torsdag 11. november 2010

Forandring fryder?!

Kjære Mamsen og Papsen og dykk andre som ikkje har facebook, -hald dykk fast: Sjå, eg har klypt meg!
Vel, det i seg sjølv er vel ikkje så veldig imponerande, for det skjer jo frå tid til annan. Men denne gongen vart det faktisk noko anna enn den vanlege "bli kvitt det slitte, gjer det litt kortare, men behald lengda, klypp det litt opp sidan det er så tjukt, og hiv i litt striper er du snill". Denne gongen gjorde eg det som eg har vurdert før kvart frisørbesøk dei siste to åra, men som eg har slått ifrå meg fordi det er så bedageleg (og trygt) å behalde det lange, lite krevande håret: eg kom rett og slett heim med ein lang bob!


"På tide" seier vel dykk som kjenner meg godt. Og når eg tenkjer etter så har eg ikkje hatt så "kort" hår sidan 8. klasse, og det er skremande ti år sidan no!! Så på sett og vis har dykk vel rett;) Så sjølv om dette ikkje er så veldig revolusjonerande i seg sjølv, var heile opplevinga prega av skrekkblanda fryd for min del. Men det gjorde seg, i og med at det harde vatnet som er i dusjen her borte har slitt veldig på mitt lange hår!

Eg likar min nye klypp, sjølv om den resulterte i det eg frykta mest: å måtte byrje å setje av tid til å fikse håret..! I dag tidleg fekk eg smertelig erfare at det ikkje berre er å stå opp, greie gjennom det, og evt sette ein hårstrikk og ei fliseklemme i det før eg plystrar meg vidare gjennom dagen. 

Men kva gjer me ikkje for denne forfengeligheita? 
Me får nett sjå kor lenge denne frisyren får bli verande... :p

3 kommentarer:

  1. Grattis med ny klipp! Stilig syns vi to på Kure;)

    SvarSlett
  2. Oh, nåke so skjer skjeldnare enn et skåtår: eg har lengre hår enn deg;) Hehe, likte "ikkje bli sint, men sjå ka eg har gjort"-smilet:)

    SvarSlett
  3. Så stilig du er med ny klipp! Det der passa du! Det er ikke bare bare å gå ut i dagen etter at man har tatt et sånt steg mot kortere hår. Da må man plutselig begynne å legge inn en god del ekstra tid på hår i morgenrutinene. Men det går seg til. Fin var du hvertfall!

    SvarSlett