søndag 21. november 2010

Halloween og bursdagsfeiring

No sit eg på Santa Barbara Airbus i retning LAX, flyplassen i Los Angeles. Derifrå går ferda vidare til Amsterdam, før eg landar på norsk jord om eit lite døgn. Sjølv om eg aldri blir vane med å reise frå Espen, gledar eg meg til å sjå familie og vener igjen heime! Og heldigvis kjem han etter om ei stund:)

Nok om det, -eg tenkte eg skulle nytte anledningen til å fortelje dykk om Halloween-helga me hadde her for ei stund sida, for det var ikkje småtteri skal eg sei dykk!

Først litt forberedingar:




<3

Made by Brit, with a little help from her friends

Me bur i Isla Vista, som er eit skikkelig "student-byggefelt" der ein veit korleis ein skal ha det gøy, for å sei det slik. Halloween er sjølvsagt ikkje noko unntak, -snarare tvert imot: Her var det fest og basar frå torsdags morgon til søndags kveld.

Me hadde peila oss inn på å feire Halloween fredag og lørdag, men torsdags ettermiddag bestemte Anders, Per og eg oss for å bli med bussen til Downtown Santa Barbara for å sjå på livet. Feiringa hadde som sagt allereie starta, og me møtte både Mario, Luigi og diverse andre kreasjonar på vår veg.

Mario og Luigi snakka plutseleg norsk,
var frå NTNU og bur like i nærleiken av oss;)

Han til venstre er ekte, og han til høgre var først uekte, så ekte...

Me tenkte at det ikkje gjorde noko at me ikkje hadde kledd oss ut, men angra fort på det. Me var nemleg dei einaste som ikkje hadde det, og me fekk litt kommentarar på det.. Difor var gleia stor då me fann ein halloweenbutikk som var open kl 23:30.

Okey, det var ikkje heilt dette me me enda opp med,
men gøy hadde me det der inne

Fredagen kom og fredagen gjekk, og kostymet eg hadde bestillt på internett lot vente på seg... Eg byrja å bli nervøs for at det ikkje ville komme fram før heile Halloween var over, og litt småskuffa måtte eg leite fram smilet igjen og lage meg eit alternativt kostyme for fredagskvelden. Det enda rett og slett i ein svart singlet, ein svart shorts, restane av "spindelvevet" me hadde dekorert huset med, eit par store solbriller og to light sticks,  og vips så var eg eit insekt som var fanga i eit edderkoppnett! Espen var verdas tøffaste politimann.


Me fekk kjekt besøk av norske kjenningar som held til i San Diego dette året, så politimenn, insekt, hekser, skumle typar, Turtles, Erling, Bernt og eit par kjempebabyar koste seg saman i 911 Camino Corto, før me gjekk i samla flokk ut i gatene for å sjå på diverse andre folk og fe. Det er nemleg ein rar tradisjon her: Gatene fylles med utkledde folk, ein går rundt og ser på kvarandre, folk hoiar og skrik, og det lokalet politiet har satt inn mykje ressursar på å klare å holde alt på eit akseptabelt nivå. Rein galskap, men moro å få med seg:)

Kva ler du av, Espen?


Liv og røre i gatene

Plutseleg, heilt utan forvarsel, opna himmelen seg over oss, og svære, tunge og intense regndropar hølja ned! Det er faktisk det verste regnveret eg har vore med på. Espen og eg såg til slutt ikkje ei anna løysing enn å rett og slett legge på firsprang heimover, og etter kort tid kom Anders og Ingun etter.

Endeleg i hus, noko gjennomvåt


Etter å ha fått vrengt av oss søkkvåte klær og spindelvev, krøyp me alle under teppet i sofaen, og drakk kakao berre fordi det passa å drikke kakao. Ein koseleg avslutning på ein innhaldsrik dag!

Dagen etter var det sjølvaste Espen Hatlevik sin bursdag! Dagen starta med pannekaker til frokost og juice i stettaglas.

Bursdagsbarn med bursdagsfrokost

Så måtte me faktisk nørda oss litt med pensum pga prøvar og eksamenar som nerma seg styggfort, før det igjen var tid for festlegheitar på kvelden. Eg hadde traska kvilelaust fram og tilbake mellom postkassen og bøkene heile dagen, og heilt på tampen av postmannen sin arbeidsdag fann han det for godt å slenge ein pakke over gjerdet til meg! Oh sanne glede, -eg trur eg sang "Jippijippijippi!" femten gangar før eg hoppa i kostymet for så å bli endå meir nøgd då det satt så godt som støypt på meg!

To skumle, og svært nøgde, piratar!

Men tilbake til dagens hovudperson, bursdagsbarrnet Espen. Han er ikkje så glad i stor ståhei og mykje merksemd rundt dette med bursdagar, men det har eg litt vondt for å akseptere. Spesielt no når me er i Uniten synest eg at me måtte gjere vertfall litt ut av det (men eg prøvde å halde meg i tøylane altså!), så ei stor, feit amerikansk kake med syntetiske fargar vart kjøpt inn, samt like syntetiske cup cakes med Espen sin barndomshelt på. Stereotypi lenge leve: er me i USA, så er me i USA...




På det nederste biletet ser dykk også resultatet av mitt første møte med pailaging, -to Pumkin Pies. Eg måtte jo nytte høve når me hadde graskar i hus, og mi snille Svigermamma sendte meg ei god oppskrift som ho hadde fått i USA i sin ungdom. Paiane såg litt vèl triste og kjedelege ut attmed kaka og muffinsane, men etande var dei vertfall:) Gøy å ha prøvd!



Etter kakeeting og sofakos (sjå neste bilete), bar det igjen ut for å sjå på livet i gatene. Gårsdagens folkeliv gjentok seg, men denne gongen vart me spart for naturens ville påfunn og kom tørrskodde heim att. Me var også innom torsdagens Luigi og hans sambuarar, og møtte fleire hyggelege nordmenn ispedd ein amerikanar og to og tre.

Ein kjempebaby og ein rømt pasient søker komfort hos kvarandre;)



Ei vellykka helg med andre ord!

3 kommentarer:

  1. Åh, kor oppfinnsom due, litle Brit-bug:) Hihi, arti å sjå at di røde plast-kruso ikkje bare e på film, men faktisk e da folk bruke (men so syns eg alt eg ser i "virkeligheten" so eg har sitt på film e stas då). Love that you're home;)

    SvarSlett
  2. No kan eg også kommentera, og eg vil sei at alt dette er kjempeflott. Helsing pappa

    SvarSlett
  3. så utrulig festlig! du din heldige heldiggrisen babe! kjekt med så masse bilde Ü
    e så glad for at du e heima og vente på meg no!

    SvarSlett