseleg det hadde vore å overnatta her då!



Me køyrde forbi dette nedlagte motellet også, og det såg ikkje  innbydande ut..



Heile vegen frå Springfield, Missouri, og til no har me innimellom sett nokre svære reklameskilt med kaniner på langs vegen. Ingen info, berre disse kaninene. Her i Joseph City, Arizona, fann me endeleg svaret på dette vesle "mysteriet", nemleg Jack Rabbit Trading Post. Alle reklameskilta var eit marknadsføringsstunt frå den opprinnlege eigaren; dei skulle gjere folk forvetne, slik at dei stoppa innom denne vesle sjappa. For det var det det var: ei lita, lite original sjappe med souvenir, noko å drikke og toalett. Diverse kanineffekter gjorde det likevel verdt eit stopp:








Ein av dagens hovudattraksjonar var Meteor City, der me kunne nyte synet av eit enormt meteorkrater. Det blei laga av ein meteor for minst 50.000 år sidan, og "holet" er ca 1300 meter i diameter og nesten 200 meter djupt. Fascinerandes!






Det var sjølvsagt bygd eit stort turistsenter ved krateret, og der kunne ein lære litt av kvart om både jorda og verdsrommet. Vips så var eit par timar gått her òg! Det var ubeskriveleg herleg å ha "all verdas tid", og berre gjere akkurat det ein ville når ein ville.



Utsikten mot der me kom frå, -ørken i ørkensen

Etter ei stund til med ørkenkjøring peila me oss inn på nok eit kjent amerikansk landemerke, Grand Canyon. Marta og Dagfinn var på vestsida av dette naturmesterverket i fjor, men sidan dei er født som gode vesen, køyrde me ein god omveg berre for at eg også skulle få oppleve det. Tusen takk! Denne gongen gjekk turen opp til austsida.

Underveis er det  viktig med forfriskningar:

Ein stk nøgd sjåfør!


Fakta: Grand Canyon er eit mektig fjellområde, som eigentleg er ei stor "kløft" som Coloradoelva har gravd fram i løpet av fleire millionar år. Frå den eine til den andre enden måler denne kløfta ca 446 km, og den varierer i breidde frå 500 m til 29 km.



<3


Majestetisk!

På grunn av tett program (og litt feilkøyring) ankom me dette fantastiske området litt seint på ettermiddagen. Me skyndta oss ut på utkikksposten, slik at me skulle få med oss utsikten før sola forsvann. Då sola gjekk ned, var det eit fantastisk lys som spegla seg i dei enorme fjellveggane. Dette var selfølgeleg vanskeleg å fange med kamera, så når dykk ser på bileta må dykk gonge fargespelet med minst 8.




Søskenkjærleik!




Fulle av dagens inntrykk køyrde me dagens siste etappe, og peila me oss inn på ein liten by ved navn Seligman. Her ville me sove for natta, slik at det var kort vei til morgondagens oppleving: Las Vegas!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar