Kjapt innlegg:
Satt meg ned for å lese pensum, men gjorde den klassiske feilen og tok med meg pc'en. Då skjer det som må skje: vips så er ein liten time gått bort i nyhendelesing, mailsjekking og facebook. Då eg omsider opna pensumsboka for å starte på eit nytt kapittel, lyser overskrifta mot meg: SELVEFFEKTIVITET.
Der fekk eg den...
Og i og med at eg lot meg fascinere av dette, og brukte ytterligare 5 min på eit relativt usaklig blogginnlegg, så håpar eg at eg lærer noko når eg om omsider får meg gjennom kapittelet.
Har eg nevnt at eg ironisk nok tek 15 studiepoeng i motivasjonspsykologi..?
mandag 14. februar 2011
søndag 13. februar 2011
HURRA!
Gratulerar med dagen, mamma mi! <3
Takk for at du er så snill, forståelsesfull og god å snakke med.
Spesielt når eg bur så langt unna er telefonsamtalane med deg ekstra verdifulle. Eg gledar meg så til du og pappa kjem på besøk! Takk for at du alltid stiller opp for oss, anten me er heime, bur litt langt unna eller veldig langt unna. Både dei små og store tinga du gjer for oss i kvardagen vert satt umåteleg stor pris på! Takk for alt du er for oss!:) Du er best, du veit det?!
| Mamma med eit lurt smil og heilt sikkert ein lur plan også;) |
I tillegg har eg ei fantastisk svigermamma som eg òg vil gratulere med morsdagen!
I deg har eg fått ein unik god venn og rådgiver. Takk for at du frå dag èin har latt meg føle meg som ein del av familien, for alle dei gode samtalane me har, og for at du les meg som ei open bok;)
Du er ein veldig spesiell person for meg!
Eg er så glad i deg!
![]() |
| Den beste svigermammo me kan tenka oss! |
Bestemødre skal også feirast!
Eg er velsigna med både ei Mormor og ei Farmor som alltid har vore der for oss barnebarn, gitt oss ubetinga kjærlighet, og lært oss stort og smått opp gjennom åra. Å alltid bli tatt imot med opne armar av ei ukritisk bestemor er det beste som finst, og samtalane me har er verdifulle skattar eg gøymer langt inne i hjarta mitt. Me kan snakke om alt og ingenting, dele synspunkt og erfaringar. Om ein veks utav eit bestemorsfang fysisk, så gjer ein det aldri psykisk. Dåke er nokre eineståande personar, begge to! Takk for at dåke er så gode forbilete for meg! Gratulerar med mormorsdagen og farmorsdagen!:)
| Tull og moro på hytta. Mormor <3 |
![]() |
| Farmor <3 |
Sist, men ikkje minst:
Gratulerar med din første morsdag, Metemor!<3
Anna gjorde lurt i å velge deg som mamma!;)
Eg gledar meg stort til å sjå deg "i aksjon", -tippar det fell deg heilt naturleg.
(Tenk all den erfaringa du har frå vår tid som "Barnevaktsentralen";)
Litlagullet er så heldig som skal få vekse opp under din omsorg,
-betre utgangspunkt kan ein ikkje be om her i livet! <3
| Dette kler du!;) <3 |
Til alle mødre:
mandag 7. februar 2011
The Nature Theatre
I dag har vore ein dag som eg må skrive om her, slik at eg kan hugse den for alltid (denne bloggen er jo ei open dagbok/minnebok gjennom året me er her i California, og eg har ein plan om å printe den ut når me er komen heim att). Spesielt med tanke på at eg ikkje kunne ta med kameraet, vil eg prøve å skildre denne favorittdagen skriftleg.
Dagen starta igrunn ganske vanleg; eg stod opp, fann meg frokost, vinka gutane avgarde på skulen, og fann fram skulebøkene. Eg rakk til og med å byrje på ein brøddeig før det banka på døra. Det var vår eventyrlystne nabo Garrett som lurte på om Ingunn (som òg er heimeverande student) og eg hadde lyst til å vere med å padle i kajakk. Tidligare i veka tok han oss med på surfing, og sidan både Ingunn og eg hadde ein fantastisk opplevelse då, kunne me ikkje stå imot freistinga til å bli med ut på havet i dag òg. Eg lot brøddeig vere brøddeig (hadde heldigvis berre blanda det tørre), og heiv meg med.
