lørdag 16. april 2011

Ein ny ven

Eg må skyte inn eit innlegg i bilete-kavalkaden frå då Mamma og Pappa var her. I helga har eg vore og møtt mine allerkjæraste Åslaug, Bjarte, Borgni og Kjersti i LA, og me har vore i Grand Canyon og Las Vegas. Dette skal eg komme tilbake til når eg er ferdig med forrige besøk (travelt dette her:), men no i kveld vil eg fortelle om opplevinga eg hadde på bussen heim frå Las Vegas. Der møtte eg nemleg John (la oss i alle fall kalle han det no), som har ein spesiell historie. Dette vert nok eit langt innlegg, for denne karen gjorde inntrykk på meg.

Det heile starta då eg stod i kø for å komme ombord i bussen. Eg hadde bestemt meg for å ta den lokale bussen Greyhound, som var det billegaste alternativet til å få meg heim. Eg var trøytt etter kun 3-4 timars søvn, tett i pappen på grunn av ein seig forkjølelse som ikkje vil sleppe taket, og såg ikkje direkte fram til 9 timar i eit hardt bussete. Der snakka ein fyr litt til meg, slik som amerikanarar ofte gjer, og me veksla nokre ord. Eg gjorde det ærleg talt kun for høflighetens skuld, der eg hadde meir enn nok med meg sjølv. Småsnakket fortsatte så smått medan bagasjen kom på plass i bussen, og han sa med eit skeivt smil at eg kunne vere hans "traveling buddy". Eg beit meg ikkje særleg merke i den kommentaren der og då, og trøtt og snufsete gjekk eg inn i bussen og fant meg ein plass. Den gav meir meining då eg vart betre kjent med han.

John satte seg i setet føre meg på bussen, og han snudde seg til meg etter ei lita stund, og byrja å snakke att. Plutseleg sa han: Eg veit ikkje heilt korleis eg skal seie dette, men du skjønar, eg er nett blitt lauslatt etter 11 år i fengsel. 

I den augneblinken setningen var sagt, var det to sårbare auge som såg på meg, og venta på korleis eg ville reagere på det som nettopp var blitt fortalt. Då eg sa "Wow, gratulerer! Då må dette vere ein stor dag for deg!", trakk han eit letta sukk, og lot skuldrene falle. Dette var starten på ein samtale som varte heilt til me skulle vidare på kvar vår buss, nesten fire timar seinare. 

John er 36 år gamal, men entusiasmen og gleia han uttrykte over å endeleg vere herre over sitt eige liv att, viste at bak den tøffe fasaden var det ein liten gut som var meir enn klar for å ta for seg av det livet har å by på for ein fri mann. Gløymt var ønsket mitt om å berre lukke augene og stenge verda ute, og eg hadde den mest lærerike og givande reisa eg nokon gong har hatt. Eg lærte å kjenne eit sårbart, men tøft menneske, som hadde gjort sine feil og lært av det. Han hadde tatt eit oppgjer med seg sjølv, bestemt eg for at han ønska å leve på ein anna måte enn før, og hadde fått eit nytt perspektiv på livet etter 11 år bak murane. Den fortenesta vil eg ikkje gi opplegget i fengselet, men forholda der skal eg komme attende til. John hadde sjølv utnytta tida der best mogleg, tatt utdanning, lest og studert, og var klar for å tene til livets opphald på ein ærleg måte denne gongen. Eg blei kjent med ein mann som hadde fått ein ny start, og som lot gleia over det overskygge bitterheten han følte for korleis han hadde stelt seg så langt i livet, og korleis han var blitt handsama i fegselet dei siste 11 åra av livet sitt.

John var nervøs og spent i denne nye situasjonen, og trengte nokon å snakke med. Seinare fortalte han meg at det var det han meinte med at eg kunne vere hans "traveling buddy". Han kjente ingen, visste ingenting om kva som venta han, og var full av spørsmål. Eg sa at eg meir enn gjerne ville vere det, og eg hadde den beste bussturen eg nokon gong har opplevd, takka vera han!

