søndag 26. september 2010

Fargerike mennesker, spøkelsesby og fancy sportsbutikk

På førehand hadde me ikkje noko fastspikra program, så me tok det litt dag for dag. Me hadde nokre idear om kva me ville sjå underveis, samt at me hadde god hjelp i to bøker som tok for seg Route 66 så og seie meter for meter. Der stod både byar, tettsstader, attraksjonar, museum, spisestader, overnattingsstader m.m. omtalt.

Frokost- og planleggingstid på Denny's
Legg merke til dei frityrsteikte pannekakeballane
midt på bordet. Er me i USA, så er me i USA..!

Vårt første stopp denne dagen var hos den tidlegare omtalte dama som fortalte oss om karakterane i filmen "Biler". Dette var nok ein gammal bensinstasjon frå Route 66 si stordomstid, som no fungerte som attraksjon/museum.



Denne dama hadde mykje å fortelje, og var med rette stolt over denne plassen som far hennar hadde opparbeida gjennom ein mannsalder.

Det var opp til fleire flotte gamle bilar på denne eigedomen



På denne plassen fekk me også veiskildring til neste attraksjon, Red Oak II. Dette er ein liten landsby som ikkje er merka av på nokre kart, fordi den er flytta frå sin opprinnelege plass! Det hadde seg nemleg slik at denne tettstaden forfalt, og dette likte ikkje ein av dens tidlegare innbyggarar å sjå. Han kjøpte difor kvar bygning i heile landsbyen, og flytta den til eit område nær den gamle Route 66. Han pussa opp husa, og skapte ein identisk og velstelt variant av heimstaden sin. Til og med gravsteinane vart flytta.


Etter litt att og fram (bokstaveleg talt)
fann me fram til denne "hemmelege" landsbyen

Det var skikkelig fint å gå og tusle blant desse gamle, men nymala bygningane og oppleve landsbyamerika på nært hold. Me tok mange bileter her, men eg føler faktisk ikkje at eg fann nokon som viser godt korleis det verkeleg var der. Men er her eit lite utvalg:






Her budde sheriffen

Et bittelite hus

Gamaldags høgblokk


Gamal brannbil

På tide å få fortgang i trafikken?!

Her er registreringsskilt frå alle statane i USA.
Og viss ein ser det på litt avstand,
 kan ein sjå at det også utgjer det Amerikanske flagget
Stiligt!

Mobil dobil


Til og med geitene var gamle der


Etter litt vandring i denne fascinerande vesle byen, køyrde me til ein svær jakt-, fiske-, og friluftslivsbutikk. Der var det ikkje berre klesstativ og prøverom nei, i USA gjer dei det skikkeleg! Her var utstoppa dyr, akvarie med skilpadder og krokodillar, utsalg av møblar med dyremønster og forskjelleg anna ein kunne komme på å relatere til temaet. Eg syns å hugse at dette skulle vere den største butikken av dette slaget i heile verda. Amerika er god på slike rekordar.



Treffande velkomsthelsing


Dagfinn fekk seg ein ny ven

Hadde da ikkje vore for at denne krokodillen blunka innimellom,
hadde eg ikkje trudd den var levande

Før me fann oss ein ny plass å sove for natta, svinga me innom "Americas largest Mc Donald's". Det hadde visst vore verdas største på eit tidspunkt, men no hadde ein restaurant i Kina gått dei forbi.




Me gjekk innom, men for å vere heilt ærleg, vart eg ikkje vidare imponert. Ein heilt vanleg Mc Donald's, vil eg seie. Men den låg i eit overbygg over motorvegen då, så det var no originalt nok. Og god smoothies hadde dei, så sånn sett var det verdt det.


4 kommentarer:

  1. KJÆRE VENE !! :-))) -Dette var det mest dekkende jeg kunne komme på å skrive :-)))) Svigermor-klem

    SvarSlett
  2. Ser ut som du har det kjempefint Brit! Nå fikk jeg lyst på pannekaker! Mmm...

    Vi savner deg i Kor i All Verden!

    Klemmer fra Mona :)

    SvarSlett
  3. Åå, det e gøy å sjå :D

    Eg må le litt når eg ser navnet på bloggen dåkas, for det minne meg på Klovner i kamp sin "Glade dager" ;p "Vi lever glade dager og gjør va faen vi vil siden far betaler!" Hehe

    Eller så såg det ut så ein fantastisk tur :) Savne deg Briit! :)

    <3 Stor klem fra Nina

    SvarSlett
  4. Ja, kjære vene e faktsik eit veldig dekkande uttrykk mange gonge!;) Da ska eg huska på neste gong eg ska te å utbryta "Å himmel og hav!" ;)

    Så koseli å vera savna Mona! Sjæl! Eg håpe du e i byen te neste år?? Eg e klar for korfestligheta og fleire interesanne kvelda med kremen..;)

    Haha Nina;) Den songen har eg faktisk ikkje hørrt. Burde eg? Eg har nok møkje te felles med klovnane sio eg leve glade dagar og gjer stort sett som eg vil, men da ska seiast at eg har jobba for kvar krona sjøl!;) Men da gjere jo berre at eg nyte da endo meir!:)
    Eg savne deg òg! Da som e fint, e at me sjåast i julo!:) Eg håpe du har da fint!! KLEM

    SvarSlett