Sola skein, me trilla kajakkane ned til sjøen på skateboard (!), og livet var fint og spanande. Vél nede på stranda hoppa me i kajakkane (Garrett i ein og Ingunn og eg i ein dobbel), og padla utover. Det var vindstille og relativt små bølger me måtte jobbe oss over, og me padla oss i eit fint tempo framover. Eg kjente sola varma meg i nakken, og det glitrande vatnet minna meg litt om dei fine sommarane på hytta i Hardangerfjorden.
Garrett lurte på om me ville vere med bort til "Party Islands", og me var som vanleg ikkje vonde å be. Me padla eit godt stykke og kom fram til noko som viste seg å vera nokre svære oljefat som mange selar likar å ligge og sole seg oppå. Me fekk sjå dei på nært hold, og selane symde litt nysgjerrige rundt oss. Dei "onka" og ropte, symde rundt, hoppa opp og ned frå oljefata, og såg igrunn ut som dei hadde ein stor fest:)
Etter å ha beundra disse svære dyra litt, trakk me oss tilbake og snudde nasa mot stranda "vår" att. Me snakka litt om kva dyr me kunne møte på, og Garrett forsikra oss om at det aldri er hai her pga det er så grunt her i tillegg til at det ligg nokre øyer litt lengre ut og "sperrar" for dei. Det me derimot kunne få sjå viss me var heldige var delfinar, men det er umogleg å sei kva tid dei er der eller ikkje. Han hadde ikkje før sagt setningen ferdig før me me såg 4-5 finnar stikke opp litt lenger ute. Me heiv oss på årene, og fekk prima utsikt til ein liten flokk delfinar på veg til å bli med på festen til selane. Dei hoppa og symde litt kring oss, og me satt målbutne og såg på.
Då delfinane var ute av syne, padla me inn mot stranda att. På vegen inn klarte me å fange ei stor bølgje, slik at me surfa på den heilt inn til stranda. Litt av eit kick! Og som om ikkje det var nok, så såg Ingunn og eg tre "mini-haiar" på ein liten meter kvar, nede langs sandbotnen. Dei er visstnok heilt harmlause, og dei var skikkeleg elegante (og litt skumle likevel).
Naturen viste seg verkeleg frå si beste side i dag, og som Garrett sa det så godt: "Today we got the best seats at The Nature Theatre"!
Med desse flotte opplevingane på netthinna og nyvunnen energi gjekk resten av dagen som ein lek med lesing i hagen, ferdiggjering av brødbaking, god laksemiddag, trening, jogging og litt meir lesing av pensum. No gjenstår det berre å legge seg nydusja i reine sengklede attmed min favoritt! Eg kjenner meg heldig!
lørdag 5. februar 2011
Bursdags-Brit!
Etter 25 år burde eg vel snart vere vane med at 21. januar betyr bursdag, men kvart år kjem det like brått på meg. I år var intet unntak, men jammen meg vart det ikkje ein framifrå dag fordet!
Litt utpå dagen køyrde me heim att og laga oss litt middag. Ein av mine fantastiske sambuarar, Erlend, laga muffins til meg (etter oppskrift frå den geniale muffinsboka eg fekk av Torill til jul:).
Plutseleg ramla ein pakke ned i postkassen vår, og den var til meg frå Espen! Han gjekk all in og gav meg ei pulsklokke, type Garmin Forerunner 110!! Den har stått høgt på ynskjelista mi lenge, og har allereie gleda meg mykje. Den har innebygd GPS, så no har eg full kontroll på lengde, fart, tid, puls, stigning, gjennomsnitt av alt, maks/min av alt, kart over kvar eg har jogga osv. Så no har fokuset flytta seg frå rein treningsglede til statestikkglede (og i og med at fleire andre kollektivmedlem er blitt innehaver av lik klokke, er det ikkje fritt for at det har gått sport i andre ting enn sjølve joggeturen...;)
Som om dette ikkje var nok for ein 25-årsdag, så stod margaritas og bowling på programmet på kvelden. Eit artig konsept igrunn: kombinert bar og bowling slo an! Dessutan hadde dei tidenes beste pommes frites der!
Det som var ekstra kjekt i år, var at eg hadde bursdag praktisk tala i 33 timar! For allereie kl 15 dagen før byrja det å tikke inn helsingar på facebook og telefonen, for då var klokka bikka midnatt heime. Når kvelden og natta kom her, var det fortsatt midt på bursdagen min heime, så når eg vakna hadde eg over hundre helsingar på facebook! DET var gøy, det:)
Dagen starta med digg frokost a la Espen. Heile kollektivet samla seg til ein lang og god frokost/brunsj/lunsj (alt etter kor langt kvar enkelt var komen i dagen sin;).
