Då var me i gong!
Vårt fyrste stopp var i Springfield Illinois, der me besøkte President Lincoln. Me besøkte vertfall huset der han budde i frå 1844 og fram til han vart valgt som USA's 16. president i 1861.
| Welcome to Lincoln's home |
Ved hjelp av ein kunnskapsrik pensjonert lærar vart me guida attende til byrjinga av 1800-talet, då ein liten Abraham Lincoln vart fødd inn i ein fattig familie. Steg for steg jobba han seg opp, vart ein velståande og respektert øvre middelklassemann og politiker, før han toppa alt og blei president.
| Guiden vår, som var like koseleg som han ser ut! |
| Abe hadde kaffien klar då me kom |
Dette var ei lærerik og spanande oppleving! Vel nøgde tok reisefølget seg ein pust i bakken på benken utanfor presidentboligen, -den koselege guiden var fotograf:
| Som dykk ser, tok me oss ei tidsreise, difor svart-kvitt-bilete |
Vidare gjekk vegen til eit kjent Route 66-landemerke og museum, men det me ikkje hadde tatt med i rekninga, var at det var Labor day i USA, dvs helligdag og stengt. Men me fekk likevel tatt nokre bilete gjennom gjerdet:
På samtlege Route 66-museum langs vegen var gjenstandar frå ei svunnen stordomstid samla
| To av mine favorittar! |
Så satte me oss i bilen att nokre timar, før me sjekka inn på nok eit motell. Gjennom heile turen valgte me ofte å køyre eit stykke på kvelden, slik at me var klare til å utforske ein ny by/tettstad neste dag
Ååååå..... Det er KJEMPEKJEKT å få være med dere på tur !! Det er jo tilogmed lærerikt ;-) Svigermorklem ;-)
SvarSlettenig med svigermor!
SvarSlettSå bra at dåke syns! Veldig kjekt at dåke følge med her inne!:) More to come..:D
SvarSlett