mandag 18. oktober 2010

Litt meir Vegas

Sidan me kom til Las Vegas ganske seint på ettermiddagen, fann me ut at me ville bruke litt tid der dagen etterpå også. Så etter ei god natts søvn i på det flotte hotellrommet vårt, stod me opp, pakka sakene våre, sjekka ut, putta alle pakkenellikane i bilen, og gjekk ut i verda igjen.

Marta og eg var bagasjevakt medan Dagfinn sjekka ut for oss.
Ps: Den raude kofferten (pluss ein liten sekk) er heile flyttelasset mitt!
Om ikkje du er imponert, så er iallefall eg det;)

Me kikka litt i handlegatene som var inne på hotellet, og som var eit kunstverk i seg sjølv. Alt var under tak, men med litt innleving kunne det kjennast som om me gjekk og vandra gatelangs i Venezia:





Nok ein dag fauk forbi, og her får du stykker av den presentert i bileter:

Whoopi Goldberg og meg, to gamle kjenningar

Kanskje me vinn litt i dag då...?!

I ca 40*c var slike vannsprutande vifter kjærkomne innslag på gata

New York i hotellformat

Nok eit spenstig hotell/casino

Litt av "The Strip"

Eg håpte at denne store automaten skulle gi
tilsvarande store vinnarsjansar og gevinstar, men neida...


Dette er litt av Caesars palace, ein av dei største hotella.


Inne på ein av dei mange, og kollosale, casinoa


Etter litt trasking gatelangs, og innom div. butikkar, la me turen til eit stort Outlet. Der er det mange kjekke butikkar samla på ein stad, og dei opererer med relativt snille prisar. Akkurat slik me likar det. På veg ut av sjølve bykjerna køyrde me forbi dette bygget (hugsar ikkje kva det heiter i farten).



"Kva så?", tenkjer du kanskje no. Det gjorde eg også, heilt til eg såg noko uventa, zooma inn, og fekk bekrefta at det var ein karusell på toppen der! Som gjekk utanfor kanten! Eg reknar med at både mamma og tante med høgdeskrekk vrir seg i stolen når dei les dette, så eg kan forsikre dykk med ein gong om at eg faktisk ikkje var oppi den. Eg forstod vel at eg ikkje hadde fått lov av Marta uansett, så eg spurte ikkje ein gong...;) 

Interessant...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar