Før me gjorde oss heilt ferdig med Oklahoma, måtte me utforske det Elk City hadde å by på. Her hadde dei eit skikkeleg Route 66-museum, som var meir enn ein gamal bensinstasjon proppfull av gamle skilt og nedstøva rekvisita.
 |
Klare for ein ny kulturell runde |
 |
Fine og sjarmerande bygningar |
 |
Vaktbikkje |
 |
Noko av det viktigaste eg har lært på mine reiser,
er å ta lærdom frå dei lokale |
Inne på museumet var det mange fine gjenstadar frå 50-70-talet. Berre sjå:
 |
Søt campingvogn |
Mormor, Mamma og Tante Ida: SJÅ!!! Me fekk diverre ikkje lov å stele dei med oss...:(
 |
Ein slik figur, berre at det er ein nisse, fekk Mamma og Tante Ida hjå
morfar då han kom heim frå eit 9 mnd. langt jobboppdrag i Chicago då
dei var små |
 |
Kan eg få ein slik? Please? |
 |
Fine, gamle fotografiapparat |
 |
Permanent før i tida, -ein møysommeleg,
og tilsynelatande skummel, prosess |
 |
Idyll |
 |
Blonder og hattar. Kvifor brukar ein ikkje hattar lenger? Hattar er flott! |
 |
Eg skulle ynskje at eg hadde eit kjøken med slik sjel... sukk! |
 |
Coca Cola vis(s)te tidleg korleis dei skulle nytte seg av fenomenet reklame |
Også ute fann me mykje artig å feste augene på:
 |
det gamle operahuset |
 |
Lokomotiv med sjel |
Då me var metta på dagens tidsreise, satte me oss inn i den gloheite bilen att. Neste attraksjon var i ein liten tettstad kalt Eric, så der
måtte me jo innom!
Ved fyrste augekast ser dette ut som ein av dei mange overfylte Route 66-museuma, og det var det forsåidt også.
Men, likevel var plassen noko for seg sjølv, for her holdt to bokstaveleg tala galne mennesker til! Dette var eit ektepar som livnæra seg på turismen, og som tilbaud store reisefølger eit forrykande show. Me var heldig og kom over ein gjeng norske (!) motorsyklistar, som tilfeldigvis var der samstundes som oss. Det som gjorde alt endå meir festlig, var at blandt disse var ei av Marta sine kollegaar! Ka er sjansen for det?! Me visste at ho var ein eller annan plass på vegen, men at me tilfeldigvis skulle stoppe på same plass til same tid, hadde me ikkje forventa. Koseleg å helse på!
 |
Syklane til den norske gruppa |
Då me kom til plassen, såg me alle motorsyklane utanfor, og innanfrå høyrde me ein fantastisk leven. Då var det altså dette ekteparet som hadde smelt i gang ein liten konsert for dei, der dei bl.a. song "Get your kicks on route 66", som Nat King Cole gjorde kjend i 1946.
Etter konserten sprang den mannlege delen av duoen ut, fann fram ein stige, og klatra opp på taket. Derifrå dirigerte han heile følget for fellesfotografering. (her må eg lage bileta ekstra store, slik at dykk får sjå dette eventyret av ein mann. Diverre tok me visst ikkje noko betre bilete av han. Eg trur det skuldast æresfrykt)
Då den norske gruppa skulle køyre vidare, stod dei og veiva dei vel avgarde med eit svært norskt flagg.
Fulle av fascinasjon over desse fargeklattane, satte me kursen i retning Texas. Endeleg! Og sidan det no var på tide med middag, passa det bra å stoppe på The Big Texan.
Denne staden er kjent for sine svære biffar. Dei reklamerer for at viss du klarer å ete opp ein 72 oz (ca 2,2 kg!) stor biff, PLUSS enorme mengder tilbehør (bakt potet, rekecoctail, salat m.m), får du måltidet gratis. Du må i tillegg sitje ved eit bord på eit platå midt i lokalet, slik at dei andre gjestene kan fylgje med deg, evt heie på deg. Det skal også seiast at om du
ikkje klarer det, kostar måltidet vel 70 dollar (ca. 450 NOK).
 |
Inne i restaurantlokalet.
Heilt til høgre ser du det bordet storetarane må sitje på. |
Til tross for at ei 63 år gamal bestemor visstnok åt eit slikt måltid i 1977, og ein 12-åring hadde spurt etter dessert etter bragda, valgte me å avstå frå utfordringa. Det får då vere måte på!
 |
Eg klarar ikkje å avgjere om eg synes duken er festleg eller motbydeleg... |
Som mange av dykk veit, vert eg fort fascinert, og eg har ein forkjærleik til mat! Fin mat, spanande mat, original mat, annleis mat, -alt er kjekt å ta bilete av. I USA er det intet unntak, snarare tvert imot. Fram til no har eg skåna dykk frå denne mindre interessanne interessa mi, men sidan Merethe påpeikte det i ein kommentar på forrige innlegg, har eg herved den GLEDE av å presentera dykk for dagens middag:
 |
Biff, bakt potet, ein beskjeden mengde salat og dressing.
Den ser eigentleg ikkje så inbydande ut, men gjett om den gjorde seg! |
Takk Em, det var skjønt!;)
Denne restauranten hadde meir å by på, og sidan me alle har bevart badnet i oss, slo me oss laus!
 |
GØY! Følte oss som Snipp og Snapp |
 |
Dagfinn, dette er det nusselegaste bilete eg veit om!
Du ser ut som Per Pusling |
 |
Ein ekte einarma banditt! |
 |
Det var nokre mindre hyggelege gjester der også |
 |
...og dette her var eg på tur med...?! |
 |
Min storleik? |
 |
Fargerike Texas |
Nei, nok leik for i dag. På tide å komme seg vidare. Men kva har vi her? Meir moro?
Dette er samtidskunst. Ei eller anna kreativ sjel har satt ti gamle Cadillacar på høgkant og halvvegs ned i sanden, med snuten fyrst. Bilane er tagga i all slags fargar, og det er fritt fram for skuelystne til å setje sitt eige preg på installasjonen. Til vår store lykke fann me nokre sprayboksar der som det framleis var litt futt i.
Nøgd med at me nok ein gong har fått markert oss på vår veg, køyrde me dagens siste distanse.
 |
Ein av mange "spøkelsesbyar" frå ei anna tid me passerte. Ikkje ei sjel å sjå |
Plutseleg kom me til dette skiltet. Ups!
 |
The end |
 |
Hit, men ikkje lenger! |
Me måtte igjen ty til Interstaten, og nok ein gong vart eg betatt av kontrasten i møtet mellom vakker natur og menneskeskapte konstruksjonar:
Gonatt Texas.
Hmmm, njaaa, bra, men savne ei glisande Brit so blir tatt bilde av med maten sin;)
SvarSlettHaha, neste innlegg var så og seie klar til publikasjon før du skreiv denne kommentaren;) Svarar maiskolbebiletet til forventningane?
SvarSlettDamen som tar permanent ser mer ut som hun er til EEG undersøkelse på en Nevrologisk avdeling. Det ser omtrendt slik ut når en skal registrere epileptisk aktivitet i hjernen :-))) Ellers ser jeg for meg neste profilbilde på FB : Brit har erobret en rosa Cabriolet ;-) Svigermorklem ;-)
SvarSlett