mandag 18. oktober 2010

Hoover Dam og Las Vegas

Eg har hatt litt "tekniske problem" med bloggen i det siste, men no skal alt vere i orden, og eg er back on track. Takk for tålmodet!

Altså, etter litt om og men klarte me å rive oss bort frå alle dei rare kreasjonane i Seligman, og satte nasegreva nordvest, nermare bestemt mot Las Vegas. På vår veg passerte me Hoover Dam, som er ein svær konstruksjon av ein demning. For å komme dit, måtte me suse forbi nye miles med ørken og tørt landskap.

Fine daga, beine veia


Forskning pågår,
-kva vil/kan me oppleva på dei kommande stoppa?

Ein framifrå dyktig og munter sjåfør

Fascinerande (og tankevekkande) korleis me mennesker
 tek oss til rette i naturen...

Me stoppa på Hoover Dam og tok oss ein is. Eit kolosalt anlegg.





Menneskeskapte konstruksjonar midt i ingenmannsland

Då me var her var det nærare 40*C, så då isen var fortæra og bileta tatt, kom me oss tilbake til bilen og air conditionen og freste avgarde mot "Syndenes by". Der er det mange originale bygningar, der den eine overgår den andre både i storleik, luksus og kreativitet. I hovudgata, "The Strip", er det hovudsakleg berre svære, overdådige hotell, kasinoar, butikkar og restaurantar.


I Las Vegas er alt mogleg, til og med å overnatte i Eifeltårnet

Blant alle dei overdådige bygningane
 er sjølvsagt Louis Vuitton representert 

Etter å ha nytta oss av relativt billige hotell/motell gjennom heile turen, ynskte me å gjere det skikkeleg når me for ein gongs skuld var i Las Vegas. Difor nytta me oss av same nettstaden som me gjorde i Chicago (www.hotwire.com), og bestilte eit hotell derfrå. Dette er ei "restplass"-side for hotell, der ein legg inn summen ein ynskjer å bruke på hotell, og område ein ynskjer at det skal vere i. Når ein har betalt, kjem det opp kva hotell ein har fått plass på, og me vart ikkje skuffa denne gongen heller: For ca 300 NOK per snute budde me på The Venetian. Dette hotellet er, som namnet tilseier, innspirert av Venezia, og heller ikkje her hadde dei spart på noko. Dette fortjener litt bilete:

Inngangspartiet

...om ein ynskjer skyss til døra...

Anten kunne ein parkere sjølv i parkeringshuset,
eller ein kunne gjer ein entrè som dette.
Så kan dykk undre på kva me gjorde...

Dette var noko anna enn Motel 6 ja...

På veg opp til rommet vårt var det mange freistingar...


Endeleg kom me oss opp, og vart ikkje direkte lei oss då me opna døra. Hadde det ikkje vore for at det var så mykje me ville ha med oss utanfor, hadde me nok blitt verande her resten av kvelden:

Her mangla det ikkje på mykje...

Vår heilt eigen suite

Etter å ha testa den nydelege dusjen, trykt litt gjennom kanalane på dei tre (!) fjernsyna i "leiligheten vår", og tvinga oss opp av den gode sofaen, var det tid for å utforske byen by night. Me flotta oss med middag på ein av restaurantane på hotellet, og koste oss skikkeleg!


Fint selskap

Som dei fleste veit, er Las Vegas kjent for bl.a. gambling. noko som sjølvsagt måtte utforskast. Marta og eg gav oss sjølv lommepengar, og la igjen bankkorta på rommet. Velutvikla sjølvinnsikt kallast det.



Tap og vinn med samme sinn?!


Me tok oss ein spassertur på "The Strip" på kvelden, og passa på å få med oss fonteneshowet som Caesar Hotel hadde kvart 20.minutt. Då spelte dei ein kjent song på høgtalarar utanfor, og fontenene i vatnet føre "dansa" i takt til musikken. God underholdning!



Då kvelden var over for vår del, var denne stakkaren fortsatt på jobb...

Oh sole mio

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar