søndag 26. september 2010

Fargerike mennesker, spøkelsesby og fancy sportsbutikk

På førehand hadde me ikkje noko fastspikra program, så me tok det litt dag for dag. Me hadde nokre idear om kva me ville sjå underveis, samt at me hadde god hjelp i to bøker som tok for seg Route 66 så og seie meter for meter. Der stod både byar, tettsstader, attraksjonar, museum, spisestader, overnattingsstader m.m. omtalt.

Frokost- og planleggingstid på Denny's
Legg merke til dei frityrsteikte pannekakeballane
midt på bordet. Er me i USA, så er me i USA..!

Vårt første stopp denne dagen var hos den tidlegare omtalte dama som fortalte oss om karakterane i filmen "Biler". Dette var nok ein gammal bensinstasjon frå Route 66 si stordomstid, som no fungerte som attraksjon/museum.



Denne dama hadde mykje å fortelje, og var med rette stolt over denne plassen som far hennar hadde opparbeida gjennom ein mannsalder.

Det var opp til fleire flotte gamle bilar på denne eigedomen



På denne plassen fekk me også veiskildring til neste attraksjon, Red Oak II. Dette er ein liten landsby som ikkje er merka av på nokre kart, fordi den er flytta frå sin opprinnelege plass! Det hadde seg nemleg slik at denne tettstaden forfalt, og dette likte ikkje ein av dens tidlegare innbyggarar å sjå. Han kjøpte difor kvar bygning i heile landsbyen, og flytta den til eit område nær den gamle Route 66. Han pussa opp husa, og skapte ein identisk og velstelt variant av heimstaden sin. Til og med gravsteinane vart flytta.


Etter litt att og fram (bokstaveleg talt)
fann me fram til denne "hemmelege" landsbyen

Det var skikkelig fint å gå og tusle blant desse gamle, men nymala bygningane og oppleve landsbyamerika på nært hold. Me tok mange bileter her, men eg føler faktisk ikkje at eg fann nokon som viser godt korleis det verkeleg var der. Men er her eit lite utvalg:






Her budde sheriffen

Et bittelite hus

Gamaldags høgblokk


Gamal brannbil

På tide å få fortgang i trafikken?!

Her er registreringsskilt frå alle statane i USA.
Og viss ein ser det på litt avstand,
 kan ein sjå at det også utgjer det Amerikanske flagget
Stiligt!

Mobil dobil


Til og med geitene var gamle der


Etter litt vandring i denne fascinerande vesle byen, køyrde me til ein svær jakt-, fiske-, og friluftslivsbutikk. Der var det ikkje berre klesstativ og prøverom nei, i USA gjer dei det skikkeleg! Her var utstoppa dyr, akvarie med skilpadder og krokodillar, utsalg av møblar med dyremønster og forskjelleg anna ein kunne komme på å relatere til temaet. Eg syns å hugse at dette skulle vere den største butikken av dette slaget i heile verda. Amerika er god på slike rekordar.



Treffande velkomsthelsing


Dagfinn fekk seg ein ny ven

Hadde da ikkje vore for at denne krokodillen blunka innimellom,
hadde eg ikkje trudd den var levande

Før me fann oss ein ny plass å sove for natta, svinga me innom "Americas largest Mc Donald's". Det hadde visst vore verdas største på eit tidspunkt, men no hadde ein restaurant i Kina gått dei forbi.




Me gjekk innom, men for å vere heilt ærleg, vart eg ikkje vidare imponert. Ein heilt vanleg Mc Donald's, vil eg seie. Men den låg i eit overbygg over motorvegen då, så det var no originalt nok. Og god smoothies hadde dei, så sånn sett var det verdt det.


torsdag 23. september 2010

Kaniner, is og Jesse James

Den åttande dagen på turen vår var ein variert og innhaldsrik dag. Den byrja med at me besøkte ein artig skrue kalt Henry, og hans gamle og nedrusta Route 66-bensinstasjon.





For å skilje seg ut i mengda av slike bensinstasjonar, hadde han laga ein ekstra kanin-twist på det heile. Han hadde nemleg laga det heile om til ein Rabbit Ranch. Bilete seier meir enn tusen ord:


Vaktbikkja

Tidenes mest tamme kanin på disken 


Stor, god og doven

Alternativt framkomstmiddel





Dette var ein morosam plass, men den hadde også ei meir alvorleg side. For langs eine husveggen hadde eigaren sin eigen kaningravplass! Der hadde alle hans tidlegare kaninevener fått ein eigen plass, og kvar sin minnestein.