No undrar du kanskje på kva for forbryting han hadde gjort, sidan han var blitt dømt til 11 års fengsel. John fortalte meg uoppfordra at han var blitt tatt med store mengder ecstacy, og at han på den tida tente gode pengar som doplangar. Han fortalde også om eit liv i sus og dus, vener som var der då han var rik, og som han no ikkje hadde høyrd noko frå sidan han rauk inn. Han hadde lært at i venskap skal ein ta og gi. Han følte han ikkje hadde fått noko att frå dei "venene" han hadde på den tida, og han var no klar for å etablere få, men gode venskap. Eg var herved den fyrste venen hans, proklamerte han. Eg blei veldig rørt, og litt lei meg på hans vegne då han sa det. Korleis kunne eg, som han berre hadde snakka med ein liten time vere hans første skikkelege ven, spurte eg? Jo, sa han då: eg hadde vore imøtekommande mot han frå byrjinga av. Då eg sa at det skulle no berre mangle at eg var høfleg når han snakka til meg, og at eg opplevde han som ein hyggeleg samtalepartnar. Då kunne han fortelje at han hadde vore svært spent på korleis han ville bli tatt imot ute i "den store verda" att. Han ante ingenting om dagens sosiale kodar, om korleis folk ville reagere på han og hans historie, og om han i det heile tatt ville våge å snakke med andre folk! Der og då forstod eg at det som eg hadde utført som vanleg "høflighetssnakk" til ein tilfeldig amerikanar hadde betydd at denne personen som satt føre meg hadde fått trua på at han skulle klare seg på eigne bein. Takk, Mamma og Pappa, for at dykk har lert meg litt om folkeskikk og interaksjon med andre mennesker. Eit smil og ein tilfeldig høfleghetsfrase kan bety meir enn ein veit..

Men det var ikkje mi oppdraging om tilfeldig høflighet eg skulle snakke om no. Eg vil så gjerne fortelle litt om korleis denne dagen skulle arta seg for John, og kva han kunne fortelle meg om sin situasjon. Sosionomen i meg spurte og gravde selfølgeleg det eg følte eg kunne, og John var glad for å kunne fortelle. Erfaringa eg har frå praksisen min i Kriminalomsorgen i Trondheim har ført til at eg er litt ekstra opptatt av mennesker i hans situasjon, og korleis det går med dei. Det var spanande å samanlikne forholda her i USA med det eg veit frå feltet heime. Han sa at han var glad for å ha nokon å snakke med, for det hjalp han med å bearbeide alle dei nye inntrykka fortløpande, og fekk nervøsiteten litt på avstand. Han var nemleg på veg for å besøkje besteforeldra sine, som han kun hadde skrive brev og utveksla eit par telefonsamtalar med dei siste 11 åra..!

John fekk låne telefonen min til å ringe bestefaren for å fortelle at han var på veg. Bestefaren visste nemleg ingenting om at han var lauslatt, sidan det berre var nokre dagar sidan John sjølv hadde fått vite at han skulle få sleppe fri. "Bestefar, eg sit på ein Greyhound-buss no. Eg er på vei heim til dykk! Ja, eg er fri! Eg slapp nettopp ut. Eg er der om eit par timar! Ja, det er heilt sant! Me sjåast snart! Eg lovar det! Eg er glad i deg òg!" Det var ei spesiell oppleving å overhøyre den samtalen, og John smilte då han såg at eg òg var blank i augo.

Utanom besteforeldra hadde John éin person til han skulle møte. Det var veslebroren, som han sist såg for ni mnd sidan. Før det hadde dei kun kommunisert via brev dei siste 11 åra. Han var tydeleg spent på dette, opp frå den vesle sekken han hadde med seg som einaste bagasje, drog han to små album. Eg fekk sjå nokre gamle falma bilete av heile slekta, deriblant to lyslugga små gutar som smilte og lo. Han peikte på den eldste, som på biletet var ca 7 år, og sa "kven skulle tru at denne vesle karen der skulle måtte sone ein narkotikadom i eit hardbarka fengselsmiljø frå han var 25 til 36 år...?"