![]() |
| Pannekake- og speilegglaging |
![]() |
| Bursdagsjento fekk sitta og slappa av og få servert caffe latte |
![]() |
| Alle mine kjekke sambuarar: Per, Anders, Ingunn, Rebecca, Erlend og Espen |
Ute skein sola, så her var det berre til å gripe dagen. Difor tok me med oss litt pensumbøker, og kjørte til Goleta Beach. Det var litt kjølig, men innimellom vindkasta varma sola skikkelig godt! Og berre det faktum at me kunne nyte strandlivet i slutten av januar varma nok i seg sjølv;)
| Goleta Beach |
| Tja, dette var då ikkje direkte vondt..! |
| Okey, det var litt kjølig vind for frysepinnen... |
| Kos! |
Litt utpå dagen køyrde me heim att og laga oss litt middag. Ein av mine fantastiske sambuarar, Erlend, laga muffins til meg (etter oppskrift frå den geniale muffinsboka eg fekk av Torill til jul:).
![]() |
| Tusen takk, Erlend! <3 |
![]() |
| Eg fekk til og med eit lys på toppen, type fyrstikka:D |
Plutseleg ramla ein pakke ned i postkassen vår, og den var til meg frå Espen! Han gjekk all in og gav meg ei pulsklokke, type Garmin Forerunner 110!! Den har stått høgt på ynskjelista mi lenge, og har allereie gleda meg mykje. Den har innebygd GPS, så no har eg full kontroll på lengde, fart, tid, puls, stigning, gjennomsnitt av alt, maks/min av alt, kart over kvar eg har jogga osv. Så no har fokuset flytta seg frå rein treningsglede til statestikkglede (og i og med at fleire andre kollektivmedlem er blitt innehaver av lik klokke, er det ikkje fritt for at det har gått sport i andre ting enn sjølve joggeturen...;)
![]() |
| Då pakken ikkje kom ferdig innpakka, som bestilt, improviserte Espen med eit handklede og duct tape;) <3 |
![]() |
| Bilete lånt frå her |
Som om dette ikkje var nok for ein 25-årsdag, så stod margaritas og bowling på programmet på kvelden. Eit artig konsept igrunn: kombinert bar og bowling slo an! Dessutan hadde dei tidenes beste pommes frites der!
![]() |
| Jentene kosar seg:) |
![]() |
| Espen i aksjon! Og viss du zoomer inn på bilete,så kan du sjå på resultattavla kven som er i leiinga (og forsåvidt vann den runden..! *kremt*) |
Det som var ekstra kjekt i år, var at eg hadde bursdag praktisk tala i 33 timar! For allereie kl 15 dagen før byrja det å tikke inn helsingar på facebook og telefonen, for då var klokka bikka midnatt heime. Når kvelden og natta kom her, var det fortsatt midt på bursdagen min heime, så når eg vakna hadde eg over hundre helsingar på facebook! DET var gøy, det:)
Tusen takk til dykk som huska på meg, og viste det anten med ei helsing på fb, ei tekstmelding på tlf, ein telefonsamtale, ein tanke eller ved å dele dagen med meg! Eg er rik på gode vener og familie!
mandag 31. januar 2011
Monarch Magic
![]() |
| Hei dåke der heime:) La oss fortelje om ei spesiell oppleving me hadde på fredag: |
Me tek det frå starte av:
Ein dag kom Espen heim og sa at ein av forelesarane hadde fortalt han om ein klekkeplass for monark-sommarfuglar. Denne sommarfuglsorten er opprinneleg frå USA og Canada, men kan fyke svært lang. Difor er den òg å finne nokre plassar i Europa, Australia og på New Zealand. Det interesanne og spanande med disse sommarfuglane for vårt tilfelle var at ein av dei største klekkeplassane i heile California kun er ca 5 min. køyretur unna her me bur! Sommarfuglane er på denne klekkeplassen frå november til februar, og på denne tida kryp dei utav puppane sine og blir til vakre fargerike skapningar.
Dette kunne me ikkje gå glipp av, så på fredag som var heiv me oss ein gjeng i bilen og fòr på oppdagelsesferd. Det var ein nydeleg dag, perfekt for sommarfugl-ekskursjon. For når det er varmt i lufta, foldar sommarfuglane ut vingene i all si prakt.
![]() |
| Espen og Erlend på sommarfugljakt |
![]() |
| Sommarfugl-klasar. Dei som fauk rundt var ikkje så lette å fange med linsa |
Før var det opptil 200 000 på denne klekkeplassen, men no var det visstnok "berre" ca 20 000 der.
