torsdag 23. september 2010

Kaniner, is og Jesse James

Den åttande dagen på turen vår var ein variert og innhaldsrik dag. Den byrja med at me besøkte ein artig skrue kalt Henry, og hans gamle og nedrusta Route 66-bensinstasjon.





For å skilje seg ut i mengda av slike bensinstasjonar, hadde han laga ein ekstra kanin-twist på det heile. Han hadde nemleg laga det heile om til ein Rabbit Ranch. Bilete seier meir enn tusen ord:


Vaktbikkja

Tidenes mest tamme kanin på disken 


Stor, god og doven

Alternativt framkomstmiddel





Dette var ein morosam plass, men den hadde også ei meir alvorleg side. For langs eine husveggen hadde eigaren sin eigen kaningravplass! Der hadde alle hans tidlegare kaninevener fått ein eigen plass, og kvar sin minnestein.



Montana var ei spesiell kanin, kanskje 
mest fordi Henry hadde meldt henne opp som 
presidentkandidat ved forrige valg.
Han meinte forøvrig at ho var ein god kandidat,
 i og med at ho både var
 kvinne,  mørkpelsa og minoritet.
 Diverre døydde ho under valkampen

For å få opp igjen stemningen her litt igjen, kan eg ta med nokre bileter frå alt det rare som var å sjå inne i sjappa til Henry. 




Her fann eg jammen eit bilete av Henryen sjølv, ein triveleg mann.
Han hadde ei gjestebok der me signerte,
og han synes det var stas med besøk heilt frå Noreg



Nei, no er det på tide og lausrive seg frå denne rare plassen, og køyre vidare. 
Sidan me tidlegare på turen hadde tatt oss god tid i Chicago, samt at om ein skal få med seg ALT langs ruta treng ein endå lenger tid enn det me har berekna, valte me å suse forbi den neste storbyen, St. Luis. 


Fekk likevel knipsa litt bilete i forbifarten.
Ved neste anlednig skal eg ta meg nokre timar her

Me har no gjort oss ferdig med staten Illinois, og vårt første møte med Missouri var ein visstnok verdenskjent iskremkiosk kalt  Ted Drewers Frozen Custard. 




Denne iskremkiosken er så populær at på fredags- og lørdagskveldar er køen utanfor så lang at politiet må dirigere trafikken utanfor. 

Den mest berømte isen her er The Concrete Shake. Denne vart oppfunnen i 1956 då ein kunde ville ha ein is som var så tjukk at den kunne etast med skei og at begeret kunne snus på hovudet utan noko søl. Dette måtte me sjølvsagt prøve: 


Denne isen svarte til forventningane, og var like god som den var gøy!

Etter denne pausen heiv me oss i bilen att. No var det Meramec Caverns som stod på programmet. Dette er vakre dryppesteinsgrotter som har forma seg over 400 millionar år. 


Fantastisk naturunderverk



Det var stummande mørkt (og kaldt) inne i grottene,
men dei hadde laga det flott til med lys

Grottene har også mykje historie: Indianarar budde i si tid i desse grottene, og under den amerikanske borgarkrigen var det visstnok ein massakre der. Det som gjedna fascinerer folk mest, er at Jesse James og banden hans brukte denne grotta som gøymestad etter fleire brekk. 


Jesse James og banden hans


Sist gangen hadde dei sheriffen etter seg, og då han såg at dei forsvann inn i grotta, bestemte han at han skulle svelte dei ut av grotta. Etter tre dagar vart dei lei av å vente, og gjekk inn i grotta for å leite etter banden. Det einaste dei fann der inne var hestane deira, så Jesse og gjengen hadde altså klart å funne ein annan utgang, på tross av mykje vatn der inne. Sjølv etter årevis med undersøkingar har dei faktisk ikkje endå klart å finne ut korleis dei klarte å rømme. 


Figurar av Jesse James og broren inne i grotta

Figurar av to av bandmedlemmane 

På vegen ut fann me noko av det morosamaste eg veit:


Morrospeil! Dagfinn er GØY!:)

1 kommentar:

  1. å, da e so gøy å følga med på bloggen Ü festlige bilde, eg ler godt av dåke! glede meg te da e min tur te å bli med på dine søte eventyr, brit. bare et halvt år igjen!

    da e ei vemodig sia her og. eg savne deg! eg gjekk forbi huset ditt i går kveld, men der va da jo ingen brit...

    SvarSlett