På bussturen snakka me om alt mogleg, men det John snakka mest om utanom familien sin, var mat! Han gledde seg ihel til å ete "skikkeleg mat", som han omtalte det som. Kjøt, varm mat, forskjellege smakar. Då eg spurte om kva han var blitt servert i fengselet, kunne han ikkje finne ei passande skildring av det. Det var ingen rett, sa han. Det var berre den samme "mølja" av diverse ingrediensar, noko uidentifiserbart noko, "som han ikkje ville gitt ein hund eingong". Maten var nok varm då den blei tilberedt, men innan den nådde han på cella, var den blitt kald. Til frokost var det kalde speilegg og tørre brød.
Me avtalte at på neste stopp skulle me finne noko mat, og John skulle bestemme kva han hadde lyst på. Me fant ein mexicansk sjappe der me kjøpte kvar vår store burrito, og eg føler meg heldig som fekk dele det måltidet med han! Det var ein spesiell oppleving. Han nytte det i fulle drag, og då eg ikkje klarte å ete opp heile min, var han meir enn villig til å ete resten av den. Han sa han kunne ete ein hest! I fengselet fekk dei så små porsjonar at han hadde ikkje vore skikkeleg mett sidan han rauk inn.

Då eg spurte om eg kunne få ta bilete av oss, blei han skikkeleg glad. Han spurte om å få sjå biletet fleire gongar etterpå, og sa at det var så rart å sjå seg sjølv. I fengselet er det ingen speil.

Eg spurte om det var  greit at eg brukte dette biletet på bloggen min,
og det var ok så lenge eg sendte det til han også.

Ein annan ting med John som fekk meg til å forstå kor lenge han faktisk hadde vore tatt ut av samfunnet, var hans uvitenhet på dagens teknologi. Han var heilt fascinert over iPhonen min, den vesle bærbare pc'en og at eg gjekk rundt med eit digitalt kamera i veska. Berre tenk på kor mykje som har skjedd på den fronten sidan år 2000!
I fengselet hadde dei null tilgang til pc'ar, internett og mobiltelefonar. Det var fyfy, for det var så lett å snike seg til kontakt med omverda og dermed oppretthalde det kriminelle nettverket på utsida. Då eg etterspurte om dei ikkje hadde fått opplæring i slikt før dei slapp ut, berre rista han på hovudet. Ingenting. Jo meir han fortalde jo meir rysta vart eg. Han var sendt ut i samfunnet, etter 11 år bak murane, med null førebuing på kva som venta han. Kun det han stod og gjekk i, ein liten sekk med papira sine og eit par personlege eigedelar, samt ein liten sum pengar. Korleis kan dei då forvente at det skal gå bra? Ingen informasjon om korleis samfunnet fungerer no til dags, ingen bankkonto, ingen sosial trening, ingen plass å bu, ingen jobb å gå til, ingen som fulgte han opp. Ikkje ein gong ID hadde han fått utlevert. Eg satt berre å gapa. Ein treng ikkje vera sosionom for å skjøne at dette lett kan gå gale. Heldigvis hadde me litt tid på oss, slik at eg kunne fortelle han kvar han kunne få tak i ID, fortelle han om den praktiske sida med internett, slik som e-mail og craigslist.org (tilsvarande ein utvida finn.no heime, der han kan sjå på stillingsannonser, ting til salgs o.l.), det eg veit om offentlege kontor her han kan få bruk for, og andre ting eg kunne komme på som kunne vere nyttig. Dette med internett sitt omfang var han spesielt opptatt av, og eg prøvde å forklare han dette abstrakte fenomenet som har eskalert enormt sidan sist han hadde tilgong til ein datamaskin. Han sa at han ein gong hadde vore rekna som datakyndig, men han var no overvelma over korleis dette hadde etablert seg i samfunnet på disse åra.