Montana var ei spesiell kanin, kanskje 
mest fordi Henry hadde meldt henne opp som 
presidentkandidat ved forrige valg.
Han meinte forøvrig at ho var ein god kandidat,
 i og med at ho både var
 kvinne,  mørkpelsa og minoritet.
 Diverre døydde ho under valkampen

For å få opp igjen stemningen her litt igjen, kan eg ta med nokre bileter frå alt det rare som var å sjå inne i sjappa til Henry. 




Her fann eg jammen eit bilete av Henryen sjølv, ein triveleg mann.
Han hadde ei gjestebok der me signerte,
og han synes det var stas med besøk heilt frå Noreg



Nei, no er det på tide og lausrive seg frå denne rare plassen, og køyre vidare. 
Sidan me tidlegare på turen hadde tatt oss god tid i Chicago, samt at om ein skal få med seg ALT langs ruta treng ein endå lenger tid enn det me har berekna, valte me å suse forbi den neste storbyen, St. Luis. 


Fekk likevel knipsa litt bilete i forbifarten.
Ved neste anlednig skal eg ta meg nokre timar her

Me har no gjort oss ferdig med staten Illinois, og vårt første møte med Missouri var ein visstnok verdenskjent iskremkiosk kalt  Ted Drewers Frozen Custard. 




Denne iskremkiosken er så populær at på fredags- og lørdagskveldar er køen utanfor så lang at politiet må dirigere trafikken utanfor. 

Den mest berømte isen her er The Concrete Shake. Denne vart oppfunnen i 1956 då ein kunde ville ha ein is som var så tjukk at den kunne etast med skei og at begeret kunne snus på hovudet utan noko søl. Dette måtte me sjølvsagt prøve: 


Denne isen svarte til forventningane, og var like god som den var gøy!

Etter denne pausen heiv me oss i bilen att. No var det Meramec Caverns som stod på programmet. Dette er vakre dryppesteinsgrotter som har forma seg over 400 millionar år. 


Fantastisk naturunderverk



Det var stummande mørkt (og kaldt) inne i grottene,
men dei hadde laga det flott til med lys

Grottene har også mykje historie: Indianarar budde i si tid i desse grottene, og under den amerikanske borgarkrigen var det visstnok ein massakre der. Det som gjedna fascinerer folk mest, er at Jesse James og banden hans brukte denne grotta som gøymestad etter fleire brekk. 


Jesse James og banden hans


Sist gangen hadde dei sheriffen etter seg, og då han såg at dei forsvann inn i grotta, bestemte han at han skulle svelte dei ut av grotta. Etter tre dagar vart dei lei av å vente, og gjekk inn i grotta for å leite etter banden. Det einaste dei fann der inne var hestane deira, så Jesse og gjengen hadde altså klart å funne ein annan utgang, på tross av mykje vatn der inne. Sjølv etter årevis med undersøkingar har dei faktisk ikkje endå klart å finne ut korleis dei klarte å rømme. 


Figurar av Jesse James og broren inne i grotta

Figurar av to av bandmedlemmane 

På vegen ut fann me noko av det morosamaste eg veit:


Morrospeil! Dagfinn er GØY!:)

tirsdag 21. september 2010

Faktaboks

Forrige kommentar frå mi kjære Svigermor passa bra, for eg har lenge gått med tanken om å gi dei av dykk som er interessert i slik, ei lita innføring i historien til Route 66.

Langs heile turen freista me å fylgje den originale Route 66 så godt me kunne. Den finst ikkje lenger i sin heilhet av ymse grunnar: nokre stader er den erstatta av ny, større og betre motorveg og nokre plassar er den fortært av tidas tann.




Med reiseboka "Route 66" av Frank Bertelsen som oppslagsverk, samt eigen hukommelse (les: fare for faktafeil), vil eg med eigne ord no ta dykk med på eit lite tilbakeblikk:

Tidleg på 1900-talet var vegnettet i USA lite utbygd, men då masseproduksjonen av bilar skaut fart i 1910, vart det behov for å forbetre dette. Etter litt om og men vart eit omfattande arbeid satt i gang for å knyte saman dei allereie eksisterande vegane mellom tettstader, byar og statar, og Route 66 var eit faktum. Under den økonomiske depresjonen i 1933 gav også dette prosjektet arbeid til mange arbeidsledige langs heile ruta. Vegen knytta saman folk og stader, og gav mange nye moglegheitar. Turisme og handel skaut fart, og mange byrja å livnære seg på denne nye ferdselsåra. Ikkje minst vart Route 66 vegen mange lykkejegrar gav seg ut på, i håp om eit nytt og betre liv i vest. California, billig land og havet var målet.




