tirsdag 21. september 2010

Faktaboks

Forrige kommentar frå mi kjære Svigermor passa bra, for eg har lenge gått med tanken om å gi dei av dykk som er interessert i slik, ei lita innføring i historien til Route 66.

Langs heile turen freista me å fylgje den originale Route 66 så godt me kunne. Den finst ikkje lenger i sin heilhet av ymse grunnar: nokre stader er den erstatta av ny, større og betre motorveg og nokre plassar er den fortært av tidas tann.




Med reiseboka "Route 66" av Frank Bertelsen som oppslagsverk, samt eigen hukommelse (les: fare for faktafeil), vil eg med eigne ord no ta dykk med på eit lite tilbakeblikk:

Tidleg på 1900-talet var vegnettet i USA lite utbygd, men då masseproduksjonen av bilar skaut fart i 1910, vart det behov for å forbetre dette. Etter litt om og men vart eit omfattande arbeid satt i gang for å knyte saman dei allereie eksisterande vegane mellom tettstader, byar og statar, og Route 66 var eit faktum. Under den økonomiske depresjonen i 1933 gav også dette prosjektet arbeid til mange arbeidsledige langs heile ruta. Vegen knytta saman folk og stader, og gav mange nye moglegheitar. Turisme og handel skaut fart, og mange byrja å livnære seg på denne nye ferdselsåra. Ikkje minst vart Route 66 vegen mange lykkejegrar gav seg ut på, i håp om eit nytt og betre liv i vest. California, billig land og havet var målet.




Ein kan ikkje fylgje Route 66 direkte frå A til B (altså frå Chocago i aust til Los Angeles i vest), for gjennom alle åra det tok å bygge vegen, vart det staka ut ulike vegar. Dette fordi den først oppmålte ruta ikkje alltid viste seg å vere den mest funksjonelle. Difor kan ein fleire stader køyre forskjellege vegar, og begge (eller alle) er Route 66.

Der reisefølgjet vårt måtte velgje veg, satsa me på å fylgje den eldste (og først oppmålte) ruta, som i dag er merka som "Historic Route 66".




Route 66 vart i sin ungdoms vår utan tvil ein suksess, men etter kvart som tida gjekk, synest folk flest at det var for lite effektivt å måtte køyre innom alle dei små tettstadane som ruta gjekk via. Utover 50-talet vart difor Route 66 erstatta av 5 meir rettlinja og velutbygde motorvegar, kalt Interstates. Dette førte til den offisielle slutten på Route 66 sin eksistens, men takka vera eldsjeler og Route 66-entusiastar over heile landet har vegen overlevd. For gjennom bøker, sangtekstar og folks erfaringar på denne vegen, har Modervegen blitt ein del av den amerikanske folkesjela. Mange langs vegen kunne også fortelje oss at på grunn av at Amerika som nasjon har ein relativt ung historie, er det ekstra viktig for dei å ta vare på det dei faktisk har av historie. Og her spelar Route 66 ei viktig rolle.


Modervegen


Så på vår ferd gjennom landet var me innom mange små plassar som hadde samla Route 66-skilt/gjenstandar.
Eg trur me kan seie at takka vera desse eldsjelene som har samla objekt, restaurert fråflytta og nedslitte bygningar og satt opp skilt langs ruta, finst dette eventyret av ein veg fortsatt. Men me kan òg seie at takka vere nettopp Route 66, er det mange mennesker langs ruta i dag som har arbeid og ikkje minst ein lidenskap. Eller rettare sagt: dei har lidenskapen sin som arbeid!





Heilt til slutt kan eg vidareformidle litt artig fakta me vart fortald på ei av dei tidlegare nevnte Route 66-attraksjonane. Ei engasjert og fargerik dame kunne nemleg fortelje oss at karakterane i Disneyfilmen "Biler" er basert på ekte personar ein finn langs ruta! Handlinga i filmen er, som dykk kanskje veit, lagt langs Route 66, og denne dama kunne altså navngi alle personane manusforfattarane hadde fått inspirasjon frå. Sånt syns Brit er artig!


Bilete frå filmen "Biler"

1 kommentar:

  1. Tror jammen svigermor må låne den filmen der... ;-)

    SvarSlett