Spesielt Facebook og google var han interessert i. Me starta med google. Det hadde han høyrd snakk om frå nokre relativt nye fangar i fengselet, og han ville me skulle google namnet hans. Han uttrykte nervøsitet, for han var bekymra for at folk kunne finne informasjon om han og hans fortid der. Eg forklarte han litt om personvern og taushetsplikt det offentlege har, og då vart han letta. Då han såg at ingen andre hadde skrive noko om han heller, fekk han eit litt meir avslappa forhold til "dette internett", som han no hadde forstått spelte ei sentral rolle i dagens samfunn.

Det neste var Facebook. Det var faktisk ganske utfordrande å forklare kva dette er til ein som aldri har høyrt eit ord om det før, med berre iPhonen som hjelpemiddel. Eg har tilgong til internett og Facebook på den, men i ein mykje simplare utgave enn på ein pc. Eg måtte jo forhalde meg til at han mest sannsynleg kjem borti pc-utgåva fyrst, så det var på ingen måte ideelle opplæringsforhald. Spesielt med tanke på hans bekymring for personvern, anonymitet og frykt for at fortida skal øydelegge for han, måtte eg trø varsamt og inkludere personverninnstillingane i forklaringa, samt gjere det tydeleg at det er valgfritt kor mykje informasjon ein deler med omverda. Då han forstod ca kva det gjekk ut på, slappa han igjen litt av, før han plutseleg spurte om me kunne søkje opp eit par personar. Han nevnte bror sin, og namnet på to ekskjærestar. Eg sa at det kunne vere han då fekk vite ting som han kanskje ikkje var forberedt på å vite om dei, men han var villig til å undersøkje likevel. Eine ekskjæresten fann me ikkje, men ho som han angra på at han hadde forlatt då han var "ung og dum" rett før han blei arrestert, var oppført som "married". Då kom det ei lita tåre nedover kinnet hans...

Eg kunne fortalt ubegrensa om samtalen me hadde. Me delte tankar og erfaringar, og han spurte usjenert om kva han kunne forvente. Alt frå korleis han burde klippe håret for å gli mest mulig inn blant folk flest, til korleis han burde forhalde seg til nye mennesker. Me reflekterte mykje saman, og han fekk meg til å sjå mange forhold i eit nytt lys.

Eg er evig takknemleg for at våre veiar møttes i disse timane mellom Las Vegas og San Berdardinio. Eg fekk adressa til besteforeldra hans, slik at eg kan sende han biletet av oss (han har jo verken mailadresse eller Facebook-konto enda). Han sa at han ville ha biletet som eit minne om den fyrste personen som snakka skikkeleg til han utanfor murane, og som avkrefta frykten han hadde om at verda var blitt full av skumle, avvisande mennesker som ikkje ville la han passe inn lenger. Eg følte meg beæra for at eg fekk lov til å vere den personen som kunne avkrefte dette berre med ein samtale, og for at tilfeldighetane ville det slik at eg fekk bety noko for han. Og eg på mi side vil aldri gløyme denne vesle guten inni den store, muskuløse kroppen, som satt og kikka med store auge på alt som fauk forbi utanfor vindauget, som klaup seg i armen for å sjekke at dette ikkje var ein draum, som plutseleg braut ut i latter og smil då han tenkte på at han endeleg var fri att, og som med forsiktige steg prøvde å kartleggje kva som venta han no.

Eg håpar inderleg at det vil gå bra med denne mannen, og at han taklar det nye tilværet han er så uforberedt på. Eg håpar han tek dei rette valga, klarar å stå imot freistingar om lettvinte, men farlege løysningar, og at han finn seg til rette i denne store verda. Eg ser han kanskje aldri att, men eg håpar eg kan få fortsette å bli rekna som ein av venene hans likevel.


-----------------------------------------------------

Ps: Då eg måtte sette meg på ein ny buss utan John den siste biten inn til LA, kom eg inn i ein halvfull buss. Eg gjekk litt langt bak i bussen på jakt etter eit ledig sete, og full av tankar rundt møtet med John satte meg attmed ein tilfeldig valgt person. Dette viste seg fort at var ein pratsom og energisk fyr, og før han rakk å introdusere seg, utbrøyt han: "Eg er så gira! Eg er nett sluppen ut etter 9 år i fengsel! eg er så svolten at eg kunne ete ein hest!"

