fredag 5. november 2010

The American Dream

Folk har spurt etter bilete av bilen vår, og det skal folk sjølvsagt få! Men med bilete fylgjer også heile (solskinns)historien om korleis dette gjekk seg til.

La oss ta det heile frå byrjinga av:
Sidan eg var på road trip i tre veker før eg havna her i Santa Barbara, måtte mine flinke sambuargutar fikse ein del ting før eg kom. Dette klarte dei sjølvsagt utmerka, og skaffa oss både eit strålande hus å bu i, samt ein strålande bil å køyre rundt i. Å ha bil her er nesten eit must om ein ynskjer å komme seg litt rundt og sjå seg om medan ein er her, og sidan bilar er svært billeg her (især samanikna med norske prisar) let dette seg gjere. 
Men, det var ikkje kva som helst bil dei fant til oss, disse karane: plutseleg var eg medeigar av ein Jaguar! 

Gliset I

Men, som me alle får erfare frå tid til annan kan endelaus gleie fort snu til bunnlas sorg. Det var ikkje lenge me fekk køyre uforstyrra rundt i denne bilen me vart så alt for glad i... Skjebnen ville ha det til at ein uaktsam amerikanar skulle rygge direkte ut på oss på ein parkeringsplass, og brått såg alt mørkt ut. Heldigvis hadde me låg fart, samt at me rakk å bremse ned, men likevel fekk me oss ein kraftig trøkk framme til høgre. Sidan det draup ei eller anna uidentifiserbar væske frå under bilen, og me ikkje visste kva indre skader Jæggisen hadde fått i samanstøytet, turte me ikkje å køyre vidare. Me såg inga anna løysning enn å ringe forsikringsselskapet (som me heldigvis hadde nyteikna forsikring hos!), fortelle korleis ståa var, og dei fann ut at det var best å sendte oss ein redningsbil.



Bye bye love...

Her står den stakkars bilen vår på verkstaden den vart køyrd til

Etter nokre dagar (med leigebil på påkjøraren sitt forsikringsselskap si rekning) fekk me dødsdomen: Sidan Jaguardelar er så dyre, ville det ikkje lønne seg å reparere den. 

MEN, ingen grunn til å deppe av den grunn: Me fekk 5 300 $ (vel 30 000 NOK) att på  forsikringa! Og tatt i betrakning at me betalte 2 700 $ (vel 15 000 NOK) for Jaguaren, var ikkje dette så dumt likevel;)

Så då var det berre å kaste seg på biljakta att. 

Typisk amerikansk bilforhandlar

Etter nokre rundar rundt på diverse bilforhandlarar, fant me oss eit nytt glis til ein passande penge. Sidan me no hadde litt meir pengar å rutte med, enda me opp med fantastiske Lincoln Town Car! 

Er me i USA, så er me i USA;)

Gliset II

Eg tullar ikkje, -denne bilen er så romsleg at det kjennes som om du sit i ein sofa når du sit i baksetet! Og det beste av alt er at om me ynskjer å vere alle fem medeigararne i den, pluss vår amerikanske leigebuar, så let det seg gjera på lovleg vis: Om me tek opp armlena på framseta, er det nemleg plass til ein tredje person framme! Snedig, huh?

Og viss eg nemner at me gav 4100 $ ( ca 24 000 NOK) for den, så seier det seg vel sjølv at me er godt nøgd med dette utfallet?! "Mer til overs" er blitt eit godt brukt uttrykk her hos oss etter kvart;) 

1 kommentar:

  1. Herlighet så stilig ! To flagg frampå den der også et par politimotorsykler foran og bak , så er det "nett so på film" ;-) Svigermorklem :-)

    SvarSlett