onsdag 29. september 2010

Oklahoma

Dag 9 begynte me på eit museum som skulle dekke det meste av cowboy- og indianerhistorie. Det byrja bra, med eit gjensyn med ein gamal kjenning:

Så det var her han sat, Abraham Lincoln,
 medan me vitja han

Så rota me oss bort i ein avdeling med mykje flott kunst. Det var måleri etter måleri, og me beundra dei ei god stund. Blant anna vart me godt imponert over han her:

Kunst

Etter endå fleire måleri, og endå nokre til, vart me brått lei av å vera vaksne og kultiverte, og tenkte "var dette det einaste dei hadde å by på?". Men heldigvis for oss oppdaga me at det var det fleire avdelingar på museumet. Blant anna fann me ei piggtrådsamling!

Fascinerande!

Ikkje visste eg at det fantes meir enn 3 forskjellege pigtrådar, men her lærte eg noko nytt! Her var det sikkert fleire tusen, og det skal visstnok vere eit heilt eige piggtrådmuseum ein eller anna plass i nærleiken. Me tok oss desverre (?) ikkje tid til å gå innom der.

No trudde me igjen at me hadde sett det som var å sjå, men på veg ut snubla me over ein heil liten cowboylandsby! Her likte me oss, og vips var to nye timar gått. Me levde oss godt inn i lokalsamfunnet, og prøvde å forestille oss korleis det var å leve der.







Så var det på tide å køyre vidare, og å finne oss ein plass der me kunne få i oss litt mat. Ifølge "Route 66"-boka vår var Ann's Chicken Fry House verdt eit besøk. Og eg er glad me fylgde det rådet, for det var litt av ein plass!






Bilete seier nok ein gong meir enn tusen ord. Dette var altså ei lita vegkro som verkeleg hadde sitt særpreg! Veggane var nemleg dekka av bilete, skilt og gjenstandar frå 50- og 60-talet. I tillegg hadde alle (?) tidlegare gjester skrive navnet sitt, eller ei helsing, rundtom på murveggane. Som dykk ser, har det vore mange besøkande!




Me fekk også utdelt ein kvit tusj, slik at me kunne finne oss ein ledig flekk å skrive på. Det var ikkje så lett, men til slutt såg me oss ut ei ledig rute.

Dagfinn i aksjon

Sjå etter namna våre om du skulle stikke innom

Då eg skulle på do, fann eg fleire ledige plassar innerst i gongen. Eg valgte å uttrykkje meg på ein av dei:




Til og med toaletta hadde særpreg. Faktisk slik at me måtte ta bilete av det  (ingen kommentar takk, IdaM!).


Fine, huh?!

Etter at me hadde knipsa, peika, ledd og glodd oss ferdige her (og ja, me hugsa å ete litt også, såvidt), var det igjen å finne riktig veg mot vest. Av og til var det lettare sagt enn gjort.

?!

Men kvar gong klarte me (ved god hjelp av skilt, GPS og mi kjære kartbok) å leite fram gamlevegen. Og den viste seg stadig frå si beste side:




Men samme kor sjarmerande Route 66 var, måtte me av og til la motorvegen komme oss til unnsetning. Dette både for å spare tid, og skåne bilen for dårleg underlag. Også Interstate-vegane kunne vere fine å køyre på.






Nok ein dag var gått forrykande fort, og me stoppa i Elk City for natta. Då hadde me lagt nesten heile Oklahoma bak oss, og dagen etter var me klare til å ta fatt på New Mexico.


4 kommentarer:

  1. Eg savne fortsatt litt da obligatoriske Brit+maten sin-bildet;)

    SvarSlett
  2. haha em, good one!

    men du brit? vitjing? seriøst?

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Haha Merethe, -då eg las den kommentaren hadde eg allereie funne fram eit matbilete som skal vere med på neste innlegg;) Eg har sjølvsagt ein del av dei på lager, men grunna frykt for å bli mobba, har eg unngått å posta dei her:p Men det gjer godt langt inn i hjarterota når det faktisk vert etterlyst! Du er ein sann ven!;) Stay tuned!

    Og ja Åslaug. Skriv ein nynorsk, så skriv ein nynorsk;) Eg har framleis barneskulelærdomen friskt i minne: Ingen be-byrjing, ingen -else-ending. Ved enkelte høve vel eg likevel å fire på krava, men eg tykkjer "å vitja" er slik eit vakkert verb!
    ;)

    SvarSlett