Kva gir du meg?

mandag 11. april 2011

Pappa i Yoghurtland

Ein av dagane var mamsen, papsen og eg nede i Santa Barbara sentrum. Her gjekk me på den tidlegare omtalte Yogurtland, som du kan lese om i dette innlegget. Kort oppsummert er dette ein plass der dei sel yoghurt-is, nesten som softis. Den kjem med forskjellege smakar, og det beste av alt er at du får forsyne deg sjølv frå dispensarar på veggen. På slutten toppar du det heile med friske bær, fruktbitar, sjokoladebitar, strø og alt anna godt ein kan tenkje seg.

Dette var midt i blinken for papen, og resten av opphaldet var han ein stor pådrivar for å leggje turen innom Yoghurtland, eller liknande. Stadig vekk. Gjerne kvar dag. 

"Hmm, her var det mange frestande smakar å  velge mellom..."

"Eg prøver litt av denne. Og litt av denne. Og..."

"...litt av denne. Og kanskje litt av denne..."

"Oj, slik må me ha! Dette vert bra!"

Ein nøgd gjeng!

Her er ved ein anna anledning;)

 Det skal seiast at sjølv om pappa var den ivrigaste pådrivaren, var me ikkje vonde å be me andre heller. Eg stemmer for pappa sin idè om å opne ein Yoghurtland heime i sommar!

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

Når eg fyrst er inne på vår dag nede i sentrum, kan eg legge ved litt fleire bilete.


Lunsj og fortausrestaurantkos i sola innimellom all butikktraskinga


Avslapping på Sand Bar og Restaurant

Mamma er koseleg!

Då me satt og slappa av og preika skit på Sand Bar, kom det plutseleg ein svær gjeng syklistar fykande forbi med skrik og skrål. Det var mange rare syklar å sjå, slike heimamekka som me av og til ser i nabolaget vårt. Då dei kom forbi ein runde til, rakk mamma å ta bilete av dei.




Det som var ekstra artig var at då me kom heim og såg på bileta, såg me at den fremste personen på biletet er Xavier, ein av våre kjære nabogutar. Snakk om blinkskot!

Espen hadde vore flink eksamenslesandes student heile dagen, og på kvelden gjekk me alle fire og åt middag på restaurant.

Eg prøvde verkeleg å ta eit bilete der alle hadde augene opne, men...

 Nok ein fin dag med fine folk!

fredag 8. april 2011

Ein fin vårdag i Santa Barbara

Sjå kva eg fant likevel: bilete av kveldsmaten Espen hadde laga klar til oss!

Ei koseleg stund

Mamma hadde tatt med heimelaga solbærsyltetøy til meg, -glede! Heilt sidan eg var veldig lita har dette vore mitt uslåelege favorittpålegg, så denne gjensynsgleda var stor. Åh, kor godt det var!

N-A-M

Dagen etter starta me med ein frokost, før me tok oss ein lang spasertur i nærområdet i finavèret. Me gjekk ned mot stranda, fylgte den eit stykke, og kom opp med den tidlegare omtalte Sommarfuglplassen. Naturen viste seg frå si beste side denne dagen, og me fekk helse på mange kjekke fuglar og dyr.


Morgenstund har gull i munn!

Nabolag i retning stranda

Det fantastiske nabohuset

Gutta våre



Om dette er filmstudentar eller ein storproduksjon
 for Hollywood skal vere usagt...

Pappa vassar i Stillehavet


Mamma fann fleire fine skjell og steinar.
 Spørs om dei vann den harde prioriteringa i bagasjen då avreisedato kom?

"Truls-Inge Dahl var her"



Ein utrydningstrua og freda fuglesort som eg ikkje
 har klart å snust opp namnet på enda. Me kallar dei Mafiafuglar.
Dei ser litt mafia-aktige ut når dei går.

<3




Pappa har dyretekket

Eit stinkdyr sneik i buskane. Heldigvis skremte me han ikkje..



