Er det ikkje vakkert? Og oh så praktisk her i dette flate landskapet. Og oh så gøy!
Eg brukte laaang tid på å bestemme meg for kva for eit eg ville ha, for dette er reine vitenskapen. Ein skal ta hensyn til så mangt: størrelse, fleksibilitet, svingeevne, høgde frå bakken, utsjånad osv. Dette brettet hadde eg eit godt auge til frå byrjinga av, men sidan det har "double trucks" på hjula, dvs at det svingar ekstra godt, tenkte eg at det kanskje var litt for avansert for meg. Men det var jo akkurat det eg synes var så attraktivt og praktisk med det! Etter å ha snakka litt med "folk som kan det" fann eg ut at løysninga var å gå for dette, stramme nokre muttrar litt (slik at det vart litt meir stabilt), og heller løyse dei att seinare om eg ynskjer det. And I totally love it!
![]() |
Doningen min og eg langs strandpromenaden i San Diego<3 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar