søndag 31. oktober 2010

DEN OH STORE BURSDAGSMÅNADEN

(dette innlegget vart skrive 30/10, men posta i dag 31/10 pga tekniske problem som vart ei så stor belastning på tålmodet mitt at eg prioriterte bursdags -og halloweenfeiring i stadenfor å få fiksa det. I dag er ein ny dag med ny dose tålmod, så here you go:)

Oktober er ein einaste stor bursdagsmånad i familien min, og sidan det innbefattar så mange bra folk, fortjener det eit eige blogginnlegg dedikert til dei!

Først byrja det med mi kjære, kjære tante Ida i Stavanger, som hadde bursdag 8. oktober. Ho er den einaste tanta eg har på den sida av slekta, og kanskje akkurat difor har ho alltid vore ein viktig del av livet vårt. Tante Ida er ei av dei tøffaste damene eg veit om, og sidan ho er så positiv og inkluderande som ho er, har ho alltid vore "tante Ida" for alle vennene våre også. Det er verken skikkelig jul, skikkelig påske eller skikkelig sommar før tante og hennar to søte små kjem heim til Stord.


Tante Ida <3

Tante Ida slappar av på stupebrettet
etter ein lang arbeidsdag på hytta...


Ein av mine andre favorittanter (eg har fire sådan...) har også bursdag i oktober: Gratulerar så mykje med dagen din i morgon Tante Turid! Tante Turid bur i Danmark, men geografisk avstand hindrar ikkje familien Dahl på nokon måte. Me er alltid like velkommen til Tante i Danmark, og ho får oss til å føle oss som heime. Tante Turid er ei dame med eit eventyrlig humør, som eg alltid gledar meg til å sjå igjen!

Farmor, Tante Turid og Marta <3


Ei anna solstråle av ein danske som må nevnast er søskenbarn Bente som hadde bursdag 10. oktober. Gratulera med overstått! Ho er det midterste av mine tre "danske" søskenbarn, som eg synest bur alt for langt borte. Eg er så heldig at eg har sju søskenbarn på pappa si side og to på mamma si side, og alle er uforskamma bra folk! FOR nokre gener;) Bente, eg håpar me sjåast snart igjen, for du er sakna!


Bente <3


Den 14. oktober hadde mi kjære, kjære Astrid Maya bursdag. Ho er også eit søskenbarn, men i praksis er ho meir som ei syster. Me har vakse opp saman, og sidan det berre er vèl eit halvår mellom oss, har me kanskje kokt litt ekstra godt ilag. No når eg er i California er det tungt for meg å ikkje kunne snakke like ofte med Astrid i telefonen, men det betyr ikkje at eg ikkje tenkjer like mykje på ho og mitt elskede fadderbarn Alexander! Eg saknar dåke stort!!!

Astrid og Alexander <3

Dollykos sommaren 2010


Verdans tøffaste PAPPA må også nevnast! Han hadde nemleg bursdag 15. oktober, og eg må seie at han ber alderen godt. Pappa er min rådgiver i det meste her i livet, og fungerer i tillegg som leksikon for meg og syster mi, -der andre går på internett og googlar ting, ringer me heim til han far og får svar. Eg gledar meg til å kome heim til deg, og til søndagsmiddagane dine!

Pappa og Alexander <3 

Hyttekos <3

Pappa byggjer terasse på hytta, og eg inspiserer og kjem med gode råd...
Team work! 


Vår kjære Silje Anita hadde også bursdag i oktober, nærare bestemt 17. Ho er det andre kvinnelege tilskuddet i familien Hatlevik, og eg nyttar meg av den gjeldande klisejéen: Eg kunne ikkje valt meg ei betre svigersyster om eg hadde gjort det sjølv! Dette eventyret av eit kvinnfolk sprer glede og varme rundt seg som ei nyspretta vårsol, og eg gledar meg stort til å vise ho Santa Barbara i romjula! Det blir show!

Det vert ikkje meira moro enn ein lagar sjølv...

...sommaren 2010!<3


Sist, men ikkje minst: GRATULERA TIL VERDAS BESTE KJÆRAST SOM HAR BURSDAG I DAG! (nok ein klisjé der, men dog så gjeldande!) 

I brudlaupet til Agnar og Eva Berit sommaren 2010

Hadde det vore opp til meg hadde faktisk heile verda vore med og feria med kake og brus i dag, for det er dette kuppet av ein mann verdt. Sjølv om eg var i overkant nøgd med han i utgangspunktet, synest eg jammen meg at han blir, om mogleg, betre og betre med åra også. Så denne snikande alderdomen kan me visst berre ta knusande med ro:)

No skal me ta på oss våre flotte Halloweenkostymer og feire med ei skikkeleg feit, overdådig og fargerik amerikansk bursdagskake, spiderman-cupcakes og  heimelaga pumpkin pie. HURRA!


<3




Ps.: I førekant av dette innlegget forsikra eg meg med syster mi, som er ein levande almanakk, om at eg ikkje har gløymt nokon rein vanvare. Eg påberopar meg difor retten til å dele evt. all skyld med ho...

2 kommentarer:

  1. Silje Anita Hallem1. november 2010 kl. 06:32

    <3 <3 <3 <3 <3

    Eg har ikkje ord! Du e BEST! <3

    SvarSlett
  2. Takk for varme ord og helsing :-) Ja, familien vår er ikkje mindre enn fantastisk, og da er du óg!!! Håpar óg dåke kan komma til Danmark igjen, når dåke kjem tilbake frå "over there". Klem frå Bente.

    SvarSlett