tirsdag 19. oktober 2010

VELKOMMEN TIL SANTA BARBARA

Her, på hjørna av Fortuna og Camino Corto, bur me

Endeleg kom me fram til målet: min framtidige heim (iallefall det komande året). Santa Barbara it is! Nærare bestemt Isla Vista.  911 Camino Corto, Goleta. 93117 California.

Huset me leiger

Vår vakre hage m/porten der posten vår kjem ramlande inn.
Alltid like spanande å sjå kven som "vinn"!


Etter at me hadde svidd av både timar og kroner på Outlet'en i Las Vegas, freste me oss altså avgarde i retning Santa Barbara (tok ei kjapp overnatting på vegen, og la Los Angeles relativt hurtig bak oss (Marta og Dagfinn var der i fjor, og eg kan jo køyre tilbake kva tid eg vil;)). Etter endå halvaen time på motorvegen kom me fram til huset vårt, der Espen og dei andre sambuarane mine venta!

<3
I mangel på eit fersk bilete av oss, krydrar eg
her med eit frå når me var i New York i fjor sommar


Å kome fram her til var ei fin avslutning på ein svært fin tur! Me har kosa oss sånn, opplevd og sett mykje rart, og rett og slett nytt livet! Det var også svært kjekt for meg at storesyster og svoger fekk sjå kvar me skal bu, og at eg fekk ha dei her eit par dagar før dei måtte reise heim. Måtte få litt tid på meg til avvenning...


Dreamteam på tur


Her i Santa Barbara leiger me eit møblert hus av ein professor, då ho skal tilbringe eit år i Boston. Her er alt me treng av utstyr, og endå litt til, og alt står me fritt til å bruke som me vil. Her får dykk ei kjapp omvisning:

Gutta i stova

Peis er kjekt å ha til vinteren, sjølv her i California

Min draum om "kjøkenøy" er midlertidig oppfylt!

Gangen mellom soveromma

Det største soverommet, som har eige bad

Frå gangen og inn mot kjøkenet

Ein velutstyrt garasje, der me finn alt frå surfebrett til brødbakemaskin

Det er tre kvartal til stranda og sju kvartal til universitetet. Korleis gutta klarte å huke tak i dette funnet av ein plass, skyldast nok sjølvsagt både list og dyktigheit, men mest av alt at dei var på rett plass til rett tid. Det er no gått nokre veker sidan eg kom her til, og me trives svært godt!



Frokostkos med fine folk

Nok ein gong, til Marta og Dagfinn: TUSEN HJERTELIG TAKK FOR EIN UFORGLØYMELEG TUR SAMAN MED DÅKE! Når eg tenkjer tilbake på vekene me tilbragte langs dei amerikanske vegane, må eg smile høgt, ja nesten le, når eg kjem på gullkorn som vart sagt, gjenstandar, kreasjonar og folk me har observert, og tankar som vart delt i ein mørk bilkupé. Heilt frå før me satt på piren i Chicago og såg på fyrverkeri, via bål med slekningar, bilar på høgkant, mais på pinne, x antal museum, gamle presidentar og heltar, grotter, vulkanar, primitive motell og gamblingsluksus, og heilt til me avslutta det heile over ein typisk amerikansk pizza på Woodstock her i Santa Barbara, har eg kost meg gløgg! Dåke er nokre fine og lettbeinte vesen å vere på reis med, og eg må sei at dåke holdt imponerande godt ut med meg;) Oj, kor glad eg er i dykk!

Eg gler meg allereie til våre neste eventyr!

4 kommentarer:

  1. velkommen heim Ü
    fint å endelig sjå koss du har da no. glede meg te få sjå da live!

    SvarSlett
  2. :) Du e goe du gudle mitt. Va ein heit fantastisk tur. Lura på ka land, ev verdensdel me ska gjer utrygg neste gong. Å då må me ha me Espen og. Eg tur da må bli Australia, so e me nettso "ferdi" (som om me nåken gong ska gi opp å reisa på eventyr :) )

    SvarSlett
  3. Silje Anita Hallem21. oktober 2010 kl. 12:18

    For en fin avslutning på turen! Kjempe kjekt å få se huset dokke bor i <3 Åh, ka eg gleda meg til å få komme på besøk! :)
    …..neste tur e forøvrig eg og me…. :) femte hjul på vogva?? neida ;)

    SvarSlett
  4. :)
    Australia e intet dumt forslag..;)
    Og selfølgelig e du med på neste tur Silje Vanilje! Du e jo eit kvalitetshjul av dimensjonar!;)

    Eg gler meg te både den eine og den andre komme på besøk!!!

    SvarSlett