søndag 12. september 2010

Madison, Wisconsin

Før me tok fatt på Route 66, ville me køyre oppom Madison, der Anne Therese er au pair. Dette er ei søt venninne og kollega av Marta, og ho tok seg god tid til å vise oss rundt. 


Marta, Anne Therese og pusen hennar

The Capitol Building

Viss du ser skikkeleg godt etter, så skimtar du ein statue bak oss;) Eg presenterer herved Hans Christian Heg. Meir  info enn det som er på biletet under har me ikkje, men norsk var han, det skal han ha!


 Som dykk ser av bileta, fekk me sett oss om i området der ho held til, samt besøke Stoughton. Sistnevnte er ein «norsk» by med norske flagg i gatene, vikingfigurar og rosemaling. Her budde det ikkje mange sjelene, men Anne Therese kunne fortelle at 17. mai kvart år kjem det folk frå heile landet, som på ein eller annan måte har tilknytning til Norge, reisande i hopetal til denne plassen for å feire Noregs nasjonaldag. Og det heile tre dagar til ende! Kanskje det er her me bør leggje neste års 17.mai-feiring..?

Norske og amerikanske flagg hang annankvar nedover hovedgata

Maleri på ein husvegg

Saman med Anne Therese hadde me ein innhaldsrik kveld, og me er glade for at ho tok seg tid til å vise oss rundt i "sitt" område i Wisconsin. Takk!:)

1 kommentar:

  1. Ser ut som dere har en super tur:) Kjekt med blogg! Vi gleder oss til besøk i Santa Barbara:)

    SvarSlett