tirsdag 9. november 2010

Studiekvardagen i Goleta: Heimekontor og flexitid

Som tidlegare nemt tek eg 30 studiepoeng i Arbeids- og Organisasjonspsykologi dette semesteret. Sidan eg tek det ved Universitetet i Bergen, les eg på eigahand her, og legg opp arbeidsdagane etter ynskje og behov. Dette har arta seg på forskjelleg vis:


Fint med hage!

Litt utpå dagen fylgjer eg berre etter sola,
og legg meg i ein solflekk på andre sida av huset!

Når det har vore fint vèr har eg ofte vore heime og lest, og kombinert det med soling og sårt trengt D-vitamin-input. Innimellom, for å skifte litt miljø, set eg meg på biblioteket eller på diverse lesesalar borte på universitetet. Der møter eg hyggelege folk med same skjebne som smiler skeivt til meg over bokranda, og så tenkjer me alle "eg veit korleis du har det, -berre prøv å ignorer sola utanfor, så vil du få løn for strevet til slutt!".

For å ikkje male alt rosenraudt, så må eg òg fortelle om at me hadde ein periode med haustvèr, lågare temperatur og skikkelig "Trondheimsfølelse", og då var det ikkje anna enn innetid, kakao og heimastrikka lubber frå Mormor som funka!



Den "haust-perioden" er heldigvis over no, og sola skin att. Temperaturen er litt varierande, men ligg rundt 18 grader C i gjennomsnitt tippar eg.

Espen og dei andre gutane har relativt korte dagar på skulen, men desto meir skulearbeid å gjere når dei kjem heim, så det er godt lesemiljø i heimen:

Slik fann eg dei då eg kom heim frå trening ein dag,
og det synest eg fortjente eit bilete.

Flinke studentane

Eg har så smått byrja å lure på om det er vèl ambisiøst å lese seg til 30 studiepoeng på eigahand på kun ca to månader. Men har eg  fyrsta byrja på noko så fullfører eg, så det går med ein god del tid til lesing her om dagane. Iblant føler me at me berre les og les, og ikkje opplever nok når me fyrsta er her. Dette vert forhåpentlegvis betre for min del etter jul, då eg mest sannsynleg får vel 5 mnd på samme mengde pensum. Det vert spanande å sjå korleis det vert med Espen sine fag.

For å ta tak i denne kjensla, tek me oss tid til å finne på litt ting innimellom likevel. For nokre helger sidan var me i San Diego, og til helga ventar ein tur til Los Angeles og Universal Studios. Forrige helg var me på handletur på Nordstrom Rack, som er eit type stort Outlet der dei har alt mogleg kjekt til ein billeg penge. Eg rakk å kjøpe 11 julepresangar!

I San Diego lot ikkje samvitet oss ta heilt skulefri, så fyrste halvdel av dagane brukte me på lesing. Men det treng ikkje å vere heilt mørkt og trist, når ein for elsempel kan setje seg på ein Starbucks-kafè på Pasific Beach.

1 kommentar: