mandag 13. september 2010

Dakota, Minnesota.

No er me komen til fredag allereie, og etter eit triveleg besøk heime hos Anne Therese, vende me nasene nordover. Me skulle nemleg besøke våre slektningar som bur i Dakota, Minnesota.

Litt historie: Vår oldemor (mor til morfar) hadde tre sysken som reiste til USA i nittenhundrogdentid. Etter ankomst fekk eine av desse ei dotter, Elsie, og Elsie har alltid følt sterk tilknytning til Noreg.

Elsie og mannen hennar Wayne (er litt usikker på om det er slik han skriv namnet sitt, men me seier det for no)
To koselege mennesker!

Saman med mannen har ho vore i Noreg fleire gonger. Forrige besøk var i 2001, og då var også to av borna, Sarah og Steven, m/ektefeller med. Fleire år tidlegare hadde Marta eit ynskje om å ha kontakt med våre amerikanske slektningar, og sendte eit brev til Sarah. Eit vennskap blei etablert, og årleg sendte dei julekort o.l. til kvarandre. Sarah har kvar gong presisert at me er hjartans velkomne til å besøke dei. Då me avgjorde at me ville ta denne turen, sende Marta ein mail til Sarah og hennar familie, og for å gjere ein lang historie kort: på 3 dagar viste dei oss at blod er tjukkare enn vatn, og at det ikkje spelar noko rolle om me er søskenbarn, tremeningar, eller firmeningar til barna hennar (slik som i vårt tilfelle)!

Me fekk verdas varmaste velkomst av Sarah, mannen hennar Jake, og deira to born, Hayden (6 år) og Åsta Brynhild (4 år). Foreldra ville at minstejenta skulle ha eit norskt navn, men for enkelhets skuld bruker ho kun Åsta i kvardagen, som utalast Asta.

Dagfinn, meg og Marta saman med den flotte familien me fekk vera ein del denne helga

Me fekk sett litt rundt i området, og besøkte bl.a. ein gard der dei selte epler, graskar og andre gode saker


Eventyrstund om medbragte norske troll, medan fantastisk mat vart trylla fram på kjøkenet

Heile familien fekk oss verkeleg til å føle oss som ein av dei, og Sarah presenterte oss som «her cousins from Norway» då me møtte folk ho kjende. Mange av dei me møtte visste forresten om oss på førehand, og kom bort for å helse på oss. Sarah og Jake gav oss omvisning i deira lokalsamfunn, og heile storfamilien (dvs. Elsie og mannen hennar, og deira 3 born m/ektefeller og born) samla seg for å gjere vårt opphald best mogleg.

Heile storfamilien samla

Elsie snakkar faktisk veldig bra norsk (spesielt med tanke på at ho aldri sjølv har budd i Noreg), men hadde nokre spørsmål likevel

Lørdagskvelden samla alle saman seg rundt eit bål, og me blei sittande og snakka til langt etter mørket braut fram. 


Bonfire

Me fekk smaka grilla marshmallows, skvist mellom to kjeks, og med sjokolade eller peanøttsmør på.
Søtt og godt!

Søndags morgon fekk me vere med i den lokale kyrkja, der både Elsie og Wayne var aktive under Gudstjenesta.


Grandpa er klokkar, og Åsta ser etter at alt går rett føre seg..

Så etter 3 innhaldsrike og kjekke dagar var det med tårer i augene me satte oss i bilen og køyrde bort frå den vesle garden deira. Åsta hang rundt halsen vår då me skulle fere, og Sarah klemte oss hardt og lenge <3

På gjensyn..

...hard to say goodbye...

Me hadde nokre fantastiske dagar saman med fantastiske mennesker. For å understreke dette kan eg fortelje at dei sendte med oss ein pose med heimelaga kjeks, melon og brød, samt orda «på gjensyn!».

1 kommentar:

  1. Awsome..virker som dere koser dere maks! Det innlegget der er jo som dratt ut av en amerikansk film :)

    Kos dere masse videre!

    Hilsen anonyme Andreas!

    SvarSlett