Tvekamp

Eit lite ekorn ville også helse på

Espen var fotograf på turen, medan eg filma med videokamera, difor er han diverre lite representert på disse bileta. Som dykk ser, gjorde han ein god jobb.

fredag 1. april 2011

Dag 3 og 4: Highway 1

Bloggoppdateringa mi går ikkje så kjapt om dagane, men det får dykk ta som eit sunnhetsteikn. Eg har rett og slett ikkje prioritert å sitje inne med dataen når sola skin ute, det er gøy trening på gang, naboar vil ha meg med på surfing eller å padle kajakk, eller om me finn på å gå på fjelltur eller grille i hagen. Så når eg fyrst finn roen til å sitje stille meir enn 10 min. samanhengande, må eg prioritere pensumslesing.

Men innimellom finn eg smutthol, og då sorterer og redigerer eg bilete med stor fornøyelse! Det er så kjekt å sjå på alle minnene me har. Her skal eg presentere dykk for dag 3 og 4 med mamsen og papsen på besøk.

Det er blitt mandag og tid for å forlate San Francisco til fordel for sørlege trakter. Me henta leigebilen, og det fyrste som møtte oss då me køyrde Geary street ut av byen var byrjinga på Highway 1 attmed ei nydeleg strand:



Med dette tok me fatt på den vakre Californiakysten. 


På vegen stoppa me der det er falt oss inn, om det var utsikten, forveteskapet eller tomme magar som var motivasjonen. Me hadde tid og veg føre oss, og tok det litt som det kom.
I  Santa Cruz hadde me ein litt lenger stopp, og det var også der me overnatta. 

Sanra Cruz

Koseleg!


Det fyrtårnet ein kan skimte på bilete over er eit surfemuseum. På veg oppover til San Francisco stoppa Gerritt og eg i Santa Cruz, og då bestemte me oss for å besøkje dette museumet. Etter å ha traska bort der i regn og rusk møtte me ei låst dør, så denne gongen freista eg å prøve på ny. Men neida, det er nok ikkje meininga at eg skal draume meg bort i surfehistoriens fortid, for atter ein gong møtte eg stengde dører og ein lapp som viste at det var utenom opningstid.

Jaja, eg har iallefall vore her...

Me planla å overnatte i Santa Cruz, men fyrst køyrde me innover i landet litt. Me ville nemleg sjekke ut Big Basin, som i følge guideboka til mor skal vere den vakraste redwoodparken sør for San Francisco. Redwood er ein tresort som det er mykje av i California, og kan kjenneteiknast av at dei vert enormt svære. Dette ville me gjerne sjå, og tok fatt på dei kronglete vegane austover. Etter å ha køyrd langt, langt og lenger enn langt, byrja sjølv landevegsvante norske vestlendingar å tvile på om me faktisk var på rett veg, for meir aude og mindre skilta vegar var lenge sidan me hadde sett. Heldigvis gav me ikkje opp, og etter å ha spurt oss litt fram på lokale brennevinsutsalg (tilfeldig valg av stopp, og møte med svært hyggelege og hjelpsomme folk), kom me fram ein liten time før sola gjekk ned.


Hytta som signaliser at ein faktisk er komen rett likevel

Denne tida nytta me godt, og sprang rundt i skogen og knipsa bilete. Det var ingen andre der då, så me slo oss laus. Det var riktignok gjerder rundt dei fleste av trea, men dei var det  jo berre til å stige over for å få dei beste bileta! Då me kom heim og viste Espen bileta me hadde tatt, lo han godt, for han hadde sett ein video på Youtube der ein kar hadde gjort det samme, og han hadde blitt kjeppjaga av vaktene då han var borti trea...

Jaja, artig hadde me det!

Me følte oss som små knøtt blant dei enorme trea.

Pappa poserer

Hole trer som fortsatt lever på tross av skogbrann

Father-of-the-Forrest er eldst i skogen med sine 2000 år.
Me klarte nesten å nå rundt det.