Også nedover nokre trestammer hang dei på rekke og rad. Me gløymde heilt tid og stad, og knipsa, peika, glodde og gapte, heilt trollbutne av dette fantastiske naturfenomenet me fekk oververe.
![]() |
| Ei trerstamme med sommarfuglkåpa på |
Etter langt om lenge glodde og knipsa me litt til, før me rusla tilbake til bilen. Rusa på livet og med eventyrlysta pumpande i årene, var me ikkje klare for å gå heim til huset vårt igjen. Så me svinga innom Sushimannen (som eg skal fortelje om ved ein seinare anledning;), og køyrde til stranda.
![]() |
| Sushi på stranda, -er det litt "kanibalistisk" på ein måte? |
Fortsatt er det ikkje heilt bikini-tilstandar der (vertfall ikkje for frysepinnar som meg), men me hadde nokre fine timar i sola likevel. Litt pensum fekk me òg konsumert, så alt i alt gjekk denne fredagen inn i minneboka som svært vellykka!
fredag 28. januar 2011
Familieauke
Me har lenge ønska oss eit skikkeleg speilreflekskamera, og sidan me begge fortsatt er fattige studentar, vart einige om at det kunne vere (fjor)årets julepresang til kvarandre frå kvarandre. (Etter eit par rundar i tenkeboksen klarte me å godta at me faktisk (såvidt) er blitt så vaksne no at me taklar å ikkje få pakke av kvarandre under juletreet, og at å gå for ei felles invistering istadanfor kunne vere fornuftig).
Endå betre vart det når me venta til me kom tilbake til junaiten, sidan det er billegare med slikt her, samt at det då var januarsalg. Dette måtte jo berre bli bra, tenkte me.
Og jammen vart det ikkje det! La meg presentere dykk for våras nye kamera(t) Nikon D3100:
Dette er ein kjekk liten kar, som me blir litt betre kjent med for kvar dag som går. Han har eit vinnande vesen, er kjapp på avtrekkjaren, har eit skarpt blikk og auge for detaljar. Me er svært svake for han, men han veks så alt for fort, -han har allereie fått eit nytt og større objektiv!
Me vil ikkje at han skal mangle noko her i livet, så han er ein velutstyrt liten krabat, med div. filter og ei veske som er berre hans (som han forresten allereie har vakse utav). (Er det no det høver å sitere mi kloke syster Marta, som uttalte at "her i USA er alt så billig at det vert dyrt!"?!)
Kameraten elskar å vere med oss ut på tur, og då manglar det ikkje på merksemda; begge dei føresatte kriblar i fingrar og tær etter å få være den som viser han rundt! Me har allereie delt små og store øyeblikk med han, og alt sørgjer han for å dokumentere godt for oss. FOR ein kar!
Men, som alltid når det kjem nye familiemedlem, er det litt utfordringar òg. Det er ikkje alltid han gjer som me vil, og (for å vere heilt ærleg) kan han av og til vere litt komplisert. Men me lærer stadig å kjenne han betre, og eg føler forholdet vårt veks dag for dag. Han byr på seg sjølv, har tålmod med oss, og prøver så godt han kan å halde fokus sjølv om me går oss vill i alle innstillingane. Og eg må sei at me kjem oss!
Som de forstår så er me svært engasjert i denne vesle go'klumpen vår, og det er fint å ha felles interesser å samle seg om. Dettte kjøpet var rett og slett eit blinkskot!

onsdag 26. januar 2011
Januar i California viste seg å ikkje vere så dumt, det!
I fare for å vere svært ekkel og klysete no, skal eg fatte meg i korthet. Men bloggen handlar om å gi tilstandsrapportar heim, ikkje sant..?!
Her er eit bilete Espen tok ein gong i forrige veke, og slik har me hatt det sidan:
![]() |
| Erlend og Brit kjenner på diggheten |
Gradestokken viser mellom 20 og 25 *C (eller 68-77 *F som me likar å referere til, for det høyres så vilt ut;), pensumlesing føregår i hagen eller i parken rett nedi gata (der bilete er tatt), og trivselsfaktoren held seg stabilt på "Svært bra +"!
Eg nyttar også høve til å sende ein open invitasjon til alle som ynskjer å komme på besøk og ta del i denne herligheten:D
(Tygg litt på den, f.eks Onkel Monrad m/fam..;)
Abonner på:
Innlegg (Atom)