Ein kan ikkje fylgje Route 66 direkte frå A til B (altså frå Chocago i aust til Los Angeles i vest), for gjennom alle åra det tok å bygge vegen, vart det staka ut ulike vegar. Dette fordi den først oppmålte ruta ikkje alltid viste seg å vere den mest funksjonelle. Difor kan ein fleire stader køyre forskjellege vegar, og begge (eller alle) er Route 66.

Der reisefølgjet vårt måtte velgje veg, satsa me på å fylgje den eldste (og først oppmålte) ruta, som i dag er merka som "Historic Route 66".




Route 66 vart i sin ungdoms vår utan tvil ein suksess, men etter kvart som tida gjekk, synest folk flest at det var for lite effektivt å måtte køyre innom alle dei små tettstadane som ruta gjekk via. Utover 50-talet vart difor Route 66 erstatta av 5 meir rettlinja og velutbygde motorvegar, kalt Interstates. Dette førte til den offisielle slutten på Route 66 sin eksistens, men takka vera eldsjeler og Route 66-entusiastar over heile landet har vegen overlevd. For gjennom bøker, sangtekstar og folks erfaringar på denne vegen, har Modervegen blitt ein del av den amerikanske folkesjela. Mange langs vegen kunne også fortelje oss at på grunn av at Amerika som nasjon har ein relativt ung historie, er det ekstra viktig for dei å ta vare på det dei faktisk har av historie. Og her spelar Route 66 ei viktig rolle.


Modervegen


Så på vår ferd gjennom landet var me innom mange små plassar som hadde samla Route 66-skilt/gjenstandar.
Eg trur me kan seie at takka vera desse eldsjelene som har samla objekt, restaurert fråflytta og nedslitte bygningar og satt opp skilt langs ruta, finst dette eventyret av ein veg fortsatt. Men me kan òg seie at takka vere nettopp Route 66, er det mange mennesker langs ruta i dag som har arbeid og ikkje minst ein lidenskap. Eller rettare sagt: dei har lidenskapen sin som arbeid!





Heilt til slutt kan eg vidareformidle litt artig fakta me vart fortald på ei av dei tidlegare nevnte Route 66-attraksjonane. Ei engasjert og fargerik dame kunne nemleg fortelje oss at karakterane i Disneyfilmen "Biler" er basert på ekte personar ein finn langs ruta! Handlinga i filmen er, som dykk kanskje veit, lagt langs Route 66, og denne dama kunne altså navngi alle personane manusforfattarane hadde fått inspirasjon frå. Sånt syns Brit er artig!


Bilete frå filmen "Biler"

mandag 20. september 2010

Getting our kicks on Route 66!


Då var me i gong!

Vårt fyrste stopp var i Springfield Illinois, der me besøkte President Lincoln. Me besøkte vertfall huset der han budde i frå 1844 og fram til han vart valgt som USA's 16. president i 1861.

Welcome to Lincoln's home

Ved hjelp av ein kunnskapsrik pensjonert lærar vart me guida attende til byrjinga av 1800-talet, då ein liten Abraham Lincoln vart fødd inn i ein fattig familie. Steg for steg jobba han seg opp, vart ein velståande og respektert øvre middelklassemann og politiker, før han toppa alt og blei president.

Guiden vår, som var like koseleg som han ser ut!

Abe hadde  kaffien klar då me kom

Dette var ei lærerik og spanande oppleving! Vel nøgde tok reisefølget seg ein pust i bakken på benken utanfor presidentboligen, -den koselege guiden var fotograf:

Som dykk ser, tok me oss ei tidsreise, difor svart-kvitt-bilete


Vidare gjekk vegen til eit kjent Route 66-landemerke og museum, men det me ikkje hadde tatt med i rekninga, var at det var Labor day i USA, dvs helligdag og stengt. Men me fekk likevel tatt nokre bilete gjennom gjerdet:



På samtlege Route 66-museum langs vegen var gjenstandar frå ei svunnen stordomstid samla






To av mine favorittar!


Så satte me oss i bilen att nokre timar, før me sjekka inn på nok eit motell. Gjennom heile turen valgte me ofte å køyre eit stykke på kvelden, slik at me var klare til å utforske ein ny by/tettstad neste dag




Vel framme på motellrommet, Marta og Brit i kjent stil:
Sjekka mail/facebook, lesa nyhende, sortera bilete og ordna blogginnlegg, før me la hovuda på putene og sovna momentant etter ein lang og innhaldsrik dag