tirsdag 16. november 2010

Slik går no dagane...

No om dagane skjer det ikkje så alt for mykje spanande her, -det går mest i lesing og studering på heile gjengen. Eg reiser heim på fredag (!), for å ha nokre dagar på å sku hjernen min over til norsk tid igjen før eksamen 1. desember. For å understreke aktivitetsnivået legg eg ut eit situasjonsbilete:

Min utsikt akkurat no: Det studeres...

Litt pause må ein midlertidig ha, og dei av dykk som er observante har sett at det står ei halv-oppeten kake på bordet. Det er fordi Per (framst i biletet) har bursdag i dag! Gratulerar! Dette kunne sjølvsagt ikkje gå forbi i stillhet, så Rebecca og eg tok saken i eigne hender.

Me laga Rainbow Cake dekka med
skikkelig amerikansk rainbow-frosting

Lærenem amerikanar skriv "Gratulerer med dagen Per"


Bursdagsbarnet

Samtale overhøyrd:
"Hello there Cake. How are you? I'm going to eat you now."

Nøgd gjeng

Det er viktig med litt energi-input innimellom, så takk til Per som gav oss ein kake-pause-anledning;)

1 kommentar:

  1. flinkisane!
    lykke te med eksamenslesing te alle sammen og god tur heim, brit Ü sjåast plutselig!

    SvarSlett