Tss, litt gjerder er vel ingen hindring

Mamma og Mother-of-the-Forrest, som er 100 m høg



Me rakk å gå den 2 km lange rundturen før mørket tok oss heilt, og godt nøgde med opplevinga, køyrde me attende til Santa Cruz. Etter ei natt på motell i der, heiv me oss ut på vegen att.

Denne dagens første post var sjarmerande Carmel. Dette er ein ganske spesiell liten by med 4000 innbyggjarar, 850 hundar og hus frå 1920-talet. Det er ikkje lov å setje opp neonskilt, trafikklys eller parkometer der, husa har ikkje husnummer, og ein har ikkje lov til å felle gamle trer der uten løyve frå byrådet. Då bystyret ikkje ville leggje tilrette for alle turistane med fleire offentlege parkeringsplassar og offentlege toalett, stilte ingen ringare enn Clint Eastwood opp som borgermesterkandidat med nettopp dette på programmet. Og jammen vart han valgt, og var borgermester her frå 1986-1988. Han eig fortsatt nokre eigedomar der, blant anna Hog's Breath Inn.


Her hadde me eigentleg tenkt å ete frokost/lunsj, men pga stive prisar (dei veit å ta seg godt betalt disse skuespelarane), valgte me heller eit litt mindre formelt måltid på Cottage Inn litt lenger nede i byen.

Heimekoseleg atmosfære og god mat

Etter å ha sett oss litt om blant alle galleria og småbutikkane i Carmel, var det på tide å komme seg vidare atter ein gong.

På vegen nedover ser me eit fantastisk skilt i vegkanten; fem avokadoar for 1 $! Normalt får du 1 avokado for den prisen på butikkane her, så dette måtte me sjølvsagt ta i nerare augnesyn. Dette var altså eit Farmers Market der lokale bønder solgte varene sine til ein latterleg billeg penge. Eg opplevde eit øyeblikk av maksimal glede, for god frukt/grønsaker som i tillegg er superbilleg er som himmelen for meg. Eg prøvde verkeleg å begrense meg, men eg trur eg kan sei det slik at eg nettopp åt den siste grapefrukta der frå..

SJU slike grapefrukter som du ser i front her for 2 $. Det er 12 NOK, det!
Og TI slike som ligg bak for samme pris.. Himmel og hav!

Då me endeleg klarte å dra oss bort frå denne vidunderlege plassen, var det noko endå betre som venta oss, nemleg Big Suir. Dette er kystområdet frå Monterey og sørover mot Morro Bay, og det er kjent for sin vakre natur.


Det er 26 bruer nedover kysten, men den du såvidt kan
 sjå her er nok den mest fotograferte





Før mørket kom over oss denne kvelden, nådde me akkurat San Simeon. Her er det ei strand der mange sjøelefantar lever naturleg. Sjøelefantar er verdens største selart: hannane kan bli opp til 4 meter lange og 2000 kg, medan fruene veg 600-900 kg. Dei likar seg best på mennesketomme øyer, men av ein eller annan uviss grunn har dei slått seg ned her på denne stranda. For ei tid tilbake var dei utrydningstrua på grunn av sitt oljerike spekk, men her får dei leve i fred og ro, og dei såg ikkje ut til å plagast av alle dei fotograferande turistane som stoppa for å sjå på disse rare skapningane.


Avslappa gjeng

Selane låg strødd utover heile stranda så langt me kunne sjå

Sidan mørket kjem sigande ganske fort her, bestemte me oss for å hive oss inn på Highway 101 den siste biten ned til Santa Barbara. Utanom Solvang, som me planla å besøkje på eit seinare tidspunkt, er det ikkje så mykje interessant å sjå frå San Simeon og sørover til der me bur, og eit godt stykke er Highway 1 samanfallande med 101.
Vel framme i Camino Corto i 21:30-tida tok Espen varmt imot oss med ein god kveldsmat (eg trur eg diverre var for trøytt til å hugse å ta bilete av det). Han kunne ikkje vere med opp til San Francisco på grunn av skulen, men så lenge me held oss i Santa Barbara-området kan han vere med på ei og anna utflukt. Meir om det kjem så snart eg finn tid, og i mellomtida skal du ha takk for at du stakk innom:)