søndag 19. september 2010

Vegen vidare

Etter me køyrde frå Minnesota peila me oss sørover i retning Route 66. Den startar eigentleg i Chicago, men sidan me allereie hadde vore der,  valgte me å ta den kortaste vegen ned til Modervegen, og sikta oss difor inn på Bloomington i Illinois. Dermed "mista" me dei fyrste metrane av ruta, men i fylgje våre Route 66-bøker og nøye vurdering, fann me ut at me vann både tid og opplevingar med å gjere det på denne måten. 


Me hadde opprinneleg bestilt  ein vanleg 5-setar, men då me skulle hente leigebilen i Chicago, var den bilen på service. Då fekk me valget om å anten vente på den, eller leige ein svær 7-setar til same prisen, Treng eg sei meir? 


Me fekk ein stor og romsleg bil, så forholda låg godt til rette for fine dagar på vegen


Noko av det første som møtte oss på vegen sørover var denne koselege helsinga: 


Koseleg, men dog spesielt, midt i tjukkaste USA


Amerika har mykje å by på, også vakker natur




Vel framme i Bloomington la me oss inn på eit motell, slik at me var klare for å ta fatt på Route 66 dagen etter, endeleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar