tirsdag 26. oktober 2010

Banana Pancakes og anna kokkelering

Eg er ingen mesterkokk, men eg vil sei eg klarar meg på kjøkenet, og kosar meg med matlaging. Synest det er koseleg å lage noko som kan falle i smak (!), og heldigvis for meg er ikkje min betre halvdel kresen. Han er titt og ofte prøvekanin, for eg synes det er spesielt gøy å prøve nye ting, anten det er etter ei oppskrift eg har funne, eller eg improviserer. Tek litt av hist og litt av det, tenkjer at "tja, dette passar sikkert i lag", og lar det stå til. Ofte lagar me mat saman, -det er kvardagskos, det!

Wok med ferske ingredienser, vår spesialitet!



I kveld satt Espen og dei andre gutane og jobba og jobba med skulearbeid, så då tenkte eg at det kunne vere ok med noko anna enn berre den vanlege sjeva  til kvelds. I forrige veke laga me lappakaker etter Farmor si oppskrift (som forøvrig er ein sikker suksess, -takk Farmor!), så då var det nokre surmjølksrestar og anna knask i skuffer og kjøleskap som passa fint å bruka opp.

Lappakakelaging

I tillegg har eg (til min store lettelse) funne normal, vanleg, usukra, ukandisert havregryn uten noko dilldall på her, som eg likar å putte oppi pannekakerøra. Saman med litt grovmjøl gjer det pannekakene litt meir sunne og mettandes.
Men, det var meir i kjøleskapet! To bananer som såg uforskamma opplagte ut (eg syns å hugse at det er ei stund sidan me kjøpte dei...) fekk plustseleg sin skjebne som pannekakerøreingrediens. Er me i USA, så er me i USA, og her har dei Banana Pancakes, -berre spør Jack Johnson!

Resultatet blei bra, og når Espen pimpa dei opp sju hakk med det han fann i kjøleskapet, vart det eit heilt måltid! Om dei var så sunne til slutt er eit anna spørsmål...


Jordbæryltetøy, ferske bringebær og krem

Mmmm

3 kommentarer:

  1. Forresten urettferdig at eg er fotografen i forholdet, -det stiller Espen i eit uforskamma godt lys ser eg..!

    SvarSlett
  2. Åå Brit! Eg savne deg! Å eg digge at du skrive på nynorsk :D

    Eg kjenner ein som bytte frå nynorsk til bokmål då han begynte på vidaregåande. I dag er han einsam, ugift, arbeidslaus, alkoholisert og ute av stand til å gjere greie for seg. Luktar gjer han også. Alle eg kjenner som heldt på nynorsken då dei begynte på vidaregåande, har i dag interessante og godt betalte jobbar, mange gode vennar og ekstremt stimulerande kjærleiksliv. Dessutan ser dei veldig bra ut, alle som ein. Fine tenner har dei også. Eg berre nemner det.

    - Are Kalvø

    Håpe du kose deg maks! Og så må du lesa den mailen eg sendte te deg på face ;p

    Love u <3

    Stor klem fra Nina

    SvarSlett
  3. ...godt lys ja ,- han ser rett og slett ut som han aldri har gjort annet ! Nyfrisert er han visst også.... Usedvanlig dyktig forograf ;-);-)Svigermorklem

    SvarSlett