torsdag 9. september 2010

Velkommen!

(bilete lånt frå ferieportalen.com)

Etter div. hyggelege etterspurnadar har eg vedteke å opprette denne bloggen, som ein type «open dagbok» til dykk der heime som ynskjer å følgje med på stort og smått frå vår nye kvardag i uniten. Innlegg vil bli posta uregelmessig, sporadisk eller etter behov.

Først litt bakgrunnsinformasjon, for dei som ikkje har fått med seg alt (det er i grunn godt gjort av dei som har klart å hengt med i svingane, for det har skjedd mange endringar underveis).

Team Espen&Brit skal altså tilbringe eit skuleår i California, nærare bestemt Santa Barbara. Espen skal ta 4. året av si 5-årige ingeniørutdanning ved University of California, Santa Barbara, medan eg skal i første omgang ta 30 studiepoeng i arbeids- og organisasjonspsykologi ved Universitetet i Bergen no fram til jul. «I Bergen?» undrar du kanskje no. Ja, det stemmer. Min plan er å lese på eigahand (dvs ikkje følgje forelesningar, slik som normale studentar gjerne gjer), og reise heimom ein tur i desember for å ta eksamen. Eg tek denne varianten for å bevare venskapet med lånekassen, samtidig som eg ynskjer å gjere noko fornuftig medan eg er her borte. Ei tredje side av denne planen er at eg då også får heimom ein tur og sjå om mine kjære der. Bonus! Neste semester ventar 30 nye studiepoeng, men eg har ikkje bestemt meg for kva fag eg skal ta enda.

Nokre undrar gjerne på kvifor eg endte opp med å utsette masterstudiet eg har planar om å ta, og grunnen til det er at om eg skulle byrja rett på ei mastergrad dette semesteret, måtte eg tatt begge åra anten i Trondheim eller i Santa Barbara. Ingen av dei alternativa var særleg aktuelle. Eg var også så heldig at eg kunne fått jobba 100% som sosionom i Trondheim det kommande året, men etter eit par runder i tenkjeboksen fann me ut at det var det beste for begge partar at me gjekk for Eventyr California, og det saman. Så då pakka me snippeska (med god hjelpa av Trondheimsvener og Stordvener, -takk!), reiste heim for å jobbe heile sumaren gjennom, og satte nasegreva sør-vestover.

Men her kjem ein liten twist: Den kvinnlege delen av teamet reiser fem dagar før sin betre halvdel, saman med søstera og hennar betre halvdel. For medan Espen tek ansvar og reiser direkte til Santa Barbara for å fikse praktiske ting, slik som f.eks husvære, reiser Brit m/følge til Chicago. Der finn dei starten på den røynde Route 66, og planen er å fylgje den til dei finn Espen i andre enden. Men først legg me inn ein liten kunstnerisk fridom og svingar oppom Madison for å møte ei venninne av Marta, samt Minnesota der me har slektningar. SÅ peilar me oss inn på Modervegen att, og køyrer i retning Santa Monica, der denne endar. Vel framme på vestkysten skal storesyster levere frå seg veslesyster i Espen si varetekt, før ho og Dagfinn må seie seg ferdig med årets ferie og set seg på eit fly heim att til kvardagen. 


Team Espen&Brit derimot skal skape seg ein ny kvardag i Santa Barbara, og det er det denne bloggen hovedsakleg skal handle om. Eg vil freiste å presentere eit overblikk, dele øyeblikk og gi innblikk i stort og smått me finn på det kommande året. 

God leselyst!

1 kommentar:

  1. gratulera som bloggar (igjen) nynorsktryne! (håpe da går bedre med dinna...) glede meg te følga med på den. e godt eg får holdt litt styr på deg. god reisa og nyt livet! klem fra ein god venn.

    SvarSlett